Livet etter døden

Denne posten er ei omredigering og utviding av ein kommentar eg skreiv på bloggen til Harald Hauge.

Harald tek for seg spørsmålet om ‘livet etter døden,’ i kjølevatnet av dei seinaste krumspringa til prinsesse Märtha Louise, og med utgangspunkt i nokre interessante tankar frå biskop emeritus Per Lønning og Ivar August Bye (sjå også her). Harald kom der med ein interessant kommentar, som eg vil spele vidare på. Han skreiv:

Slik skal det være: Kirka tror på et liv etter døden, men avstår samtidig fra å spekulere i hvordan dette livet arter seg, annet enn å slå fast at det er “i Kristus”.

Eg trur at hovudgrunnen til at kyrkja er tilbakehalden på dette området er at det er dette livet her og no som ER livet. Livet etter døden er ikkje eit totalt brot med livet her og no, men snarare fullendinga av det vi har her og no. Dette står i motsetnad til den kroppslause nyreligiøsiteten der ‘livet etter døden’ er i ei slags ‘åndeleg sfære.’

I kristen tradisjon er vi ikkje kroppslause ånder som flyg rundt, eller som er fanga i materien. Det er i materien vi verkeleg vert realiserte som menneske. Vår sjel vert aktualisert i materien.

Difor vil vår tilbeding vere kroppsleg (og dermed liturgisk[1]). Og fordi vi skal halda fram med å vere menneske vil det livet vi skal leve etter døden også vere essensielt kroppsleg.

Noter:

[1] Liturgi er folket sitt arbeid.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s