Synd og natur

I diskusjonar omkring temaet arvesynd har eg ofte komme over feilaktige påstandar om kva dette er. I denne diskusjonen kom eg over denne påstanden (lettare redigert):

Er det Adam sin skyld at jeg synder eller tilhører skylden meg selv? … Er vi syndere fordi vi er født med en syndig natur eller er vi syndere fordi vi velger å gjøre noe i strid med Guds vilje? Dette spørsmål deler forkynnelsen i to gater i dagens samfunn. … Arvesyndslæren har flere punkter, her følger fire: (1) Alle er skyldige for Gud på grunn av Adams synd. Selv uten syndig handling. (2) Det er ikke mulig for mennesket å bli kvitt denne tilstand på jorden, selv ved Kristi kraft. (3) Det er derfor helt umulig for mennesket å vinne seier over synd i denne verden. (4) Fordi det ville være umulig for Kristus å være vår frelser dersom han var besmittet med en arvesynd som tvang ham til å gjøre synd.

Personen som har skrive dette seier at han ikkje er einig i det vi lærer om arvesynd, men det han presenterer som arvesyndslæra er noko heilt anna enn arvesyndslæra. Lat oss sjå litt på dei fire punkta han presenterer:

1. Arvesyndslæra seier ikkje at vi vert skuldige av Adam si synd, og dette viser oss ein viktig forskjell mellom dei forskjellige kyrkjesamfunna sitt konsept av synd. For det fyrste ser vi at ein ikkje har noko distinksjon mellom synd og skuld; at synd er ein utelukkande (konsekvens-)etisk kategori, og ikkje ein ‘ontologisk’ eller antropologisk kategori. Bakgrunnen har ein visstnok frå 1Joh 3,4: “Alle som gjer synd praktiserer også lovløyse, for synd er lovløyse.”[1] Men dette er ein klassisk feil. For det fyrste står det ikkje, at alle “syndarar praktiserer også lovløyse,” men at alle “som gjer synd” prakstiserer lovløyse. Argumentet i verset er altså av etisk art; det er ein observasjon at alle som utfører synd praktiserer lovløyse. Vidare er det viktig å ta for seg heile Bibelen, og ikkje einskildsvers som er teke ut av sin naturlege kontekst. For det fyrste kjem det fram av teksten i 1Joh 3,5f at “vi veit at [Kristus] vart openberra for å ta bort syndene, og i han er det ikkje synd. Alle som er i han syndar ikkje. Alle som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.” Dersom vi her ser på synd som ein utelukkande etisk eller moralsk kategori, må konklusjonen verta at ingen kristne syndar eller gjer noko galt. Men dette veit vi er feil. Vi veit alle at vi gjer synd; at vi praktiserer lovløyse. Men om vi derimot her ser på synda som ein ‘ontologisk’ eller antropologisk kategori — ein kategori som seier noko om kven eller kva vi er,[2] ikkje berre om kva vi gjer — vert konklusjonen at kristne ikkje lenger er bestemt på synda, ikkje lenger bestemt på oss sjølve, men på Gud. Synd er i all hovudsak mistillit til Gud og eit brot i den kommunionen eller det fellesskapet vi har med han. For kristne er ikkje synda lenger ein del av vår ‘natur’ (mennesket i seg sjølv), for vi er omskapte i Guds bilete. Dette ser vi mellom anna i 2Kor 3,18 og Ef 4,22-24.

Vidare kan ein lese Rom 5,13b-14a: “Og endå synda ikkje blir rekna som synd der det ikkje er noka lov, rådde likevel døden frå Adam til Moses, også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot slik som Adam.” (NT05)

2 og 3. Dette er feil; det er ikkje umogeleg, men særs usannsynleg at vi vert kvitt syndetilstanden her på jorda. Bibelen er klar på at frelsa er ein prosess (2Kor 3,18; Fil 3,12-14, etc.), og difor er ikkje mennesket fullstendig frelst her og no. Grunnen til at det er særs usannsynleg at mennesket kan “bli kvitt denne tilstand på jorden, selv ved Kristi kraft” er at vår vilje er fri, og det er ikkje sikkert at vi alltid vil gjera det gode.

4. Dette har han rett i, men det må forklarast meir inngåande. Fordi synd hovudsakleg er ein ‘ontologisk’/antropologisk kategori fylgjer det logisk at Kristus, som er sann Gud, ikkje hadde del i synd. Dette var også hovudpoenget med oppdraget hans; at han — som var lydig mot Gud og ikkje hadde del i fallet på eit personleg plan, men likevel tok del i konsekvensane av fallet — kunne snu om på det Adam gjorde slik at vi ikkje lenger skulle vera bestemt på synda, men verta omskapte for å vera bestemt på Gud.

“Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel — det tyder: Gud med oss.” (Matt 1,23. NT05)

“I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hos Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til… Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.” (Joh 1,1-3.14. NT05)

“De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike.” (2Kor 8,9. NT05)

“Lev ikkje som før, men legg av det gamle mennesket som blir fortært av dei forførande lystene. Bli nye i sjel og sinn! Kle dykk i det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.” (Ef 4,22-24. NT05)

Det er altså slik at synda påverker den vi er, den er ikkje berre ei handling, men ein tilstand. Difor må Kristi frelsesverk vera ei nyskaping av mennesket. Gud vert menneske, lever som menneske, dør som menneske, står opp att som (eit fornya) menneske, og fer opp til Faderen — og tar menneskenaturen med seg! Inkarnasjonen opner for dette, opner for at vi kan verta “deltakarar i guddomleg natur.” (2Pet 1,4)

Desse fire punkta fortel oss noko viktig, og det er at vi ofte opererer med forkjellige omgrepsapparat i slike diskusjonar. Vi seier at synd og nåde har eit eller anna å gjera med natur, men vi bruker desse omgrepa på forskjellig vis. Når eg snakker om ‘synd’ ser eg det hovudsakleg som ein ‘ontologisk’/antropologisk kategori, medan andre ser på det som ein moralsk kategori. Vidare har vi nåden, og denne ser eg også i eit ‘ontologisk’/antropologisk perspektiv. Eg ser, saman med dei ortodokse og katolske — og mange protestantar — på nåden som ei nyskapande kraft. Men mange ser på den som ein utelukkande juridisk term. Eg trur at nåden er ei kraft som gjer oss rike; som gjev at vi kan verta “deltakarar i guddomleg natur,” nyskapt i Guds bilete.

Mange av dei eg diskuterer dette med er einige, men dei opererer med ein skjult (og falsk) premiss.[3] Dei går ut frå at arvesyndsdogmet er falskt fordi alle menneske har rett på å verta frelst, at vi har rett på å vera i Edens hage — at dette er vår naturlege tilstand. Men dette er feil. Frelsa er overnaturleg av karakter, vi vert heva over vår naturlege tilstand.[4] Og dette er av nåde; ei gratis gåve som vi ikkje har krav på.

Vi kan kanskje forstå dette betre om vi ser på den jødiske læra om dei to dragnadane. Bente Groth skriv:

[De jødiske rabbinerne] utviklet aldri noen arvesyndslære fra skapelsesforestillingene i 1. Mosebok. (…) Det betyr ikke at rabbinerne var eller er blinde for at det finnes mennesker som begår onde handlinger. De utviklet derfor en lære om at mennesket er skapt med to motstridene «impulser» eller tilbøyeligheter eller dragninger. Den ene leder mennesket til gode handlinger, den andre til dårlige. Uten disse to mulighetene ville mennesket ikke hatt behov for å foreta frie valg, noe som jøder ser på som en grunnleggende verdi. Det er opp til hver enkelt å arbeide med seg selv og velge det gode. I jødedommen er begrepet «synd» derfor mer knyttet til bevisste handlinger enn til en grunnleggende tilstand. Å synde er å unnlate å leve slik Gud vil.[5]

Her ser vi at det finst likskapar mellom det rabbinske synet og synet til ‘motstandarane’ våre, men eg trur også vi deler noko med rabbinarane. Eg trur at både Paulus og Jakob nytta seg av dette i breva sine. Men her ser det ut for meg at fokustet vart flytta frå sjølve dragnadane og over på viljen. Det ser ut for at den gode dragnaden vart omdefinert frå lyst til fellesskapet med Gud (‘Anden’ hjå Paulus, ‘visdomen’ hjå Jakob). Og at den vonde dragnaden vart omdefinert frå rein lyst til det å vera ‘seg sjølv nok’ (‘kjøtet’ hjå Paulus, ‘lysta’ hjå Jakob). Ein tok altså tak i den jødiske moralske synet på synda, og nytolka det i eit ‘ontologisk’/antropologisk perspektiv. Poenget er altså ikkje kva vi gjer, men kven vi er. Det vi gjer har bakgrunn i den vi er. Som det stod på ein busshaldeplass: “Den du er vert reflektert i gjerningane dine.”

Arvesyndsdogmet handlar om kven vi menneske er; det seier at vi av oss sjølve er bestemte på synda — på oss sjølve. Og frelsa frå dette handlar om at vi får del i Guds liv, og vert bestemt på han.

Med dette i bakhovudet, les denne jødiske ‘syndsvedkjenninga’ frå Jerusalems Talmud, Berakot 7d:

Min Gud og mine fedrars Gud, bryt makta åt den vonde dragnaden og fjern den frå hjarto våre, for du har skapt oss til å gjera din vilje, og vi er også bundne ut frå din vilje. Både du og vi ynskjer det slik, men vi vert hindra av surdeigen som er i oss. Du kjenner til det som er openberra; at vi ikkje har kraft til å stå den vonde dragnaden imot. Men lat det vera din vilje, du som er min Gud og mine fedrars Gud, at du vil fjerna den frå oss. Lat den vera underlagd oss, så vår vilje kan verta som din vilje og vi kan få eit heilt hjarte![6]

Noter:

[1] Om anna ikkje vert nemnt er alle bibelvers omsett av underteikna.

[2] Eg vil her understreke at det ikkje er snakk om at vi er syndarar av natur, i meininga menneskenaturen. Vi er ikkje skapt av Gud til å vera syndarar. Fallet var heller ikkje eit fall ned til ein subhuman tilstand. Det er snakk om at vi som syndarar ikkje har same forhold til Gud som før fallet, og ikkje har del i dei gåvene det medførte.

[3] Når ein diskuterer noko, er det viktig å prøve å oppdage dei ‘skjulte premissa.’ Eit døme er etikk. Mange seier at etikk er relativistisk, fordi det finst mange forskjellige (og motstridande) etiske normer mellom dei forskjellige kulturar. Men dette argumentet baserer seg ikkje berre på fakta, men ber også i seg ein skjult premiss; at det er alltid rett å adlyde sin kultur. Men kvifor skal vi tru på det?

[4] Men det betyr ikkje at vår natur vert ‘fjerna.’ Nei, den vert fullenda. “Nåden fullendar naturen,” som det heiter hjå Thomas Aquinas.

[5] Bente Groth (red.), Jødiske skrifter (Verdens Hellige Skrifter). Oslo: De norske bokklubbene 2002, s. xx-xxi

[6] Ibid., s. 51, omsett til nynorsk.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s