‘Limadokumentet’ om kvinneleg presteteneste

I ‘Limadokumentet’ (Baptism, Eucharist and Ministry) under vignetten ‘Ministry’ står det å lese (i § 3.6.55):

Some churches ordain both men and women, others ordain only men. Differences on this issue raise obstacles to the mutual recognition of ministries. But those obstacles must not be regarded as substantive hindrance for further efforts towards mutual recognition. Openness to each other holds the possibility that the Spirit may well speak to one church through the insights of another. Ecumenical consideration, therefore, should encourage, not restrain, the facing of this question.

Vil ikkje dette representere eit funksjonalistisk embetssyn som berre tek omsyn til funksjonen, og ikkje til embetsberaren? Eg er sjølvsagt einig i at det er embetet, eller embetet sitt innhald, som skal vere i fokus, og ikkje embetsberaren sin person. Men det betyr ikkje at han er uviktig. Eg trur Paulus seier det best: “Så skal einkvar sjå på oss som Kristi tenarar og forvaltarar av Guds løyndomar.” (1Kor 4,1)[1] Paulus får her fram begge delar: fokuset er på Guds løyndomar, men vi skal også hugsa på at det er einskilde personar som er sett som forvaltarar av dette. Slik står det i Confessio Augustana (CA) 5:

For at vi skal koma til denne [rettferdiggjerande] trua,[2] er det skipa ei teneste med å læra evangeliet og gje sakramenta. For med Ordet og sakramenta som middel vert Den Heilage Ande gjeven.[3]

Spørsmålet om kvinneleg preste- eller bispeteneste er ikkje eit pragmatisk spørsmål slik det vert framstilla i ‘Limadokumentet.’ Det er eit spørsmål om validitet. Vil sakrament, i all hovudsak her nattverdssakramentet, som er forvalta av kvinner vere gyldig? Det er spørsmålet. Dersom ein ikkje tek opp det spørsmålet har ein misfotstått heile debatten. Det er ikkje ein debatt om kvinner passar som sjelesørgarar eller om dei er gode organisatorar eller administratorar, noko dei høgst sannsynleg er.[4] Nei, det er ein debatt om vi har fått autoritet frå Herren til å ordinere kvinner til prestetenesta, og om sakrament forvalta av ei kvinne vil vere gyldige. Andre spørsmål er uinteressante i denne samanhengen.

Noter:

[1] Mi omsetjing.

[2] Jf. CA 4.

[3] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 47.

[4] Dette vil sjølvsagt, akkurat som med menn, vere eit spørsmål om den einskilde kvinne.

3 comments on “‘Limadokumentet’ om kvinneleg presteteneste

  1. rootsman says:

    “Nei, det er ein debatt om vi har fått autoritet frå Herren til å ordinere kvinner til prestetenesta, og om sakrament forvalta av ei kvinne vil vere gyldige. Andre spørsmål er uinteressante i denne samanhengen.”

    Jeg er helt enig i denne framstillingen. Eklesielle spørsmål handler om autoritet og ikke om personlige preferanser og ønsker.

    Det samme tenker jeg om Peter – har han et primat, eller ikke? Hvis ja må jeg forholde seg til ham, hvis nei står jeg mer fritt i det apostoliske miljøet.

    Jeg ser det også slik at man er bundet av sin samvittighet i slike spørsmål – altså at man er ansvarlig for det man vet og forstår.

  2. Thomas says:

    Har virkelig ortodokse representanter i WCC undertegnet på dette?

  3. Eg har mine tvil, men er usikker.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s