Pris på e-bøker

Via Dagbladet

______________________________

Oppdatering 26.12.2010: St. Olav forlag, som er særs mykje mindre enn Gyldendal, har gjeve ut nokre titlar som e-bøker. Dei har versjonar til både Kindle og andre lesebrett, og dei har klart å presse prisen med ca. 50%, noko Bjarne Buset seier ikkje er mogeleg.

______________________________

I August gjekk eg til innkjøp av ein Kindle DX Graphite — eit lesebrett frå Amazon. Dette har vore ei god ivestering, og eg har kjøpt gode bøker til ein billig penge. Men no er det visstnok slik at dei ikkje er så billige likevel, om ein skal tru Bjarne Buset, informasjonssjef i Gyldendal Norsk Forlag. Men skal vi det? Nei.

Han spør:

Hvor stammer den hardnakkede myten fra om at amerikanske e-bøker er så billige? Den dyreste e-boka hos Kindle koster 6.433 dollar, og det ligger mer enn 5.000 bøker der som koster over 150 dollar.

Ja, den dyraste e-boka på amazon koster fakisk $6433,20. Til gjengjeld kostar hardcover-utgåva $8039. Altså vil ein med ein Kindle spare $1605,8. Dvs kr. 9375,1421. Denne detaljen var visst ikkje så viktig å ha med i artikkelen. Det er også rett at det finst meir enn 5.000 e-bøker til over $150. Men det er altså litt over ein prosent av bøkene. Amazon har 477362 ebøker.

Amazon sine ebøker er generelt billige, og det er vel strengt tatt det er som poenget. Pensumbøker ligg på $12-20, og det er billig, spesielt med tanke på at du slepp fraktkostnader.

Kansje det er dette som er Bjarne Buset sitt poeng? Vil han kanskje at vi skal forvente at det er dyrt, fordi dei skal tolle oss i hel frå juli 2011? Eller det det kanskje eit desperatr skrik frå ein bransje som nok ein gong har vorte akterutsegla?

Eg let då Eirik Newth, frå kommentarfeltet til Bjarne Buset sin artikkel, avlutte dette: “Å komme drassende med en kuriøs spesialtittel om kjernefysikk, som åpenbart ikke er ment for allmenmarkedet (enn si folk som betaler av egen lomme), bringer deg ikke en millimeter nærmere det målet. Gakk hen og research bedre, er min oppfordring.”

This entry was posted in Ymse.

One comment on “Pris på e-bøker

  1. Eg har lagt til ei oppdatering øvst i teksten.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s