Språkleg småplukk: Å vedkjenne

I Hebr 3,1 les vi: “Difor, heilage sysken[1] som er deltakarar i det heilage kallet, ansjå Jesus, den apostel og øvsteprest som vi kjennest ved.”[2] Fordi eg skriv på norsk må eg ofte bruke verb der den greske teksten har substantiv.[3] I den greske teksten står det “…κατανοήσατε τὸν ἀπόστολον καὶ ἀρχιερέα τῆς ὁμολογίας ἡμῶν Ἰησοῦν.” Direkte omsett til eit nærast ubrukeleg norsk vert det: “…ansjå apostelen og øvstepresten åt vår vedkjenning, Jesus.” I dei fleste engelske omsetjingar står det “…of or confession.”

Grunnen til at eg har stoppa opp med dette ordet er at eg vil ta for meg kva vedkjenninga er for noko. Det greske ordet er ὁμολογία. Det kjem av to greske ord, ὁμός (‘lik, samme’) + λέγω (‘å snakke, seie, prate’). Å vedkjenne vil då altså bety ‘å seie det same som…’ Når vi kristne vedkjenner trua på Kristus som Herre så seier vi det same som Gud; vi vedkjenner oss til det han har openberra for oss. Men det stoppar ikkje der. For ὁμολογία er i aller høgste grad også eit ekklesiologisk omgrep. Når vi, i messa, vedkjenner trua på (t.d.) Kristus som “Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud” så står vi der som del av ei større, ålmenn, universell — katolsk — kyrkje. Vi seier det same som fedrane på Nikea-konsilet.

Men ein ting eg synst er fint med det norske, og kanskje spesielt det nynorske, språket er det har ein ‘mangel’ på substantiv — spesielt i høve til gresk og latin. Grunnen til min fascinassjon av dette er at vi endar opp med å måtta lage verbformer av ei rekkje substantiv. Det klaraste dømet er ὁμολογία, som er eit substantiv som tyder ‘vedkjenning.’ Vi må derimot omsetje det med “…som vi kjennest ved.” Dette meiner eg er ein god ting, fordi det får fram at dette ikkje er noko ‘abstrakt’; det er noko vi gjer, det er aktivt. Vi vedkjenner Kristus, vi kjennest ved han, vi seier det same som han — og som kyrkja til alle tider.

Noter:

[1] Det greske ordet er ἀδελφοὶ, vokativforma av ἀδελφός, ‘bror.’ Men ‘bror’ vert ofte, både på gresk og hebraisk (og engelsk og norsk) brukt som eit fellesomgrep for begge kjønn. Tenk på substantivet man på engelsk.

[2] Dette er mi eiga omsetjing, ut frå NA27 (Novum Testamentum Graece (Nestle-Aland), utg. 27. Stuttgart: Deutsche bibelgesellschaft 1993)

[3] Dette gjeld meir nynorsk enn bokmål, slik eg ser det. Men i dette tilfellet gjel det båe to.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s