Tru på Gud

29. sundag i det ålminnelege kyrkjeåret (Misjonssundag)
Tekstar: ① 2Mos 17,8-132Tim 3,14-17 / 2Tim 4,1-2 (2Tim 3,14-4,2) ⓔ Luk 18,1-8

Eg skal ikkje skrive mykje i dag, men vil kort ta for meg nokre tankar kring teksten. Eg held meg til tekstane i Den katolske kyrkja.

Det står skrive hjå evangelisten Lukas i det 18. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

1 Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: 2 “I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske. 3 I same byen var det ei enkje. Ho kom gong på gong til han og sa: ‘Hjelp meg i saka med motparten min, så eg kan få min rett.’ 4 Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg sjølv: ‘Endå eg verken har ærefrykt for Gud eller tek omsyn til noko menneske, 5 vil eg hjelpa denne enkja til retten hennar, sidan ho plagar meg slik, elles endar det vel med at ho flyg like i synet på meg.’” 6 Og Herren sa: “Høyr kva denne uærlege dommaren seier! 7 Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei? 8 Eg seier dykk: Han skal raskt sørgja for at dei får sin rett. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?”

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Dagens evangelietekst byrjar med ei enkel overskrift; at Kristus “fortalde … ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet.” Men før vi går inn på sjølve teksten trur eg det er viktig å sjå på kva konteksten den står i. I det førre kapitlet (kap. 17) les vi, frå v. 20, om korleis det skal vera når Guds rike kjem. Kristus fekk spørsmål frå nokre farisearar om når dette skal skje, og svara: “Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga. Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’, eller: ‘Der er det’. For Guds rike er midt iblant dykk.” (v. 20b-21) Vidare tala Kristus om korleis stoda vil vere i verda når Han kjem attende. Det er denne konteksten vi må lese dagens evangelietekst inn i. Lat oss no sjå på den.

“I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.” I denne likninga ser vi noko interessant. Kristus liknar Gud, med negativt forteikn, med ein korrupt og uærleg tenar. Han bruker her det stikk motsette av det han seier om Gud. Gud er verken korrupt eller uærleg, og han tek omsyn til menneska. På denne måten får han fram poenget sitt på ein sterk måte; at dersom denne uærlege tenaren ville gjere det han gjorde for enka, vil ikkje Gud gjere så mykje meir? Eg skal i dag ikkje sjå på sjølve likninga, men på det spørsmålet Kristus stiller til slutt: “Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?”

Trur vi? Dette er det store spørsmålet. For å forsøke å svare på dette må vi sjå på kva tru er for noko. Det greske ordet for tru, πίστις, tyder ikkje berre intellektuell tru; det tyder mykje meir enn det. Eg vil her sjå på tre måtar trua kjem til uttrykk: (1) som tillit; (2) som intellektuell tru; og (3) som truskap.

1. Tillit

Tillit er eit kjerneomgrep i kristentrua, men også i samfunnet. Vi må kunna ha tillit til foreldre, ti born, til dei vi jobbar saman med, osb. Heile samfunnet, alle relasjonar, byggjer når alt kjem til alt, på tillit. Og slik er det også i høve til Gud. Overfor han er vi som born; vi lever i eit tillitsforhold til han, og til det han har openberre for oss. Vi ser her ei tilknyting til det intellektuelle. Tilliten er grunnlaget for vår intellektuelle tru.

2. Intellektuell tru

Her må vi spørje oss: Er vi kristne opptekne av at Kristus ynskjer noko meire enn berre at vi har eit ‘hjartefohold’ til han? Tek vi han på alvor når han seier at vi ikkje berre skal elska han av heile vårt hjarte og heile vår sjel, men også av heile vårt sinn eller intellekt? (Matt 22:37) Eg er overtydd over at Kristus ynskjer at dei som kan, eller som kjenner eit kall til det, skal ta utdanning. Og at vi kan bruke utdanninga vår, eller eventuelle posisjonar vi får av den, til å proklamere Kristus. Til å vedkjenne han. Her er det interressant å sjå på kva ei ‘vedkjenning’ er for noko. Det greske ordet som vert brukt i NT er ὁμολογία. Det kjem av to greske ord, ὁμός (‘lik, samme’) + λέγω (‘å snakke, seie, prate’). Å vedkjenne vil då altså bety ‘å seie det same som…’ Når vi kristne vedkjenner trua på Kristus som Herre så seier vi det same som Gud; vi vedkjenner oss til det han har openberra for oss. Og det skal vi handle på.

3. Truskap

Ja, vi skal handla på trua, i tillit til Gud. ‘Truskap,’ som er ei heilt kurrant omsetjing av πίστις, tyder å vere tru mot den vi har tillit til. Det betyr at vi tek han på ordet, og handlar deretter. Han seier at vi skal ta oss av folk, då tek vi oss av folk. Men det er viktig å understreke at dette ikkje vert gjort for å score bonuspoeng, for slik å komme inn i himmelen. Nei; vi handlar på hans ord fordi han har gjeve oss så mykje, og fordi han arbeider i oss.

Lat oss be:
Kjære himmelske Far, vi takkar deg for alt du har gjort for oss, og i oss, og vi bed deg: Gjev oss trua slik at vi kan ha tillit til deg, bruka våre intellektuelle ressursar til di ære, og handla på ditt ord. Det bed vi deg om ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med Deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen. Amen.

2 comments on “Tru på Gud

  1. evig søkende says:

    Dette med troskap har jeg hatt problemer med å fått satt ord på. Min tolkning er at det å handle rett i forhold til de krav som blir gitt meg fra Gud, det å hjelpe andre, ikke skal få meg til å føle meg større, bedre, mer god. Når jeg gir av meg selv, skal det ikke føles som offer eller i en forventning om at jeg skal bli premiert. At det er en naturlig følelse, fjernet fra mitt ego. At dette er meningen i mitt liv, fordi det frigjør meg fra egosentriske tanker/handlinger. At jeg igjennom å arbeide med meg selv, slik at dette faller naturlig, opplever å få nærhet til Guds kraft/kjærlighet. Jeg har litt problemer med å forklare…. er jeg “helt ute på vidda”? Jeg har ingen som kan rettlede meg på min veg, og blir så ofte usikker….

  2. Eg trur du har rett. Overfor Gud skal vi berre ‘oppføre oss naturleg.’ Eit godt bilete er relasjonen foreldre-barn. Hjelper vi foreldra våre for å ‘ofre’ oss eller for å bli premiert, eller fordi det er heilt naturleg? Eg trur det er det siste.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s