RE: Presteteneste og maktretorikk

På fredag 1. oktober d.å. skreiv eg litt om den maktretorikken som gjennomsyrer store delar av debatten omkring prestetenesta. Eg vil gjerne byggje litt vidare på den, og vil i denne posten sjå litt på omgrepa ‘overordning’ og ‘underordning.’ I Ef 5,21 står det: “Ver underordna kvarandre i ærefrykt for Kristus.” Denne teksten handlar primært om ekteskapet, men kan kanskje også nyttast om kyrkja. Eg er usikker på om det er god eksegese, men vi antek at det er greit for argumentet si skuld.

Dette vert ofte brukt mot autoritetstanken, men eg lurer på kvifor. Er det ikkje slik at for at det skal kunna vere ‘gjensidig underordning’ må det også vere ‘gjensidig overordning’? Noko anna vil tømme omgrepet for all meining. Slik eg ser det — knytt til innlegget mitt om prestetenesta — handlar dette om at vi over- og underordner oss kvarandre i høve til dei oppgåvene den einskilde har. For å ta eit sekulært døme, kan vi seie at ein politikonstabel har politiautoritet overfor ein lærar eller professor, medan sistnemnde har lærar- eller professorautoritet overfor politikonstabelen. Dette er  heilt naturleg. Vi har autoritet ut frå dei oppgåvene og det kallet vi har fått. “Ten kvarandre,” skriv Peter, “kvar og ein med den nådegåva han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde.” (1Pet 4,10. NT05)

One comment on “RE: Presteteneste og maktretorikk

  1. Are Karlsen says:

    Det er spennende at du drøfter disse spørsmålene. Vi har diskuttert dette tidligere, og tror ikke jeg skal tilføye mer akkurat nå. Det hadde vært fint om andre kunne ta opp hansken.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s