Kondomar og katolsk seksualetikk

Under spørsmål- og svarrunden etter eit foredrag i kveld var det ei kvinne som drog fram Den katolske kyrkja sitt syn på prevensjon, og poengterte kor feil dette var, spesielt i høve til HIV/aids-problematikken. Vi kan kanskje, og det skjer til tider, spørje det same om ungdom som har sex, og som får beskjed om å bruke kondom. Og lat meg vere ærleg: dersom eit ungdomspar i tenåra har sex, så skal eg inrømme at eg håpar dei brukar kondom. Men likevel vert det feil å dra fram Den katolske kyrkja sitt syn på prevensjon utan samstundes å ta inn over seg den katolske seksualetikken som heilskap.

For dei døma som ofte kjem opp i denne debatten — HIV/aids-problematikken i afrikanske land og ungdomssex — tek ikkje omsyn til kva den katolske seksualetikken seier om sex. For det fyrste set ein stort fokus på det å vere kysk. For det andre seier ein at sex høyrer heime innanfor ekteskapet, og så seier ein at den naturlege enden for sex er prokreasjon. Forbodet mot bruk av kondomar må altså forståast ut frå at sex berre skal ‘utførast’ innan ekteskapet, noko som betyr at overgrep i Afrika og sex mellom tenåringar er feil i seg sjølv, også utan bruk av kondom.

Vidare er det eit poeng som mange ikkje tenker på, men som er ein viktig del av den katolske seksualetikken. Det er at ein kva (naturlege) ting skal brukast med fokus på sitt naturlege mål. Auga skal brukast til å sjå med, føtene til å gå med, etc. Og sex har å gjere med prokreasjon. Det betyr ikkje at sex berre handlar om dette, men at det heller ikkje handlar om mindre enn dette. “Classical natural law theory,” skriv den katolske filosofen Edward Feser, “does not say we must never use a natural capacity other than for its natural end, or even, necessarily, that we must use it at all. But it does say that we cannot use it while at the same time frustrating its natural end.”

Det er altså viktig å poengtere at prevensjonsspørsmålet er ein liten del av dette, og det høyrer innanfor seksualetikken som heilskap.

One comment on “Kondomar og katolsk seksualetikk

  1. andreas says:

    Enig Kjetil

    Det som også ofte skinner igjennom den ofte hysteriske argumentasjonen tilknyttet kondom- og prevensjonsproblematikken, er også et veldig negativt menneskesyn som av og til grenser til det rasistiske.

    Av en eller annen grunn er det f. eks et udiskutabelt premiss at afrikanere er så naive og lydige at de ikke bruker kondom ved seksuell omgang, i motsetning til katolske europere f.eks. Lydige mot kondom-forbudet altå, men ikke forbudet mot sex utenfor ekteskapet. Årsaken til en slik åpenbar logisk inkoherens i argumentasjonen, må nødvendigvis ligge i en rasistisk tankegang som jeg her ikke orker å gå nærmere inn på….

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s