Språkleg småplukk: πίστις Χριστοῦ

Av og til møter vi anten ordparet πίστις Χριστοῦ (pistis Christu) eller πίστις Ἰησοῦ (pistis Iæsu) i NT. Dette vert vanlegvis omsett med ‘Kristustru’ (‘Jesustru’) eller ‘tru på Kristus’ (‘tru på Jesus’). Men dette er ikkje den einaste måten vi kan omsetje dette på. På bibelsk gresk (koinégresk) har genitivkasusen mange bruksmåtar, då den har teke opp i seg ein del andre kasus. (På klassisk gresk (t.d. attisk, som ein snakka i Athen i ‘riktig gamle dagar,’ t.d. på Platon si tid) hadde ein ca. åtte kasus. Når koinégresk vart det vanlege (ca. etter Alexander den Store si tid) hadde ein berre fem, og ein måtte ‘fordele’ bruken av dei åtte på dei fem.)[1] Sidan ein snevra inn antall kasus — og det hadde ein nok gode grunnar til — vert dei resterande relativ innhaldsmetta.[2] Og difor vil det også føre med seg at ein genitivkonstruksjon kan omsetjast på forskjellige måtar.

Det eg skal ta for meg i dag er som sagt πίστις Χριστοῦ, og eg vil sjå på to måtar dette kan omsetjast på, og kva teologiske konsekvensar det kan ha. Eg vil ta utgangspunkt i Rom 3,21-22a. Den greske teksten seier:

21 Νυνὶ δὲ χωρὶς νόμου δικαιοσύνη θεοῦ πεφανέρωται μαρτυρουμένη ὑπὸ τοῦ νόμου καὶ τῶν προφητῶν, 22 δικαιοσύνη δὲ θεοῦ διὰ πίστεως Ἰησοῦ Χριστοῦ εἰς πάντας τοὺς πιστεύοντας.

Her ser vi den aktuelle genitivkonstruksjonen, i v. 22: πίστεως Ἰησοῦ Χριστοῦ (her står alt i genitiv). Eg skal her sjå på to måtar ein kan omsetje dette på der ein anten ser på konstruksjonen som ein objektsgenitiv eller som ein subjektsgenitiv.

Alt. 1: Objektsgenitiv

Vanlegvis omset ein denne genitivkonstruksjonen som ein objektsgenitiv. Då vert verset omlag slik:

21 Men no har Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, vorte openberra utanom lova, 22 og Guds rettferd er for alle truande, ved trua på/truskap til Jesus Kristus (διὰ πίστεως Ἰησοῦ Χριστοῦ).

Her ser vi at fokuset er på vår tru; at vi (dei ‘truande’) er subjektet. Men dette verset kan også omsetjast annleis.

Alt. 2: Subjektsgenitiv

Dersom genitivkonstruksjonen er ein subjektsgenitiv vert verset omlag slik:

21 Men no har Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, vorte openberra utanom lova, 22 og Guds rettferd er for alle truande, ved Jesu Kristi tru/truskap (διὰ πίστεως Ἰησοῦ Χριστοῦ).

Her ser vi at fokuset vert flytta; frå vår (dei ‘truande’ si) tru, til Kristus. Fokuset vert altså på Kristi tru eller på hans truskap. Eg trur dette siste (Kristi truskap) er ei minst like rett omsetjing som “trua på/truskap til Jesus Kristus.” Det er ingen motsetnad mellom dei, og begge er rett. Vi trur på Kristus, men denne trua på Kristus, har sin akgrunn nettopp i Kristi truskap. Kristus var tru og lydig der Adam var utru og ulydig.

Det var dagens språktankar. Eg vil anbefale alle som kan å ta koinégresk. Ein får eit heilt anna, og mykje djupare, forhold til Skrifta.

For å lese meir om πίστις Χριστοῦ, sjå her og her.

Noter:

[1] Dei fem kasusa i koinégresk er: nominativ (brukt om subjektet i setninga); akkusativ (brukt om objektet i setninga); dativ (brukt om det indirekte objektet i setninga); genitiv (brukt om eigedom, innhald, etc.); vokativ (brukt som tiltaleform). Les meir om dette i Bjørn Helge Sandvei & Ragnar Leivestad, Nytestamentlig gresk grammatikk. 3. utg. ved Bjørn Helge Sandvei. Oslo: Universitetsforlaget 1996, s. 162ff (§ 104-108).

[2] Dette gjeld i all hovudsak dativ og genitiv.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s