Aposteldagen

I dag, i Den norske kyrkja, feirar vi aposteldagen; dagen der vi minnast Kristi kalling av apostlane og hans stifting av apostelembetet. Det eg vil i dag er å reflektere litt over embetet i kyrkja, med utgangspunkt i dagens tekst — og i lys av kristen paktstenking. Men fyrst; preiketeksten.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Matteus i det 16. kapitlet.
Ære vere deg, Herre.

13 Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han disiplane sine: “Kven seier folk at Menneskesonen er?” 14 Dei svara: “Somme seier døyparen Johannes, andre Elia, og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.” 15 “Og de,” spurde han, “kven seier de at eg er?” 16 Då svara Simon Peter: “Du er Messias, den levande Guds Son.” 17 Jesus tok til orde og sa: “Sæl er du, Simon, son av Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. 19 Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.” 20 Så forbaud han disiplane strengt å seia til nokon at han var Messias.

Slik lyder det heilage evangeliet.
Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

I dag skal eg stoppa opp med v. 17-19. Etter at Peter (v. 16) vedkjenner at Kristus er “Messias, den levande Guds Son,” seier Kristus: “Sæl er du, Simon, son av Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.” Eg vil i dag forkusere på tre viktige punkt i teksten:

  1. Vedkjenninga sitt innhald er openberra av Faderen
  2. Peter er fjellet som Kristus byggjer si kyrkje på
  3. Peter får nøklane og nøklemakta

1. Vedkjenninga sitt innhald er openberra av Faderen

Eit særs viktig poeng er at Peter ikkje har rasjonalisert seg fram til at Kristus er den han er; dette er noko som er opemberra for han av Faderen. Dette er ei vedkjenning; noko ein ikkje finn på sjølv. Det greske substantivet som er omsett med ‘vedkjenning’ (eller t.d. ‘kjennest ved’ dersom ein bruker verb-form i omsetjinga) er ὁμολογία (homología). Det betyr eigentleg å seie det same som, av gr. ὁμός (homós; ‘lik, same’) + λέγω (légå; ‘å snakke, seie, prate’). Når Peter vedkjenner at Kristus er “Messias, den levande Guds Son,” seier han djpast sett ‘berre’ det same som Faderen; han overgjev oss det som har vorte openberra for han.

Dette er også viktig i forhold til embetet. I eit foredrag om kyrkjeleg fellesskap skriv Dag Øivind Østereng at “Kirkens Herre har ikke grunnlagt kirken på kvaliteten av presteskapet, men på det store depositum han har betrodd kirken, og dermed også presteskapet.”[1] I Confessio Agustana (CA) 5 les vi at det “er skipa ei teneste med å læra evangeliet og gje sakramenta”[2] for at vi skal kunna komma til den rettferdigjerande trua. (jf. CA 4). Ordet ‘teneste’ er ei omsetjing av det latinske ministerium. Men i den tyske teksten har dette vorte meir spissa, ved at ein har valt uttrykket predigtamt; ‘preikeembete.’ Her ser vi det Østereng snakka om; at presten er sett med eit forvaltar ansvar for ‘det store depositum‘ — det Herren har overlate oss ved apostlane. Vi les i Apg 2,42 at dei fyrste kristne mellom anna “heldt seg trufast til læra åt apostlane.” Dette betyr ikkje at ordet har sitt opphav i apostlane, men at dei overleverte det dei fekk frå Kristus. Dei overleverte, traderte, Kristi lære.

Men det er viktig at vi ikkje let dette verta forstått reduksjonistisk. Bjarne Weider skriv:

Selve uttrykket Predigtamt kan kanskje være noe misvisende. Det må ikke tas i altfor snever betydning. Embetet omfatter mer en ordets forkynnelse. Det ligger heller ikke i det noen gradering av forholdet mellom prekenen og sakramentene, enn si noen tilsidesettelse av sakramentene. Ordets forkynnelse og sakramentenes forvaltning er uttrykk som står parallelt i Bekjennelsen. Innholdet i Predigtamt bestemmes ved disse ord: lære, preke og forkynne Guds ord, døpe, konsekrere og forrette nattverden, binde og løse i synder, be for andre, helliggjøre og dømme i alles læresyn og ånder (fra De instituendis ministris Ecclesiae). Her er, som en ser, foruten sakramentforvaltningen også sjelesorgen med.[3]

Eg skal her konsentrere meg om dei fire hovudmomenta: (1) å læra, preika og forkynna Guds ord; (2) å døypa; (3) å vigsla og forretta nattverden; og (4) å binda og løysa i synder. Desse fire har alltid vore ein del av presteembetet, og eg trur vi ser det hjå Paulus. I Rom 15,15-16 skriv han om “den nåden som er gjeven meg av Gud, at eg skal vere Jesu Kristi tenar[4] for folkeslaga medan eg gjer presteteneste med Guds evengelium, slik at folkeslaga kan verta eit offer som han har hugnad i, helga ved den Heilage Ande.” Paulus gjer presteteneste med evangeliet. Og det må vere meir enn å berre forkynne det, for presteomgrepet er vidare enn det. Det må, som Weider påpeiker, ikkje forståast reduksjonistisk, men det må forståast i sin fullnad.

Men poenget, som Palus så fint uttrykkjer det, er at dette ikkje er noko han eller andre apostlar, biskopar eller prestar har kokt i hop sjølv, men det skjer på grnn av Guds nåde, og det er openberra av Gud. Apostlane er postmenn, ikkje avsendarar. Med det går vi vidare til neste punkt.

2. Peter er fjellet som Kristus byggjer si kyrkje på

Det gjer ingen språkleg meining å skulle tolka dette verset til at Peter ikkje er fjellet (berget/klippa). Mange påstår at Πέτρος (Pétros) betyr ‘del av ei klippe,’ medan πέτρᾳ (pétra) betyr klippe. Jesus sa nemleg: “Og det seier eg deg: Du er Peter [Πέτρος], og på dette fjellet [τῇ πέτρα] vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.” Men i Koiné-gresk er det ingen distinksjon mellom Πέτρος og πέτρᾳ. Det er meir nærliggande å seie at Kristus brukte Πέτρος som namn, då dette er hannkjønnsform. Ein ville ikkje kalla Peter for πέτρᾳ.

Men det betyr ikkje at han var perfekt eller feilfri, for Gud vel ikkje ut sine utsendingar på bakgrunn av deira perfeksjon. Nei, han var sett til å vere Guds representant, og dette var han utelukkande på bakgrunn av Guds openerring — og den nåden han fekk. Her kjem den kristne paktforståinga inn. I fylgje den episkopale/anglikanske ‘hjelpebiskopen’ Ray Sutton[5] er det fem vikige punkt i kristen paktstenking som alle har sin plass:

  1. Sann transcendens
  2. Hierarki
  3. Etikk
  4. Sanksjonar
  5. Framhald

Kort forklart: (1) Gud er transcendent, og distinkt frå skaparverket. (2) Gud openberrar seg ved ein synleg autoritet, t.d. ved apostelkollegiet eller bispekollegiet. “They mediate His judgments,” skriv Sutton. “To reject them is to reject God’s judgment.”[6] (3) Ein skal fylgje Guds lover, halda ut i pakta. (4) Det finst sanksjonar for å bryte pakta. (5) Det er framhald i pakta, både generelt for dei som fylgjer pakta (alle kristne) og dei som er sett som leiarar (jf. pkt. 2). Mitt fokus i dag vil vere på punkt 2 og 5.

Punkt 2 set fokus på at vi treng autoritativ overlevering av Guds depositum. Enkelte innvender at Gud kunne gjeve dette til den einskilde kristne. Og det er sjølvsagt korrekt. Gud kunne gjeve dette til den einskilde. Men det er forskjell på å spekulere over kva Gud kunne gjort, og det Gud har gjort. Skrifta er klar: Apostlane vart sett til som autoritative leiarar, med Peter i spissen (Matt 16,18f; Luk 10,16; Apg 2,42, etc.) Og dette embetet held fram, det er ein kontinuitet, jf. pkt. 5. Men kva med innhaldet i Peters apostolat? Det ser vi i tredje, og siste punkt.

3. Peter får nøklane og nøklemakta

Nøklemakta er ein viktig del av den kristne overleveringa, i fylgje Luther.[7] Men kva er eigentleg nøklemakta? Før eg går direkte inn på det vil eg ta for meg ein tekst som har vorte brukt som ein profeti — eller i alle fall ein type — på det petrinske embetet; Jes 22:20-22:

Den dagen vil eg kalla på tenaren min, Eljakim, son til Hilkia. Eg skal lata han verta kledd i din kjortel, spenna beltet ditt om han og la han få den makt og mynd som du hadde. Han skal vera ein far for dei som bur i Jerusalem og for huset åt Juda. Eg legg nøkkelen til Davids hus på aksla hans. Når han lèt opp, skal det ikkje latast att; og når han har lèt att, skal det ikkje latast opp.[8]

David kan seiast å vera ein type på Kristus; han var konge i Israel, Kristus er verdsens konge. (Eller ‘kongane sin konge,’ for å bruke eit velkjent omgrep.) Difor kan også Eljakim vera ein type på Peter. Han var ‘slottshovdingen’ åt David; han hadde overoppsyn med slottet (2Kong 18,18).[9] Han ser også ut til å ha vore prest (Neh 12,41). Dette er interessant. For Peter er då i ei liknande situasjon; for det fyrste er han slottshovding for Kristus. For det andre er han prest. Ein skal sjølvsagt ikkje dra for mange parallellar mellom det gamaltestamentlege og det nytestamentlege presteembetet, men levittane hadde mange av dei oppgåvene som er vorte gjeve til apostlane og personar som dei ordinerte; dei som vart sette inn i tenesta som prestar, biskopar og diakonar.

Tilbake til saka. Som vi ser av Matt 16 fekk Peter nøklemakta; makta til å binda og løysa. Har denne makta noko ekvivalent i jødisk tankeliv (bortsett frå den eventuelle profetien/typen i Eljakim)? I the Jewish Encyclopedia sin artikkel om binding og løysing ser vi at det er det:

The power of binding and loosing was always claimed by the Pharisees. Under Queen Alexandra, the Pharisees, says Josephus (“B J.” i, 5, § 2), “became the administrators of all public affairs so as to be empowered to banish and readmit whom they pleased, as well as to loose and to bind.” This does not mean that, as the learned men, they merely decided what, according to the Law, was forbidden or allowed, but that they possessed and exercised the power of tying or untying a thing by the spell of their divine authority, just as they could, by the power vested in them, pronounce and revoke an anathema upon a person.

Det mest interessante i artikkelen kjem likevel seinare, når dei skriv om NT:

In this sense Jesus, when appointing his disciples to be his successors, used the familiar formula (Matt. xvi. 19, xviii. 18). By these words he virtually invested them with the same authority as that which he found belonging to the scribes and Pharisees who “bind heavy burdens and lay them on men’s shoulders, but will not move them with one of their fingers”; that is, “loose them,” as they have the power to do (Matt. xxiii. 2-4). In the same sense, in the second epistle of Clement to James II. (“Clementine Homilies,” Introduction), Peter is represented as having appointed Clement as his successor, saying: “I communicate to him the power of binding and loosing so that, with respect to everything which he shall ordain in the earth, it shall be decreed in the heavens; for he shall bind what ought to be bound and loose what ought to be loosed as knowing the rule of the church.”

Kyrkja har altså ikkje berre retten til å dogmatisere; til å seie kva som er sant og ikkje i religiøse, filosofiske og moralske spørsmål. Ho kan også seie kva som er rett i høve til høgtidsdagar. Dette kan også underbyggjast vidare, slik eg ser det, ved å argumentere for at Kyrkja — som ein verdsvid familie — kan binda sine familiemedlammar til einskilde høgtider. Ville nokon t.d. seie at det er ‘autoritativt’ (negativt sett) å binde borna til å feire fødselsdagen til mor (eller omvend) eller å binde foreldra til å ta del i ein forballkamp som borna speler? Alt dette er høgtid for familien.

Med det let eg tema ligge. Lat oss be:

Evige Gud, du som kan bruka veike og syndige menneske i di teneste, vi takkar deg fordi du kalla apostlane og grunnla di kyrkje på jorda. Hjelp oss alle å tena deg med dei nådegåver og evner du har gjeve oss, så vi saman kan byggja kyrkjelyden vår på den eine sanne grunnvollen, Jesus Kristus, din Son, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande, lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[10]

Noter:[1] Dag Øivind Østereng, “Kirkelig fellesskap — med hvem — om hva?” Foredrag til innledning ved seminar på Fjellhaug, 14. februar 2007 [Henta: 03.07.2010]

[2] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 47

[3] Bjarne O. Weider, Kallet og tjenesten: Pastoralteologiske prinsippspørsmål. Oslo: Lutherstiftelsen 1969, s. 9-10. Mine uthevingar.

[4] Gr. λειτουργός, ‘liturg, tenar.’

[5] Ray R. Sutton, That you may prosper: Dominion By Covenant. Tyler, TX: Institute for Christian Economics 1987, s. 21-123, spes. s. 119-123

[6] Ibid., 120, jf. Luk 10,16.

[7] Sjå t.d. her

[8] Eg har omsett teksten sjølv, med utgangspunkt i språkføringa til Bibelselskapet si omsetjing av 1978/85.

[9] ‘Overoppsyn’ er det omgrepet som er brukt i omsetjinga av 2Kong 18,18 i Bibelen — Guds Ord (Nesbyen: Bibelforlaget 2007). Eg synst det er eit godt ord som ironisk nok passar godt til det petrinske embetet sett frå katolsk side. For den katolske kyrkja seier jo nettopp at paven har ‘overoppsyn’ i Guds hus; i kyrkja.😉

[10] Kollektøn for Aposteldagen, i: Gudstenestebok for Den norske kyrkja (del I). Oslo: Verbum 1996, s. 100

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s