Vak!

1. sundag i advent
Tekstar: ① Jes 2,1-5Rom 13,11-14Matt 24,37-44

I dag er det 1. sundag i advent, og vi er for alvor inne i det som for min del, både personleg og kristeleg, er årets viktigaste ventetid. Men fyrst, lat oss lese tekstane. Eg siterer berre evangelieteksten.

Det står skrive hjå evangelisten Matteus i det 24. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

37 Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att. 41 To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att. 42 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. 43 Men det skal de vita: Dersom herren i huset visste kva tid på natta tjuven kom, så ville han vaka og ikkje la han bryta seg inn i huset. 44 Difor skal de vera førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Den viktigaste høgtidsdagen i kyrkjeåret er nok eigentleg 1. påskedag, men eg har ein stor kjærleik for jula, og for advent. Det har mykje å gjere med juletradisjonane, men eg trur at advent og jul er minst like, om ikkje meir, viktige enn påsken. Påsken er toppunktet, der Kristus gav seg sjølv for oss på krossen, men det byrja ikkje der. Mange ser på krossen som den staden Kristus ofra seg sjølv. Men eg ser heller på krossen som den staden der Kristi offer fekk sitt endelege uttrykk, sitt klimaks. Men det byrja ikkje der.

Det byrja ved at Ordet, den andre personen i treeininga — Gud frå æva av — vart menneske for oss. Dette skjedde ikkje i jula, men ni månadar før. Likevel er jula viktig, fordi ein der fekk det så konkret. Gud var eit lite born, lagt i ei krubbe.

Men kva så med advent? Advent er ventetid. Men kva er det vi eigentleg ventar på? Vart ikkje Kristus fødd for nærare 2000 år sidan? Jo, det vart han. og det vi ventar på er hans andre komme. Advent tyder nettopp ‘komme.’ I nattverdsliturgien kan ein seie, etter konsekrasjonen (innsetjingsorda), “Din død forkynner vi, Herre, og oppstoda di lovar vi, inntill du kjem.”

Vi venter på at han skal koma att. Men kva inneber denne ventinga? Kva bør den innebere?

Ser vi på dagens evengelietekst får vi eit klart svar på det. Vi må vaka! Vi må vere budd på at Kristus kjem tilbake når vi minst ventar det, og at vi må halda oss reine. I epistelteksten, i v. 14, skriv Paulus: “Men kled dykk i Herren Jesus Kristus, og ha ikkje slik omsorg for kroppen at det vekkjer lyster.” Vi skal kle oss i Kristus. Slik eg tolker det handlar det ikkje om det som i salmen Jesus, din søte forening å smake heiter ‘utvendig kristendoms skinn.’ Nei, det handlar om det motsette — om det salmen handlar om: å leve i Kristus, å ha del i Kristus.

Advent er førebuingstida til jula, men det er også den tida på året der vi vert spesielt minna på at vi må leve som Kristus, at vi må kleda oss i Han, la hans sinneleg få vinna fram i oss. Lat oss be:

Kjære Herre Kristus, vi takkar deg fordi du gav deg sjølv for oss slik at vi skulle kunna vinna barnekår hjå Far din i det høge. Difor bed vi deg: Gjev at du må vinna rom i oss, slik at vi kan vaka og vera sanne kristne som lever etter din vilje, du som med Faderen og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s