Vel den gode delen!

16. sundag i det alminnelege kyrkjeåret

Dagens tekstar finn de her (Dkk). Eg vil i dag hovudsakleg ta for meg epistelteksten (Kol 1,24-28), med utgangspunkt i evangelieteksten (Luk 10,38-42). Men fyrst, lat oss lesa dei to tekstane (den gamaltestamentlege teksten kan de også lese).[1]

Det står skrive i Pauli brev til kolossarane i det 1. kapitlet.

24 No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno manglar i Kristi lidingar, det utfyller eg med min eigen kropp; eg lid for hans kropp, som er kyrkja. 25 Hennar tenar har eg vorte fordi Gud gav meg oppgåva som forvaltar hos dykk: å fullføra tenesta med Guds ord, 26 det mysteriet som har vore løynt gjennom alle tider og for alle ætter, men som no er openberra for hans heilage. 27 Gud ville kunngjera for dei kor rikt på herlegdom dette mysteriet er for folkeslaga: Kristus er mellom dykk, håpet om herlegdomen! 28 Det er han vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova!

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Lukas i det 10. kapitlet. Ære vere deg, Herre!

38 Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han [i heimen sin.] 39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. 40 Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: “Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.”41 Då svara Herren: “Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. 42 Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.”

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus!
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Hovudbeskjeden frå Herren i dag er at vi skal velja den gode delen — vi skal fyrst søkja Herren, så alt det andre (jf. Matt 6,33). Men kva kan dette lære oss om det Paulus skriv? Lat oss sjå på teksten, vers for vers.

Kol 1,24: “No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno manglar i Kristi lidingar, det utfyller eg med min eigen kropp; eg lid for hans kropp, som er kyrkja.”

Det fyrste vi lærer er at beskjeden om å velja den gode delen ikkje nødvendigvis betyr at vi er totalt passive; vi lever med Kristus! Betre kan det vere å seie at Kristus lever i oss. Mange misforstår dette verset, og trur at Paulus meiner Kristi forsoningsverk var mangelfullt eller mislukka. Nei, dette verset seier noko heilt anna, fokuset her er ikkje på Kristi verk i og for seg, men på Paulus — og på alle oss. “Det som enno manglar i Kristi lidingar” er ikkje forsoningsverket — det er komplett, fullkomment[2] — men vår deltaking i Kristus; aktualiseringa av han verk i oss. Men korleis kan denne aktualiseringa hjelpe andre kristne?

Her ser vi kanskje den store forskjellen mellom genuin kristendom og moderne individualisme. Når vi vert frelste vert vi ikkje frelst berre som einskildspersonar eller individ — vi vert frelst som folk, og vert ein del av eit folk. Så tett knytt saman er dette folket at Paulus seier at vi er éin kropp. Og som vi veit frå erfaring; når eit lem lir er det ofte at andre delar av kroppen også kjenner på smertene. “Dersom eitt lem lir,” skriv Paulus, “lir alle lemene saman med det; dersom eit lem vert heidra, gleder alle dei andre lemene seg seg med.” (1Kor 12,26)[3]

Aktualiseringa av Kristi verk i oss skjer på mange måtar. Fyrst og framst i dåpen, der vi vert gravlagde og reiste oppatt med Kristus (jf. Rom 6,3-6). Vidare har vi sjølvsagt evkaristien der vi heilt konkret får ta imot Kristus. Og så har vi sjølvsagt tilbedinga. Alt dette handlar om å setje fokuset på det éine nødvendige — på Kristus; som er hovudet for kyrkja. Når vi lir, så lir vi for kyrkja. For vi lir i og saman med Kristus. Og kyrkja er hans kropp.

Men dette handlar sjølvsagt ikkje berre om liding; det handlar også om å handle godt. “Dersom ein mann som trur han er religiøs ikkje tøymar tunga si, men narrar seg sjølv er religionen hans utan verdi. Dette er ein rein og lytelaus religion føre Gud og Faderen: Å sjå til foreldrelause born og enkjer i deira naud, og halda seg uflekka til av verda.” (Jak 1,26-27)

Kol 1,25: “Hennar tenar har eg vorte fordi Gud gav meg oppgåva som forvaltar hos dykk: å fullføra tenesta med Guds ord,”

Paulus er sett til å tene med Guds ord. Dette ser vi kanskje endå tydlegare i Rom 15,15b-16. Der skriv han om “den nåden som er gjeven meg av Gud, at eg skal vere Jesu Kristi tenar[4] for folkeslaga medan eg gjer presteteneste med Guds evengelium, slik at folkeslaga kan verta eit offer som han har hugnad i, helga ved den Heilage Ande.” Paulus gjer presteteneste med evangeliet. Og det må vere meir enn å berre forkynne det, for presteomgrepet er vidare enn det. Det må ikkje forståast reduksjonistisk, men det må forståast i sin fullnad. Ein snakkar i den tyske teksten til Confessio Augustana om eit predigtamt; eit preieembete.[5] Det handlar om det Kristus gav til apostlane — og til biskopane og prestane. “Kirkens Herre har ikke grunnlagt kirken på kvaliteten av presteskapet,” skriv Dag Øivind Østereng, “men på det store depositum han har betrodd kirken, og dermed også presteskapet.”[6] Her ser vi at presten er sett med eit forvaltaransvar for ‘det store depositum‘ — det Herren har overlate oss ved apostlane. Vi les i Apg 2,42 at dei fyrste kristne mellom anna “heldt seg trufast til læra åt apostlane.” Dette betyr ikkje at ordet har sitt opphav i apostlane, men at dei overleverte det dei fekk frå Kristus. Dei overleverte, traderte, Kristi lære.

Men det er viktig at vi ikkje let dette verta forstått reduksjonistisk. Bjarne O. Weider skriv:

Selve uttrykket Predigtamt kan kanskje være noe misvisende. Det må ikke tas i altfor snever betydning. Embetet omfatter mer en ordets forkynnelse. Det ligger heller ikke i det noen gradering av forholdet mellom prekenen og sakramentene, enn si noen tilsidesettelse av sakramentene. Ordets forkynnelse og sakramentenes forvaltning er uttrykk som står parallelt i Bekjennelsen. Innholdet i Predigtamt bestemmes ved disse ord: lære, preke og forkynne Guds ord, døpe, konsekrere og forrette nattverden, binde og løse i synder, be for andre, helliggjøre og dømme i alles læresyn og ånder (fra De instituendis ministris Ecclesiae). Her er, som en ser, foruten sakramentforvaltningen også sjelesorgen med.[7]

Dette er ei teneste Paulus fekk frå Herren sjølv; det er ei vidareføring av Kristus — av det éine nødvendige. Gjennom si teneste måla han Kristus for augo til folk som krossfest (jf Gal 3,1).

Kol 1,26: “det mysteriet som har vore løynt gjennom alle tider og for alle ætter, men som no er openberra for hans heilage.”

Det Paulus vart sett til å forvalte var ævelege sanningar; løyndomar og mysterium som no vart openberra for Guds heilage. Paulus hadde fått eit autoritet til å skjelne kva som var frå Gud, og fekk oppdraget å openberra dette folk alt folket. Heile hans verksemd var eit enaste stort fokus på det éine nødvendige; på Kristus.

Kol 1,27: “Gud ville kunngjera for dei kor rikt på herlegdom dette mysteriet er for folkeslaga: Kristus er mellom dykk, håpet om herlegdomen!”

Her ser vi Pauli program: å kunngjera Kristus — at han er mellom oss, og at alt håp er i han. Meir er det ikkje å seie om den saka. Og med det let eg Paulus avslutte med siste vers i epistelteksten; Kol 1,28

“Det er han vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus.”

Lat oss be:
Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har født oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! Vi takkar og lovar deg for di kyrkje, som Kristus, ved sitt ord, byggjer på apostel-og profetgrunnvollen. Vi bed deg: Driv arbeidarar ut til di haustvinne, hold tenarane dine fast ved ditt ord, og gje dei å forkynna det klårt og reint, til tukt og til trøyst. Gjev folket ditt øyro til å høyre di røyst, og frels oss frå trass mot ordet, så ljoset ditt ikkje må takast frå oss. Hjalp oss å alltid halda fokuset på det éine nødvendige, på trua sin opphavsmann og fullendar: Jesus Kristus, din Son, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande, lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[8]

Noter:

[1] I dei to lesetekstane nyttar eg meg av NT05. Dersom ingenting anna vert nemnt, er alle andre bibelvers omsett av underteikna, ut frå NA27 og med hjelp frå BDAG.

[2] Det er fullkomment, men ikkje ‘fullført.’ Det vil aldri verta fullført; det er eit evigvarande verk, som vi ser i Hebr 7,24f; 8:1-3 og 9,24.

[3] Eg har velt å ikkje omsetje καὶ, som sto fyrst i verset.

[4] Gr. λειτουργός, ‘liturg, tenar.’

[5] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 47

[6] Dag Øivind Østereng, “Kirkelig fellesskap — med hvem — om hva?” Foredrag til innledning ved seminar på Fjellhaug, 14. februar 2007 [Henta: 17.07.2010]

[7] Bjarne O. Weider, Kallet og tjenesten: Pastoralteologiske prinsippspørsmål. Oslo: Lutherstiftelsen 1969, s. 9-10. Mine uthevingar.

[8] Mellom anna basert på 1Pet 1,3; Hebr 12,2 og kollektbøna for aposteldagen i Svenn Martinsen si messebok.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s