Re: Rettferdiggjering

Dette er eit framhald av denne posten om rettferdiggjering. Der skriv rootsman ein god kommentar. Her er eit lite utdrag:

[Jeg] kan bekrefte at store deler av protestantismen, og spesielt frikirkeligheten er gjennomsyret av en “rettferdiggjørelse” som er så uavhengig av vår medvirkning at man kan trygt kalle det “virtuell rettferdighet” – som ikke nødvendigvis sprer seg lenger enn til vårt eget hode.

Det blir litt som å installere dusj på baderommet, men uten at man noen gang bruker den for å vaske seg. Det hjelper jo lite å si at man er ren “fordi man har installert dusj”. Like lite hjelper det å si at vår sjel er rettferdig “fordi Jesus tok våre synder på seg”, hvis man ikke også lar Ham få forandre oss, sammen med oss.

Før eg går inn på sjølve teksten vil eg kort ta for meg noko eg påpeika i ein annan tekst. Vi kan seie at det katolske eller ålmennkristne er middelvegen mellom to typar heresiar, t.d. i Kristusdogmet. Vi seier at han er både Gud og menneske, ikkje anten/eller. I dag vil eg ta opp to andre heresiar, og det premisset dei delar. I dømet mitt ser vi at dei forskjellige heresiane seier anten at Kristus berre kan vere menneske eller at han berre kan vere Gud. Dei deler altså premisset at han berre kan vere det eine eller det andre.

Men dei heresiane eg ska ta opp i dag er universalisme[1] og dobbel predestinasjon, slik dei kjem til uttrykk i einskilde protestantiske krinsar.

I rootsman sin kommentar ser vi at premisset til einskilde protestantar er at dei er frelste “fordi Jesus tok syndene våre på seg.” Men dersom dette stemmer må vi anten seie at all vert frelste – fordi Jesus tok på seg syndene til alle i verda – eller at det er ein dobbel predestinasjon der Jesus berre tok på seg syndene åt dei som er predestinerte til frelsa. Begge desse er heresi, og vi ser at dei (i denne samanhengen, i alle fall) fylgjer logisk frå premisset at “eg er frelst fordi Jesus tok syndene mine på seg.”

Mellomvegen, derimot, seier at desse manglar eit viktig ledd. Det er sant at Kristus tok syndene våre på seg, men dette er berre den eine halvdelen. Dette er den eksterne delen av frelsa. Vi må også ha ein intern del; at vi faktisk får del i dette; at Kristus lever og virkar i oss, slik rootsman påpeiker. Vi kan bruke menneskenaturen som eit døme; den kan eksistere som idé i Gud, men den vart ikkje eit menneske før den faktisk vart aktualisert i skapinga.

Vi har eit potensiale til å verta frelst, på grunn av Kristi offer.[2] Men dette potensialet må verta aktuslisert, og dette vert ikkje aktualisert før Kristus faktisk virkar i oss. Så vi vert ikkje frelste berre fordi “Jesus tok syndene våre på seg.” Vi må også endrast ved han.

Noter:

[1] Med ‘heresi’ her meiner eg ikkje håpet om at vert frelste. Alle kristne bør håpe at folk vert frelst. Vi er kalla til å leve etter viljen åt Gud “som ynskjer at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna.” Men heresien er læra som seier at alle skal verta frelste, også mot sin eigen vilje.

[2] Offeret gjeld ikkje berre krossdøden, det gjeld alt frå sjølve inkarnasjonen fram til hans evige frambering av seg sjølv for Gud i himmelen, jf. Hebr 7,24f; 8,1-3; 9,24

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s