Heresi?

Kva er heresi? Ordet er ei fornorsking av det greske substantvet αἵρεσις (hairesis), som betyr ‘val,’ ‘fraksjon,’ ‘sekt,’ etc. Det kjem av det greske verbet αἱρέω (haireå) som betyr ‘å velje’ (‘eg vel’). Kjetteri betyr altså å velje ut noko, ein liten fraksjon av sanninga. Ut frå dette så kan vi seie at syndefallet var heresi, at mennesket sjølv ville velgje — utan tanke om det var sant eller ei. Men heresi tek alltid utgangspunkt i noko sant; men berre fraksjonar av den. Vi kan seie at heresi er avvik. Kim Fabricius skriv:

[I]f orthodoxy is the bull’s eye, heresy is, as Rowan Williams puts it, the “near-misses” — which actually help guide the church towards the target (cf. Schleiermacher’s reference to his own teaching on God as “inspired heterodoxy”). The early heretics were generally neither knaves nor fools but pious and passionate men, zealous for God, morally serious, scrupulously scriptural. They were very clever, but conventional, fetchers and carriers for the zeitgeist. Heretics like a “wrap”, and heresies are fastidiously neat and tidy, the product of minds stuck inside the box of common sense. “Consistency,” said Oscar Wilde, “is the last refuge of the unimaginative.” Unsurprisingly, then, heresy is aesthetically unattractive, even ugly.

Kjettarar er ikkje nødvendigvis vonde personar, men eg trur dei tenker altfor enkelt, dei tenker, som eg påpeika anten/eller, medan vi skal tenke både/og. Dømer på dette finn vi i dei klassiske heresia:

  • Gud: Den ortodokse posisjonen er at Gud er både tre og éin, dei uortodokse posisjonane seier at Gud er anten tre eller éin.[1]
  • Kristus: Den ortodokse posisjonen er at Kristus er både Gud og menneske, dei uortodokse posisjonane seier at Kristus er anten Gud eller menneske.[2]
  • Det kristne mennesket:Den ortodokse posisjonen er at det kristne mennesket er både syndar og rettferdig, dei uortodokse posisjonane seier at det kristne mennesket er anten syndar eller rettferdig.[3]

Her ser vi at det ofte er heresiet som er ‘dogmatisk’ (i negativ) forstand. Det er ikkje slik at ein kjettar[4] nødvendigvis er meir ‘frisinna.’

Synd er å ‘bomme på målet,’ og dette kan ein også seie om heresi, som Rowan Williams påpeiker.

Noter:

[1] For ei innføring i dette, les denne posten.

[2] For ei innføring i dette, les denne posten og denne posten.

[3] Her er posisjonane innanfor ‘ortodoksien’ litt spreidd. Lutheranarar, og mange andre protestantar meiner at mennesket er både syndar og rettferdig på ein litt spesiell måte. Vi har ‘den gamle Adam,’ oss sjølve, som må gå fortapt, og vi har ‘den nye Adam,’ som er vårt nye sjølv, som blir frelst. Dette er absurd, det betyr at ingen verkeleg blir frelst, det er berre v.2.0 som blir frelst.

Den katolske/ortodokse posisjonen er at Paulus bruker ‘den gamle/nye Adam’ som eit bilete, og at det betyr at mennesket er i ein lækjingsprosess, ein prosess der vi blir meir og meir lik Kristus, og mindre og mindre syndige.

“Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.” (2Kor 3:18)

“Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus. Sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, og jagar fram mot målet, mot den sigerskransen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.” (Fil 3:12-14)

[4] Uttrykket ‘kjetteri’ kjem frå katarane, ei kjettersk gruppe.

One comment on “Heresi?

  1. […] eg går inn på sjølve teksten vil eg kort ta for meg noko eg påpeika i ein annan tekst. Vi kan seie at det katolske eller ålmennkristne er middelvegen mellom to typar heresiar, t.d. i […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s