RE: Erstatningsteologi?

Eg har allereie skrive litt om dette temaet her. Og så tenkte eg å skrive litt meir.

I einskilde kristne krinsar opererer ein med omgrepet ‘erstatningsteologi.’ Dette vert brukt for å karakterisere kristne som set likskapsteikn (eller eit ‘uhøveleg’ stort slektskap) mellom Israel og kyrkja. Men no skal eg kaste inn ein liten brannfakkel: Kyrkja = Israel. / Israel = kyrkja.

Dette vert som sagt ofte kalla for ‘erstatningsteologi.’ Men det er eit tullete omgrep, skapt av dei som står på den andre sida. For ingen har vorte ‘erstatta.’ Dei fyrste kristne var jødar som trudde at Jesus var Messias — Kristus.[1] Forskjellen er no at Israel også er ‘opna opp’ for heidningane; det er ikkje lenger berre opent for etniske jødar. “For så mange av dykk som vart døypte til Kristus,” skriv Paulus, “har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann og kvinne; for de er alle eitt i Kristus Jesus.” (Gal 3,27-28)[2]

Å kalle dette for ‘erstatningsteologi’ er omlag som å seie at eit adoptert barn ikkje er ein verkeleg medlem av sin nye familie, men er del av ein ‘ny’ familie, medan den ‘gamle’ familien framleis eksisterar. Peter, ein jøde, sa (i Apg 4,12) at frelsa eine og åleine låg i Messias — i Jesus frå Nasaret. Tenk litt over det.

Noter:[1] Χριστός (Christos) er ei gresk omsetjing av Messias, som betyr ‘den som er salva.’

[2] Mi eiga omsetjing, med bakgrunn i NA27 og BDAG.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s