Einskap

Vårt Land melder at patriark Kirill, den øvste leiaren for den russisk ortodokse kyrkja, har vore i møte med generalsekretær Olav Fykse Tveit i Kirkenes Verdensråd (KV). Der skal han, i fylgje Fykse Tveit, ha kome med åtvaringar til KV. Patriarken var mellom anna “uroleg for at fleire protestantiske kyrkjer endrar si holdning til og gir meir rom for homoseksualitet og at avstanden mellom kyrkjesamfunna aukar.”

Økumenikkens mål har alltid vore einskap, men den kristne einskapen er ikkje berre sosial eller sosiologisk — den er og må vere teologisk og liturgisk forankra. Dei fyrste kristne hadde fellesskap, kommunion eller κοινωνία, som det heiter på gresk. Det greske κοινωνία og det latinske communio, skriv Ola Tjørhom, “lar seg bare et stykke på vei oversette ved hjelp av det norske ordet «fellesskap». For i denne forbindelse handler det om et fellesskap som innebærer en helt konkret delaktighet. Innenfor communio-fellesskapets rammer eksisterer vi ikke bare side ved side, vi får også del i hverandre med alt det vi er og har.”[1] Vi er kalla til å vera eitt. Om dei fyrste kristne les vi: “Og dei heldt seg trufast til læra åt apostlane og til kommunionen[2]; til brødsbrytinga og til bønene.”[3] Det som karakteriserar kristendommen er altså lære, kommunion, nattverd og bøn. Nattverden, evkaristien, er tett knytt til kommunionen. Den er, saman med dåpen, det som skapar og konstituerar kyrkja. Som Harald Hauge med rette påpeikte i ein annan diskusjon, så er kyrkja sin konstitusjon forankra i fortid — i Kristi forsoningsverk.[4] Men som det var med den fyrste skapinga slik er det også med nyskapinga: det er ikkje ‘nok’ at det eksisterer abstrakt eller som ein tanke; det må setjast i verk. Dette skjer fyrst og framst i dåpen, og vert vidare halde oppe ved evkaristien.

Men kva kjenneteiknar denne einskapen? Ser vi på Bibelens vitnemål må vi konkludere med at ein sosial eller sosiologisk einskap ikkje vil halda mål. Paulus kallar kyrkja for Kristi kropp — med Kristus som hovud. “Og alt har han lagt under hans føter, og han har gjeve han som hovud over alle ting åt kyrkja, som er hans kropp, fullnaden til han som fyller alt i alle.” (Ef 1,22f) “Men medan vi er trufaste mot sanninga i kjærleik skal vi, i eitt og alt, veksa opp til han som er hovudet, Kristus.” (Ef 4,15)

Ein kropp er konkret, synleg og handfast. Ikkje konturlaus, usynleg og uhandgripleg. Difor er det viktig å understreke at den einskapen vi er kalla til å ha er ein konkret einskap som ikkje berre er noko som dei ‘innvidde’ kjenner til,[5] men som er synleg for andre. I Joh 17,20-21 ber Kristus til Faderen: “Og eg bed ikkje berre om desse, men om alle dei som trur på meg ved deira ord;[6] at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg; at dei må vera i oss slik at verda skal tru at du har sendt meg.”

Vi må vera eitt for at verda skal tru at Faderen har sendt Kristus. Den einaste måten verda kan sjå det på er om vi faktisk har ein synleg einskap. Einskapen er essensielt, og ein del av kyrkja sine fire hovudteikn. I Nikenum vedkjenner vi trua på “éi heilag, katolsk og apostolisk kyrkje.” (Kyrkja sine hovudteikn er altså einskapen, heilagdomen, katolisiteten og apostolisiteten.)

Men dette betyr når alt kjem til alt at våre protestantiske eksperiment har feila — noko som også kjem fram i patriark Kirill sin klare tale til Fykse Tveit. Vi kan ikkje ha lære- og livpluralisme i kyrkja. Dette betyr at den protestantiske tanken om ei ‘usynleg’ kyrkje ikkje held vatn. Dersom ein tolkar kyrkja sitt kroppslege vesen til å bety at ho er ‘usynleg’ vil ein vere ein ekklesiologisk doketist.[7] Nei, vi må søka einskapen der han er å finna!

Noter:[1] Ola Tjørhom, Kirkens enhet – for at verden skal se og tro: En innføring i økumenisk tenkning. Oslo: Verbum 2005, s. 102

[2] Gr.: κοινωνίᾳ (fem., sing. dativ).

[3] Om ikkje anna vert nemnt i teksten så er vera omsett av underteikna, med eit språkleg utgangspunkt i 1978/85 og NT05.

[4] Dette er ikkje berre i fortid; Kristus står no for truna og ber for oss. Vidare vil eg påpeike at forsoningsverket ikkje må reduserast til å berre handle om krossen. La heller inkarnasjonen, ikjøtinga, vere utgangspunktet.

[5] Alle kan ikkje kjenne til alt i kyrkja sitt liv, eg snakkar her hovudsakleg om kyrkja sin einskap og folk sin kunnskap om at ho finst.

[6] ‘Deira ord’ viser her til apostlane. Vi las oppfor, frå Apg 2,42, at dei fyrste kristne, mellom anna, “heldt seg trufast til læra åt apostlane.” Dette betyr ikkje at ordet har sitt opphav i apostlane, men i Kristus. Vi kunne kanskje i ei meningsomsetjing omsett verset slik: “Og dei heldt seg trufast til læra dei fekk gjennom apostlane…” Apostlane overleverte, traderte, Kristi lære.

[7] Ein kristologisk doketist (av gr. δοκέω, ‘å syne som, tilsynelatande’) er ein som hevdar at Kristus berre tilsynelatande var kroppsleg (og menneskeleg). Ein ekklesiologisk doketist er ein som hevdar at kyrkja berre tilsynelatande er kroppsleg.

One comment on “Einskap

  1. […] [8] For å lese litt om naturen til denne einskapen, sjå denne bloggposten. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s