Takk og lov

28. sundag i det ålminnelege kyrkjeåret
Tekstar: ① 2Kong 5,14-172Tim 2,8-13Luk 17,11-19

Eg skal ikkje skrive så mykje i dag, men vil berre reklektere kort over evangelieteksten. Eg held meg til tekstane i Den katolske kyrkja.

Det står skrive hjå evangelisten Lukas i det 17. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

11 Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12 Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna 13 og ropa: “Jesus, meister, miskunna deg over oss!” 14 Han såg dei og sa: “Gå og vis dykk for prestane!” Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. 15 Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud med høg røyst, 16 kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan. 17 Då sa Jesus: “Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? 18 Var det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud æra?” 19 Og han sa til mannen: “Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.”

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Historia vi les dag vert kalla ‘den takksame samaritanen.’ Her lærer vi den rette haldninga vi skal ha overfor Gud; vi skal takka og prisa han.

“Takk og lov.” Dette er eit velkjent ordpar i det norske språket. I våre dagar vert dette ofte brukt når noko negativt ikkje har skjedd; det har ein tendens til å verta brukt litt negativt. “Takk og lov at Ole nådde bussen.” “Takk og lov at Trine overlevde den turen.” “Takk og lov at brannvesenet nådde fram i tide.” Slik vert det ofte brukt: om ein god slutt der ein venta noko negativt. Og vi må ikkje slutte å bruke uttrykket slik. Nei, men vi må også bruke det meir positivt.

I sitt forhold til Gud skal den kristne kjenneteiknast på at han seier “takk og lov.” Dette er den haldninga han bør ha. Men kva betyr det?

I sum betyr det at vi skal takka Gud for det han har gjort for oss, og lova eller prisa han for den han er. Dette er ein viktig distinksjon, men det er også viktig å halda desse to saman.

I kristen lovsong syng vi ofte om at vi er takknemleg over den frelsa vi har i Kristus. Der er det takken som står øverst; og det skal han gjere også. Men det er også viktig å prisa Gud, for det er det vi er skapte til. Vi er skapte til å prisa Herren fordi han er Herren. Men det er ofte slik at vi lærer han å kjenne på grunn av det han har gjort for oss. Difor vert det ofte slik at det er i takken at vi lovprisar han. Og det er den kristne tilbedinga. Vi ser det kanskje klarast i evkaristien; i den store takkseiinga. Nattverden er kjerna i tilbedinga: Der møter vi Herren heilt konkret under skapnaden åt brødet og vinen. Kristus vert bore fram; vi prisar Gud og vi takkar han for frelsa. Dersom du berre hugsar ein ting i dag, lat det vera dette: gjev din takk og din pris til Gud, fordi det er det som er vårt sanne mål med livet. Det er det som er meininga med livet. Å leve evkaristisk. Då let eg Fr. Arnfinn Haram få (nesten) siste ordet:

Hva er meningen med livet? Det er ikke å bli rik og vellykket, det er ikke å bli den flinkeste og kuleste. Det er å takke Gud. Det er å utstråle takk til alt omkring deg. Det er — Eukaristien!

Lat oss be:
Herre, vi takkar og prisar deg av heile vårt hjarte. Det er i deg vi lever, og rører oss og er til, og utan deg kan vi ingenting gjera. Difor ber vi deg: Lat oss få del i det evige livet, la heile vårt liv gjennomstrøymast av deg, slik at vi lever livet vårt etter Jesus Kristus, din Son, vår Herre sitt førebilete, han som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s