Kort refleksjon over distinksjonen mellom biskop, prest og diakon

I dag vart eg gjort oppmerksam på at Ignatius av Antiokia var den fyrste til å setje eit definert skilje mellom biskop og prest. Difor tenkte eg at det var på tide å skrive ned ein kort refleksjon rundt det.

For det fyrste vil eg poengtere at det kan godt hende at Ignatius var den fyrste til å setje dette skiljet, men eg tviler på det. (Tonen hans i breva indikerar at dette er ‘gamalt nytt.’) Men vi kan ikkje vite dette heilt sikkert. Det kan godt hende at dette berre var den fyrste gongen det vart skrive ned (sjølv om vi ikkje kan vite det heller).

For det andre, dersom vi antek at det ikkje er noko klar distinksjon mellom biskop (gr. ἐπίσκοπος, episkopos) og prest/presbyter (πρεσβύτερος, presbyteros) i NT,[1] ser vi likevel hjå Ignatius eit framhald frå NT sin trefaldige distinksjon, men med andre namn. I NT (dersom vi seier at det ikkje er noko klar distinksjon mellom ἐπίσκοπος of πρεσβύτερος der) ser vi ein trefaldig distinksjon mellom apostel, biskop/prest og diakon. Dette vart då altså halde fram hjå Ignatius, men etterfylgjarane åt apostlane tok namnet ἐπίσκοπος, kanskje i ein slags age for apostlane. Så det vi ser er rett og slett at argumentet mot Ignatius berre kokar ned til semantikk.

———————
Noter:[1] Eg er usikker på om eg kjøper den, spesielt sett i lys av den samtidige og vidare bruken av ἐπίσκοπος-omgrepet i kyrkja.

3 comments on “Kort refleksjon over distinksjonen mellom biskop, prest og diakon

  1. Are Karlsen says:

    La meg i all beskjedenhet meddele at de reformatoriske presbyterne så dette for 4-500 år siden. Derfor organiserte de Church of Scotland som en kirke ledet av lokalt valgte presbytere (eldste) – noe som må sies å være rimelig radikalt siden det kirkelige lederskapet fram til da hadde blitt utnevnt fra toppen av et hierarki langt borte fra, nemlig Roma.

    Ellers er NTs manglende distinksjon mellom episkopos og presbyteros noe som flere kirkefedre også viser kjennskap til, for eksempel Hieronymus, teolog og bibeloversetter (347-420): “Eldste er identisk med biskop”, i likhet med Chrysostomus (349-407) og Theodor (393-457).

  2. Ja, men så har du framleis ei tredeling: Apostel, prest/biskop og diakon.

    Det som skjedde var altså at etterfylgjarane av apostlane byrja å bruke biskop i staden for apostel som tittel, kanskje for å heidra minnet til apostlane. Argumentet ditt er rein semantikk.

  3. Men du har heller ikkje tenkt på det verkelege paradokset: Den kyrkja som kanoniserte Skrifta, som sa kva ho inneheld er den same kyrkja som har eit tredelt embete: biskop, prest, diakon. Utan ho har du ikkje Skrifta.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s