Herrens forklåring

I dag, 6. august, feirar ein Herrens forklåring i Den katolske kyrkja (Dkk). (I Den ortodokse kyrkja vert dette feira 19. august.) Tekstane for dagen er Dan 7,9-10.13-14, 2Pet 1,16-19 og Luk 9,28b-36. (Det er slik at ein anten les teksten frå Daniel eller 2. Petersbrev. Eg vil likevel sitere alle tre.)

Lat oss lesa tekstane.

Det står skrive i profeten Daniels bok i det 7. kapitlet:

9 Så såg eg: Tronstolar vart sette fram, og ein som var gamal av dagar, tok sete. Hans klednad var snøkvit og håret på hovudet hans som rein ull. Hans trone var eldslogar og hjula under brennande eld. 10 Ei elv av eld strøymde fram, og ho gjekk ut framføre han. Tusen på tusen tente han, titusen på titusen stod framføre han. Retten vart sett, og bøker vart opna… 13 Så såg eg i nattsynene mine: Sjå, med himmelens skyer kom det ein som var lik ein menneskeson. Han gjekk bort mot den gamle av dagar og vart ført fram for han. 14 Han fekk herredøme, ære og rike; folk og ætter med ulike språk, alle folkeslag skal tena han. Hans velde er eit evig velde, det skal ikkje forgå; hans rike går aldri til grunne.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova!

Det står skrive i Peters andre brev i det 1. kapitlet:

16 For vi følgde ikkje klokt uttenkte mytar då vi kunngjorde for dykk vår Herre Jesu Kristi makt og hans kome. Nei, vi var augnevitne og såg hans guddomlege velde. 17 For han fekk ære og herlegdom frå Gud, vår Far, den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: “Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.” 18 Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen då vi var saman med han på det heilage fjellet. 19 Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova!

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Lukas i det 9. Kapitlet.
Ære vere deg, Herre.

28 Om lag åtte dagar etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet for å be. 29 Og medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda hans vart skinande kvite. 30 Med eitt stod to menn og tala med han; det var Moses og Elia. 31 Dei synte seg i herlegdom og tala om den utgangen livet hans skulle få, om det han skulle fullføra i Jerusalem. 32 Peter og dei andre hadde falle i djup søvn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han. 33 Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: “Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia” – han visste ikkje sjølv kva han sa. 34 Og medan han tala, kom det ei sky og la skugge over dei, og då dei kom inn i skya, vart dei gripne av redsle. 35 Frå skya kom det ei røyst: “Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!” 36 Og då røysta lydde, var det ingen å sjå utan Jesus åleine. Disiplane tagde med dette, og dei fortalde i dei dagane ikkje til nokon det dei hadde sett.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus!
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Kristi forklåring, eller transfigurasjonen som den også vert kalla, handlar om at Kristus vart openberra i all sin herlegdom og guddomsglans for augo på Peter, Jakob og Johannes. Sistnemnde nemner det kryptisk i Joh 1,14: ”Og Ordet vart kjøt tok bustad[1] imellom oss, og vi såg herlegdomen hans, ein herlegdom som ein einboren Son har frå Far sin — full av nåde og sanning.” (Mi utheving) Her på Tabor fjell fekk desse tre apostlane eit direkte innblikk i kven Kristus er: Gud, i all sin herlegdom og glans.

Men i våre dagar ser det ut som at dette har mista litt av si kraft, i alle fall ser det ut til at slike omgrep er skikkeleg ’umoderne.’ Men vi må prøve å halda fast på desse. Peter Kreeft skriv:

Distinctively premodern words like glory, majesty, splendor, triumph, awe, honor—these were more than words; they were lived experiences. More, they were experienced realities.

The glory has departed. We moderns have lost much of medieval Christendom’s faith in Heaven because we have lost its hope of Heaven, and we have lost its hope of Heaven because we have lost its hue of Heaven. And we have lost its love of Heaven because we have lost its sense of Heavenly glory.[2]

Hue betyr ‘nyanse,’ ‘kulør’ eller ‘fargetone,’ og eg vil her i dag oppmoda folk til å prøve å få tilbake kjensla av herlegdom, kulør, kjærleik, håp og tru på det opphøgja, det transcendente, det himmelske. Ein viktig ting som skil kristendommen og stort sett alle monoteistiske religionar frå andre religionar er det transcendente. For ein panteist er gud alt; for ein som trur på meir ’primitive’ gudar som Zevs, Odin, e.l. er gudane ikkje stort meir enn ’supermenneske.’ Men for oss er Gud transcendent, ”over alt og alle,” for å sitere Rudi Myntevik.[3] Ein panteistisk gud krev ingenting, og har ein tendens til å likne særs mykje på den som trur på han. Men sjølv tru på ein transcendent gud betyr ikkje nødvendigvis at alt er bra. Muslimar trur på ein transcendent gud, men eg vil ikkje seie at vi trur på same gud likevel. Grunnen til det ligg i det genuint kristne; at Gud ikkje berre er over alt og alle, men at han steig ned til oss, vart menneske, og levde som menneske.

Adam sitt oppdrag var å ofre; å bere seg sjølv og skaparverket tilbake til Gud i lovprising og takkseiing. Vi kan illustrere dette med offertoriebøna slik ho vert beden i Sandvikskyrkja i Bergen, her omsett til nynorsk:

Herre Gud, himmelske Far, Di er jorda og det som fyller henne. Av ditt eige gjev vi deg attende. Velsigna vere du, Herre, all skapnings Gud. Av din rikdom har vi motteke det brødet og den vinen vi ber fram for deg, frukter av jorda og vintreet og av menneska sitt arbeid, som for oss vert livsens brød og frelseskalken. Ta imot oss og gåvene våre for Jesu Kristi skuld. Amen.[4]

Adam feila i si oppgåve, men det gjorde ikkje Kristus. Han bar heile sin menneskenatur fram for Gud som offer, og ved Guds vilje ”er vi heilaggjorde ved ofringa av Jesu Kristi lekam éin gong for alle.” (Hebr 10,10) Men kva då med transfigurasjonen? Kva fortel den oss? Jo, den fortel oss at vi ikkje berre har å gjere med ein mann, men med Gud, den allmektige. Og fordi Kristus nettopp er Gud, kan vi ved han verta frelste, opphøgde, lyfta opp i guddomsglansen. Vi må prøve å heile tida ha dette for augo, vi må ikkje la ord som herlegdom, majestet, glans, triumf, age og ære få mista si kraft. Vi må prøve å få tilbake den kjensla av Guds nærver.

Men korleis kan vi gjere det? Vel, det fyrste og beste er å leve i dei. Feira evkaristien så vakkert som mogeleg, be tidebøn, syngja — ja, leva som om vi faktisk er prinsar og prinsesser; borna åt Den store kongen. Vi må, som Peter, Jakob og Johannes, prøve å få eit glimt av Kristi herlegdom, ”ein herlegdom som ein einboren Son har frå Far sin — full av nåde og sanning.” Lat oss be:

Kjære gode Herre, allmektige og heilage Far. Vi takkar deg for det du, med fedrane som vitne, stadfesta og openberra for oss i din einborne Sons forklåring; at vi ved han og ved hans herlegdom kan ha fullkome barnekår hjå deg. Gje oss, tenarane dine, å lytta til røysta åt Son din, han som du har kjær, slik at vi kan verta medarvingar med han som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[5]

Noter:

[1] Gr. σκηνόω, ‘slå opp telt.’ Nokre har omsett det med ‘tabernakla imellom oss.’

[2] Kreeft, P. (2009). Everything You Ever Wanted To Know About Heaven. Kindle Edition. Ignatius Press, 1,1 (lok. 133-137). [Henta frå Amazon.com, 16.05.2010] (Dette er ei bok gjeve ut i Kindle/Mobipocket-format. Alle sitat eller tilvisingar til slike bøker viser til seksjonar (t.d. 1,1) og/eller presise lokaliseringar (lok.) i teksten, og ikkje til sidetal.)

[3] Eg vil berre kort opplyse om at eg ikkje liker teksten på denne lovsongen. Myntevik skriv at at Gud “ofret sin egen Sønn, slik at vi kan komme helt frem til Ham.” Og går så vidare med å skrive: “For en Gud vi har, en fantastisk Far.” Dette lukter veldig av det som på engelsk vert kalla Penal Substitutionary Atonement, og som i enkelte former går over i heresi. (Sjå også i Wikipedia.) For å finne eit interessant kritikk av denne teorien, som ikkje er det same som Anselm av Canterbury sin teori, kan de lese “Gud – en sinnatagg?” av p. Olav Müller SS.CC.

[4] Takk til Svenn Martinsen som indirekte har hjelpt meg ved sin nynorskliturgi; “Den store lovsongen.” (Enkelte eg har snakka med lurer på om dette er lov, sidan dette ikkje står direkte i gudstenesteboka. Og svaret er at ja, det er det. Under den aktuelle bøna står det at presten kan be ei høveleg bøn, t.d. ei av dei to fylgjande bønene som står der. Det er altså opent for å be andre bøner, men dei må sjølvsagt vere høvelege.)

[5] Delvis basert på kyrkjebøna i liturgien for Herrens forklåring (6. august, år C) i Den katolske kyrkja.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s