Rettferdiggjering

Rettferdiggjering

Kva er rettferdiggjering? Dette spørsmålet kom opp i ein diskusjon eg hadde for ei tid tilbake, og eg vart der fortald av ein reformert protestant at “bibelsk sett er rettferda ei stadfesting,[1] ikkje ein prosess.” Dette ser ut for meg til å byggje på eit falsk skilje; at rettferda anten er ‘ei stadfesting’ eller ‘ein prosess.’

For det fyrste seier ein at dersom noko er stadfest av Gud, så kan det ikkje vera ein prosess, men det må vere augeblikkeleg. For det andre kombinerer ein denne premissen med erfaringa av at ein ikkje er syndfri, noko som (naturlegvis) leier ein til å tru på det Luther kalla simul justus et peccator; at ein er ‘samstundes rettferdig og syndar.’ Det bibelske ‘provet’ på dette finn ein hjå Paulus, t.d. i Rom 6,6 (NT05): “Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den kroppen som er underlagd synda, skulle gjerast til inkjes, og vi ikkje lenger skulle vera slavar under synda.”

Dette har gjeve nokre sære utfall, t.d. i denne andakten (mine uthevingar):

Frelse betyr altså ikke å forandre seg selv. Og det betyr heller ikke at Gud forandrer det gamle mennesket. Frelse er å bli født på ny. Et nytt menneske blir til – ved siden av det gamle. Derfor har alle kristne to ulike naturer.[2]

Her ser ein altså at enkelte verkeleg trur at vi er to personar; det gamle og det nye mennesket. For meg virkar dette å ende opp i ei tru der ein ikkje verkeleg vert frelst. Det som vert frelst er ein fullkomen (syndfri) kopi av seg sjølv. Men denne lesinga fylgjer ikkje nødvendigvis frå Paulus. Den fylgjer nødvendigvis frå premissen som seier at dersom noko er stadfest av Gud, så kan det ikkje vera ein prosess, men det må vera augeblikkeleg. Men kvifor skal vi tru på det? Det ser ut for meg at dersom ein forkastar denne premissen vert ting mykje meir forståelege. Det ser ut for meg at ei mykje betre lesing av Rom 6,6 er at ein sjukdom vert teke bort, ikkje at eit menneske går dunken.

Som eg har påpeikt oppfor skapar ‘mainstream’ protestantisme eit falsk skilje; at rettferda anten er ‘ei stadfesting’ eller ‘ein prosess.’ Men desse to omgrepa skildrar to forskjellige ting; det fyrste skildrar årsaka, det andre skildrar effekten. Vidare er det slik at når Gud stadfestar at noko er noko anna, bør vi anta at det faktisk skjer. Då Gud sa, “Lat det verta lys” vart det lys. Vi bør ikkje sjå på Gud som ein menneskeleg dommar som berre ‘stadfestar’ at ein person er uskuldig. Vi må trur at Gud faktisk gjer oss rettferdige. Men vi veit frå erfaringa at vi ikkje alltid handlar fullkome. Difor må vi seie anten at vi ikkje er rettferdige — noko som ville vore ubibelsk — eller at vi er i ein prosess der vi vert rettferdiggjort, noko som ser ut til å vere heilt bibelsk. Sjå t.d. Fil 3,10-14 (NT05):

Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og blir lik han ved at eg døyr som han – om eg berre kunne nå fram til oppstoda frå dei døde! Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus. Sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, og jagar fram mot målet, mot den sigerskransen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.

Kombiner så dette med Fil 2,12-13 (NT05):

Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse, skjelvande av ærefrykt. For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.

Vi arbeider, men det “er Gud som er verksam i dykk.” Det er fullt og heit Guds verk, men han virkar i oss, ikkje utanom oss. Dette får også fram ein viktig forskjell mellom to syn på Guds gjerningar for oss: er Gud ‘åleinevirkande’ eller er han ‘allvirkande’? Virkar han åleine eller virkar han ved og gjennom alle ting? Det sistnemnde ser ut til å passe mykje betre med Fil 2,12-13. Han arbeidar, men han arbeidar gjennom og i oss.

Noter:

[1] Bomål: ‘erklæring.’

[2] Det ser ikkje ut til at denne predikanten veit kva ‘natur’ betyr. Naturen er ikkje syndig, personar er syndige.

5 comments on “Rettferdiggjering

  1. rootsman says:

    Godt sagt Kjetil.
    Jeg synes forøvrig at den Katolske Kirkes katekisme oppsummerer dette veldig begripelig:

    1989 “Det første verk Den Hellige Ånds nåde virker, er omvendelsen som utvirker rettferdiggjørelse, slik Jesus forkynner på begynnelsen av Evangeliet: “Vend om! For himlenes rike er nær” (Matt 4, 17). Tilskyndet av nåden omvender mennesket seg til Gud og vender seg bort fra synden, og slik får det tilgivelse og rettferdiggjørelse fra det høye. “Rettferdiggjørelse innebærer altså syndenes forlatelse, helliggjørelse og fornyelse av det indre menneske”.

  2. Ja. Eg trur feilen i den protestantiske, kanskje spesielt reformerte, soteriologien ligg i at ein ser på frelsesverket som utelukkade eksternt. Men Kristus virkar i oss, ikkje berre utanfor oss. Sjølvsagt var sjølve offeret noko eksternt, men han arbeider i oss, og når vi handlar godt er det han som handlar ved oss. (Gal 2,19-20)

  3. rootsman says:

    Ja, jeg kan bekrefte at store deler av protestantismen, og spesielt frikirkeligheten er gjennomsyret av en “rettferdiggjørelse” som er så uavhengig av vår medvirkning at man kan trygt kalle det “virtuell rettferdighet” – som ikke nødvendigvis sprer seg lenger enn til vårt eget hode.

    Det blir litt som å installere dusj på baderommet, men uten at man noen gang bruker den for å vaske seg. Det hjelper jo lite å si at man er ren “fordi man har installert dusj”. Like lite hjelper det å si at vår sjel er rettferdig “fordi Jesus tok våre synder på seg”, hvis man ikke også lar Ham få forandre oss, sammen med oss.

    Dette var en av grunnene til at jeg konverterte. Jeg ble alvorlig bekymret da jeg innså at kristne til alle tider har regnet at deres rettferdighet kommer av Guds virke i oss, og at dette faktisk må forandre oss og helliggjøre oss – ikke bare på det mentale plan.

    Og videre at man får tilgivelse ved at en fysisk, ekte prest av kjøtt og blod på den fysiske, avgrensede Kirkens vegne tilsier oss forlatelse (med autoritet de har fått overlevert fra Jesus via apostlene) for våre konkrete misgjerninger som vi oppriktig bekjenner og angrer.

    Slik har har ordningen alltid vært, og dette tror jeg hindrer oss i falle inn i gnosisme, relativisme og indiffensensialisme.

  4. […] Dette er eit framhald av denne posten om rettferdiggjering. Der skriv rootsman ein god kommentar. Her er eit lite utdrag: [Jeg] kan bekrefte at store deler av […]

  5. Eg har skrive eit nytt innlegg då kommentaren min ville vorte litt lang. Den finst her.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s