Var Kristus fråhaldsmann?

Det fylgjande er ei lettare redigering av eit innlegg eg hadde på trykk i DagenMagazinet 8. november d.å. Eg har retta nokre skrivefeil, lagt til dei rette greske orda (med transliterasjonane i parantes), samt lagt til kjelda mi.

______________________________

I DagenMagazinet den 2. november hadde Kari Bergendahl eit innlegg på trykk der ho prøvde å vise at Kristus var fråhaldsmann. I dette innlegget tok ho ei rekke logiske sprang, og eg vil her ta for meg det eine, og hennar bruk av gresk.

Som ‘bevis’ for at Kristus var fråhaldsmann viser Bergendahl til regelen i 3Mos 10,9. Ho skriv: “Jesus hadde en treårstjeneste som «prest på Melkideks vis». Han hadde altså ikke lov til å drikke alkohol.” Her ser vi to feilslutningar. For det fyrste var alkoholforbodet til Aron og sønene (og altså ikkje til levittane som heilskap slik Bergendahl påstår) eit forbod som gjaldt når dei steig inn i møteteltet, men ikkje elles. Var heile Jesu virke ein direkte parallell til dette? For det andre set ho eit likskapsteikn mellom det aronittiske (eller i hennar ord; det levittiske) og det melkisedekske øvsteprestembetet. Dette kan ikkje postulerast utan vidare, og eg trur argumentasjonen hennar feilar her. For det som Aron og sønene hans ikkje fekk lov å drikke då dei steig inn i møteteltet, nemleg vin (hebr. yayin), var nettopp det Melkisedek kom ut med i 1Mos 14,18. Yayin tyder vin du kan verte full av.

Vidare har vi Bergendahl sin bruk av det greske språket. Det greske substantivet οἶνος (oinos) tyder alkoholhaldig vin. Det greske substantivet for alkoholfri druejus er τρύξ (tryx). For å parafrasere ein bekjent av meg: “Eg skal tru at vinen i NT var alkoholfri den dagen eg drikk meg full på druejus.” Vidare har vi verbet μεθύσκω (methyskå). Det tyder ikkje, som Bergendahl påstår, ‘mett,’ ‘utyrst’ eller ‘døsig.’ Det tyder ‘å verte full’ (eng.: to cause to become intoxicated.)

Nei, Kristus var ikkje fråhaldsmann. Men det betyr ikkje at vi ikkje kan vere det eller at det ikkje er gode argument for fråhald i våre dagar. Men det er, som Rune Larsen har påpeika fleire gonger, ein heilt annan debatt. Og denne viktige debatten vert berre skada av innlegg av den typen Bergendahl kjem med. Ein vinn ikkje folk for saka si ved å spreie usanningar.

Kjelde:

Walter Bauer, A Greek-English Lexicon of the New Testament and Other Early Christian Literature. Third ed. Revised and edited by Frederick William Danker. University Of Chicago Press 2001

One comment on “Var Kristus fråhaldsmann?

  1. […] å ta det første først: Katolikken berørte de filologiske sidene ved saken for en stund siden, og konkluderte i likhet med det overveldende flertall av spesialistene med at […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s