Presteteneste og maktretorikk

Eg vert ofte, kanskje spesielt på internett, konfrontert med ein sær maktretorikk i spørsmål omkring prestetenesta – og då spesielt i kvinneprest(inne)spørsmålet. Eg får ofte høyre at kvinner må få vere prestar, fordi maktfordelinga er skeiv. Eller at vi må avskaffe prestetenesta slik den er no – av same grunn. Men dette er ein maktretorikk vi må slutte med.

Prestetenesta handlar ikkje om å få makt ‘eksklusive rettar.’ Prestetenesta handlar ikkje om rettar og om makt, men om plikt og teneste. Maktretorikken, som gjennomsyrer store delar av debatten rundt prestedømet, misforstår heile poenget med kva prestetenesta er for noko. Det er ikkje innført for at presten skal utøve si makt overfor kyrkjelyden – sjølv om det sikkert er nok av prestar som har misbrukt tenesta sitt på ein slik måte – men at presten, ved sitt kall og sin ordinasjon, er sett til å forvalta ord og sakrament,[1] gjeta sauene og verne om Guds folk – i Kristi stad.[2] Presten er ikkje der for å styre, men for å tene. Slik Kristus sa det i Mark 10,42-44:

De veit at dei som blir rekna for å vera fyrstar over folka, undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand. Men slik er det ikkje blant dykk. Den som vil bli stor blant dykk, skal vera tenaren dykkar. Og den som vil vera først blant dykk, skal vera slave for alle.

Det viktige i så måte, er at sidan dette handlar om teneste, så må ein sjå til den som kallar tenestefolka ut. Dette er Gud. Og den kristne tradisjonen tilseier at einskilde er kalla til dette embetet, medan andre er kalla til andre tenester. Gud kallar også til å vera lærar, politi, student, lækjar, barnehageassistent, etc. Dette handlar ikkje om makt. Det handlar om oppgåvefordeling.

Noter:

[1] jf. Confessio Augustana, art. 5, 14 og 28.

[2] Sjå m.a. Matt 16,18-19; 18,18; Joh 20,15-19; Rom 15,16; Fil 2,17; 2Kor 5,20.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s