Den katolske kyrkja skal visstnok ha gjort noko VG ikkje skjønar kva er…..

VG melder at Den katolske kyrkja visstnok skal ha plassert overgrep mot born og ordinering av kvinner til ‘presteteneste’ i same kategori, og dette vert sjølvsagt understreka som noko grumsomt, akkompagnert av av eit bilete der pave Benedikt ser skikkeleg slu og fæl ut.

At dette ikkje stemmer er vel ikkje så farleg. For det fyrste er desse to tinga plassert i to forskjellige kategoriar. Overgrep mot born (og mot andre) er plassert i kategorien moralske synder, der dei høyrer heime. Ordinering av kvinner til ‘presteteneste,’ derimot, er plassert i kategorien syn mot sakramentet. Sistnemnde fører til automatisk ekskommunisering, noko einskilde eg har snakka med tolker som at ‘kvinneordinasjon’ er verre enn overgrep mot born. Det er sjølvsagt tull. Grunnen til at ‘kvinneordinasjon’ fører til automatisk ekskommunisering er nettopp fordi ein ved å gjere dette offentleg har sagt at ein ikkje er katolikk; ein har med andre ord ekskommunisert seg sjølv. Moralske synder, derimot, fører ikkje til automatisk ekskommunisering (men kan seinare føre til ekskommunisering), av pastorale grunnar. Ein vil at dei skal kunna angra syndene sine, og skriftemålet er ikkje opent for dei som er ekskommuniserte.[1]

Men det er også ein annan ulikskap, som sjølvsagt ikkje kjem fram hjå VG, eller i andre aviser eg har lest. Det er at sjølv om ‘kvinneordinasjon’ fører til automatisk ekskommunisering så er straffa for overgrep verre. For det fyrste kjem dette inn under omgrepet ‘dødssynd’; dvs. synder som må skriftast for og som ein må angra for ikkje å gå fortapt. Dette skiljet mellom dødssynder og ‘vanlege synder’ har ein mellom anna frå 1Joh 5,16-17: “Den som ser bror sin gjera ei synd som ikkje fører til død, skal be for han og slik gje han liv — så sant han ikkje er av dei som syndar til døden. Det finst synd som fører til død, men eg talar ikkje om bøn for slik synd. All urett er synd, men ikkje all synd fører til død.”

I tilfellet overgrep mot born vil dette altså føre til fortaping, men ingen seier at automatisk ekskommunisering nødvendigvis fører til det. Vidare er det viktig å legge til at i alle skriftemål i Den katolske kyrkja er det tre viktige ‘ingrediensar’ som må til for at skriftemålet skal vere gyldig: (1) Ein må verkeleg angra det ein har gjort. Dersom ein berre sannar synda for presten utan å angra ho, vil ikkje absolusjonen ha noko ‘effekt.’ (2) Ein må gjere den kyrkjelege boten som ein vert gjeve. Det t.d. kan vere å be. (3) Ein må ta den samfunnsstraffa som høyrer til (bot, evt. fengslelsstraff, etc.). Dette siste har ikkje alltid vore praktisert slik det burde, og det må Den katolske kyrkja ta eit oppgjer med.

Men det har nettopp Den katolske kyrkja, og spesielt pave Benedikt, gjort den siste tida. (Dei burde kanskje tenkt litt meir på PR.) Han er den (kardinalen/paven) som har gjort mest. Å påstå at Den katolske kyrkja plasserer overgrep mot born og ordinering av kvinner til ‘presteteneste’ i same kategori er berre tull.

Noter:

[1] Dette må utdjupast. Ein person som har teke del i ein ‘kvinneordinasjon’ (‘ordinanden,’ ‘ordinator’ eller andre) kan sjølvagt angra seg, men då må ein gjere litt meir enn berre å skrifte. Ein må offentleg vedkjenne Den katolske trua. (Dette treng ikkje vere på TV, i aviser, e.l. Det kan vere berre framføre ein prest.)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s