I dåpen er vi passive

Her ein kveld slo eg over på Visjon Norge, og kom over eit program. Der var det ein gjest, ein pinseven, som sa: “Eg døypte meg for x antall år sidan…”

“Døypte meg?!” Nei, du vart døypt, uansett om du var ung eller gamal. Dåpen er ikkje vårt verk, det er Guds verk, slik Paulus uttrykker det i Tit 3,5 (mi eiga omsetjing): “Han frelste oss, ikkje ved våre eigne rettferdige gjerningar, men etter sin eigen nåde, gjennom vassbadet til atterføding og fornying ved den Heilage Ande.” Her ser vi kanskje den store forskjellen mellom det baptistiske/pinsekarismatiske dåpssynet og det lutherske. (Samt katolske, ortodokse, anglikanske, etc.) Vi gjer ikkje noko i dåpen. Gud gjer alt!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s