Genesis 1,1 – 2,4

Eg fekk ein kommentar frå ein som kalla seg Sigmund, og tenkte at eg heller skulle skrive eit nytt innlegg enn å skrive ein kommentar. (Siste kommentar før Sigmund var i 2005.) Her fylgjer mitt forsøk på eit svar:

Sjølv trur eg vi skal tolke Genesis ‘bokstavleg,’ men det betyr ikkje nødvendigvis at vi skal tolke den som ein heilt historisk eller vitskapleg framstilling av skapinga.

På engelsk bruker ein ordet ‘literal.’ Det kan omsetjast med ‘bokstavleg’ eller ‘litterært.’ Når vi les i Salmane at Gud er ei klippe, så skal vi tolke det bokstavleg. Men det betyr ikkje at Gud er ein stein. For ei bokstavleg tolking av ein tekst må alltid ta innover seg den sjangeren teksten er skrive i. Ergo vil ei bokstavleg tolking av ‘Gud er ei klippe’ vere at Gud er å stole på, og at han står fast — fordi sjangeren til Salmane er poesi.

Spørsmålet då vert: Kva sjanger er Genesis skrive i? Eg trur, og det er det mange andre som også gjer, at dei 11 fyrste kapitla i skriftet er skrive i historisk-mytisk form. Dette trur eg kjem betre fram ved ei analytisk lesing av Genesis 1,1 – 2,4.

Ei ‘bokstavleg’ lesing av denne vil oppdage at dagane er delt inn i to hovudseksjonar, som igjen er knytt til kvarandre. Vi kan kalle dette for ‘forming’ og ‘fylling.’ Ein dag formar Gud tinga, ein annan dag fyller han det, og gjev det konkret framtoning. Vi kan setje det opp slik:

Dag 1 og Dag 4

Dag 1 (Gen 1,1-5): Gud skaper himmelen og jorda. Sistnemnde er aud og tom, og mørk. Gud skapar lyset, og skilde det frå mørkret.

Dag 4 (Gen 1,14-19): Gud skaper dei to store ljosa; han gjev lyset ein konkret framtoning.

Dag 2 og dag 5

Dag 2 (Gen 1,6-8): Gud skaper himmelkvelven, og skil vatn (himmelen; skyer, regn, etc.) frå vatn (vatnet).

Dag 5 (Gen 1,20-23): Gud fyller opp vatnet og himmelen med liv.

Dag 3 og dag 6

Dag 3 (Gen 1,9-13): Gud skaper fastlandet, og let jorda gro “grøne vokstrar, planter som set frø, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag.”

Dag 6 (Gen 1,24-31): Gud fyller opp jorda med levande skapningar “fe, kryp og villdyr, kvar etter sitt slag,” samt menneska — og gjev dei plantar og frukt til mat.

Dag 7

Dag 7 (Gen 2,1-4): Gud kviler frå skapinga, og velsignar kviledagen.

Dette er sjølvsagt ikkje meint som siste ord i debatten. Men eg trur ikkje ein treng å kaste bort vitskap når ein les Bibelen, eller omvendt.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s