Er kyrkja hierarkisk?

Eit spørsmål eg ofte har teke opp her på bloggen, og som har skapt ein del debatt før, er om kyrkja er hierarkisk. For å setje lys på dette spørsmålet vil eg her sjå på nokre utvalte omgrep som er brukt om kyrkja i kristen samanheng. Desse uttrykka er uttrykket ‘familie,’ det greske substantivet κοινωνία (koinånia) og det greske substantivet ἐκκλησία (ekklæsia). Dette vert ein kort refleksjon.

1. Familietermenologien

Det fyrste vi må hugse på at på NT si tid var familieomgrepet hierarkisk å forstå. Samfunnet var utprega patriarkalsk, og vi må hugse på det når vi les NT. Eg trur det vert feil å ta fatt i familietermenologien (at Faderen er vår Far; Kristus vår bror; dei kristne våre sysken, etc.) å dra den ut av sin naturlege (patriarkalske) kontekst og tolke den i ljos av den moderne familietanken. Det er ikkje feil at vi har endra på familietanken i vårt samfunn. Eg trur det er bra. Men det betyr ikkje at vi kan lese den nytestamentlege familietermenologien i ljos av denne. Det vert særs kreativ eksegese.

2. Κοινωνία

Det greske substantivet κοινωνία tyder ‘felleskap,’ men den omsetjinga er eigentleg litt ‘tam.’ Dei fyrste kristne hadde fellesskap, kommunion eller κοινωνία, som det heiter på gresk. Det greske κοινωνία og det latinske communio, skriv Ola Tjørhom, “lar seg bare et stykke på vei oversette ved hjelp av det norske ordet «fellesskap». For i denne forbindelse handler det om et fellesskap som innebærer en helt konkret delaktighet. Innenfor communio-fellesskapets rammer eksisterer vi ikke bare side ved side, vi får også del i hverandre med alt det vi er og har.”[1] Vi er kalla til å vera eitt. Om dei fyrste kristne les vi: “Og dei heldt seg trufast til læra åt apostlane og til kommunionen;[2] til brødsbrytinga og til bønene.”[3] Det som karakteriserar kristendommen er altså lære, kommunion, nattverd og bøn. Men læra var altså ikkje noko ein fann på sjølv. Ein hald fast på ‘læra åt apostlane.’ Apostlane hadde autoritet.

3. Ἐκκλησία

Det viktigaste omgrepet er nok likevel det greske substantivet ἐκκλησία. For det fyrste vart dette i det sekulære greske samfunnet brukt om folkeforsamlinga i t.d. Athen. Å påstå at denne ikkje var ordna hierarkisk er nonsens. For det andre er ἐκκλησία brukt i Septuaginta som ei omsething av det hebraiske substantivet Qahal, t.d. i Sal 22,22. Qahal vart brukt om heile Israels-lyden. Dei var klart hierarkisk ordna: Øvstepresten på topp, så prestane[4]; deretter levittane, så folket. (Dei var også hierarkisk inndelt, både med forskjellige underleiarar og familiar) Det som ofte vert gjort er at ein seier at ἐκκλησία tyder ‘dei som er utkalla,’ og så tek ein denne termen ut av sin naturlege (patriarkalske) kontekst og tolker den i lys av den moderne tanken om demokrati og ‘flat struktur.’[5]

Ja, ἐκκλησία viser til ei gruppe som fylgjer Kristus. Men denne gruppa er hierarkisk ordna, akkurat som Israels-lyden og folkeforsamlinga i Athen. Israels-lyden var hierarkisk ordna fordi Gud ville det, ikkje fordi dei kjente det slik.

Når ein seier at kyrkja berre viser til dei utvalte som trur på Kristus, og ikkje til hierakiet trur eg at ein lagar eit falsk skilje. Eg seier ikkje at kyrkja berre tyder hierarkiet, men at kyrkja i sin essens (med alle sine lemmer) er hierarkisk ordna. Bruken av ἐκκλησία tyder på dette.

Noter:

[1] Ola Tjørhom, Kirkens enhet – for at verden skal se og tro: En innføring i økumenisk tenkning. Oslo: Verbum 2005, s. 102

[2] Gr.: κοινωνίᾳ (fem., sing. dativ).

[3] Om ikkje anna vert nemnt i teksten så er vera omsett av underteikna, med eit språkleg utgangspunkt i 1978/85 og NT05.

[4] Eg er usikker på kor eg skal plassere Moses.

[5] Er det verkeleg noko som heiter ‘flat struktur’? Eg tviler på det.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s