Gelius, folkets mann?

Audun Opland, som står bak den særs gode bloggen Borisoglebskij, har eit godt innlegg der han viser kva Gelius-saka eigentleg handlar om. Ikkje om Gelius sitt vrengbilete av ‘den reaksjonære maktkyrkja’ vs. ‘den edle, liberale Gelius,’ men om lojalitet vs. illojalitet.

Eg har aldri klart å ta Gelius alvorleg. For meg er han ein klovn som (heilt lausrive frå røyndomen) set seg sjølv opp som ein ‘folkets mann,’ den siste edle riddar i kampen mot det vonde imperiet. (Les: Kvarme og alle dei andre konservative som visstnok har ‘konsolidert seg i maktposisjonar’). Gelius la seg sjølv fram som ein gallionsfigur for den ‘liberale statskyrkja,’ men det hjelper lite kor stor ‘symbolverdi’ ein har dersom det ikkje lever opp til realitetane.

I så høve trur eg Audun sin siste setning nok er den som best summerar Gelius sitt problem: “Men slik er nå engang arbeidslivet; det hjelper dessverre ikke om man er flink til å møte mennesker i sorg dersom man ikke gidder å ta vakttelefonen.”

This entry was posted in Ymse.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s