Vi skal kjennast på fruktene

I går las eg i skrifta, og kom over Matt 7,15-20:

15 Ta dykk i vare for dei falske profetane som kjem til dykk i saueham, men inst inne er glupske ulvar. 16 På fruktene vil de kjenna dei. Kan ein hausta druer av klunger eller fiken av tistlar? 17 På same måte ber alle gode tre god frukt, men eit dårleg tre ber dårleg frukt. 18 Eit godt tre kan ikkje bera dårleg frukt, eit dårleg tre kan heller ikkje bera god frukt. 19 Alle tre som ikkje ber god frukt vert hogge ned og kasta på elden. 20 Difor skal de sanneleg kjenna dei på frkutene deira.[1]

Dette er ein interessant tekst, ikkje berre på grunn av innhaldet, men også på grunn av den måten han ofte vert forkynt. Svært ofte er fokuset på v. 15: “Ta dykk i vare for dei falske profetane som kjem til dykk i saueham, men inst inne er glupske ulvar.” Dette verset er sjølvsagt viktig, og konteksten er at vi skal ta oss i vare for falske profetar. Men eg trur at resten av teksten er viktigare, fordi den er like viktig som ei åtvaring for oss.

Kristus kunne også sagt: “Ta dykk i vare for å verta falske profetar som kjem til folk i saueham, men inst inne er glupske ulvar.” Dette er like mykje ei åtvaring mot falsk liv og lære. Fokuset i teksten er altså at vi skal kjennast på fruktene. Kristenlivet — som alt anna i menneskelivet — handlar ikkje berre om det intellektuelle og ‘indre,’ men om handling. I Jakob 2 ser vi at forfattaren skriv om tru som intellektuell erkjenning av teologiske sanningar, og at dette vil dø utan gjerningar. Han påpeiker (om Abraham[2]) at “trua virka saman med gjerningane hans, og ved gjerningane vart trua fullenda.” (Jak 2,22) Eller for å sitere ei meir moderne kjelde, Christopher Nolans Batman Begins. Det er Rachel Dawes (spelt av Katie Holmes) som seier dette til Bruce Wayne: “It’s not who you are underneath, but what you do that defines you.”[3]

Paulus seier det vel endå klarare då han (i 1Kor 13) understreker at kjærleiken er det viktigaste i kristenlivet. Kjærleik her er ikkje ‘føleri,’ men noko aktivt, konkret. I Brørne Karamasov skriv den russiske forfattaren Dostojevskij om eit møte med ei skeptisk kvinne og presten Fr. Zossima. Ho mista trua si gjennom studiene, og ber om hjelp for å få den tilbake. Fr. Zossima kjem ikkje med bevis, men ber ho om å praktisere trua:

[You can be convinced of the faith by] the experience of active love. Strive to love your neighbour actively and indefatigably. In as far as you advance in love you will grow surer of the reality of God and of the immortality of your soul. If you attain to perfect self-forgetfulness in the love of your neighbour, then you will believe without doubt, and no doubt can possibly enter your soul. This has been tried. This is certain.[4]

Men dette kan ikkje vere abstrakt og konturlaust. Å elska er, for å høyrast litt teknisk ut, eit verb. Det fortel oss at å elska ikkje er ein fjern abstraksjon; det er ein konkret viljeshandling. Det er noko vi gjer. “Mennesket er eit erotisk vesen, eit lengtande vesen,” skriv Fr. Arnfinn Haram. “Det vi lengtar etter, er ikkje abstraksjonar. Kroppen lar oss ta i mot alt som er godt som noko verkeleg. Mennesket er kropp og må elske kroppsleg.” Å elska er ikkje å tenke fine tankar. Å elska er å handla!

Når Jesus seier at vi skal kjennast på fruktene så er det nettopp det han meiner. Vi skal ikkje kjennast på korleis vi ‘kjenner’ oss ‘inst inne.’ Nei; vi skal kjennast på korleis vi lever. Dersom vi kallar oss kristne skal vi også leve og lære som kristne. Då let eg Ragnhild H. Aadland Høen få siste ordet: “Folk kan kalle seg agnostikere eller kristne, men når de lever som praktiserende ateister så er det det de faktisk er.”[5]

Noter:

[1] Om anna ikkje vert nemnt er alle omsetjingar gjort av underteikna, ut frå NA27 og med hjelp frå BDAG. Eg har også konsultert NO78/85 og NT05.

[2] Men de stemmer om oss også.

[3] David Goyer, Batman Begins Script (2005), s. 82. Lenke til pdf-fil. [Henta: 27.07.2010]

[4] Fyodor Dostoevsky, The Brothers Karamazov. New York: Barnes & Noble 2004, s. 60

[5] Ragnhild H. Aadland Høen, “Å leve med Kristus som Herre i en etterkristen tid” frå boka Troverdig tro (red. Morten Dahle Andersen. Oslo: Luther 2010). Utdrag i Lære og liv 2/2010, s. 39

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s