Peik på Kristus

2. sundag i advent
Tekstar: ① Jes 11,1-10Rom 15,4-9Matt 3,1-12

I dag er det 2. sundag i advent, og i dag vil eg ta for meg Johannes døyparen. Men fyrst; evangelieteksten.

Det står skrive hjå evangelisten Matteus i det 24. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

1 På den tid steig døyparen Johannes fram og forkynte i øydemarka i Judea. 2 Han sa: “Vend om, for himmelriket er kome nær!” 3 Det er om han profeten Jesaja talar når han seier:
‘Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette!’ –
4 Johannes hadde ei kappe av kamelhår og lêrbelte om livet, og maten hans var grashopper og villhonning. 5 Folket i Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan drog ut til han. 6 Og dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 7 Men då han såg at mange av farisearane og saddukearane kom for å bli døypte, sa han til dei: “Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma? 8 Ber då frukt som viser at de er omvende! 9 Og tru ikkje at de kan seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane. 10 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden. 11 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. 12 Han har kasteskovla i handa og skal reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten skal han samla i låven, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.”

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Johannes døyparen. Når folk høyrer dette tenker dei nok seg ein radikal, kanskje reaksjonær, type som spring ute og roper. Og det er ikkje langt unna. Men eg trur vi har mykje å lære av han.

Eg vil ta utgangspunkt i to ting, frå v. 8 og v. 11.

Det fyrste eg vil ta fram er det Johannes seier til farisearane og saddukearane i v. 8: “Ber då frukt som viser at de er omvende!” Johannes har ein klart bodskap: Du skal ikkje berre høyra bodskapen, du må handla på den. (På bokmål vert det kanskje betre: Du skal ikke bare høre budskapet, du må gjøre det.) Men her ser vi også noko viktig; vi skal ikkje gjera ein gjerning for å verta omvendt, men for å visa at ein er omvendt. Dette trur eg passar fint med boten i Den katolske kyrkja. Den er tredelt: Anger, tru — inkludert å skrifte for den, å tru på den tilgjevinga ein får — og frukt. Vi må bere frukt som viser at vi er omvende! Men dette er ikkje frukt som viser at vi er så flinke; det er frukt som vi har og får fordi vi er i Kristus, noko som fører meg til neste punkt, frå v. 11.

Der seier Johannes: “Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.” Eg skal her fokusere på ein liten del, den rosen Johannes gjev Kristus: “Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane.”

Dette kjem godt til uttrykk i Gal 2,20a: «[E]g lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg.» Vi har alt i Kristus. Og der har vi eit godt førebilete i Johannes døyparen. Han peiker alltid på Kristus. Fredrik Wilsløff seier det best:

Men det stille, ydmyke vitnesbyrd om Jesus brakte han. Og alt det Johannes sa var sant. Folk stolte på ham. Det var ikke lett tale; det stod en mann bak ordene. Hans liv og hele hans person var som et mektig utropstegn etter alt det han sa. Derfor trodde folk på Kristus, for Johannes’ vitnesbyrds skyld. Og Jesus kalte ham den største.[1]

Lat oss be:
Kjære Far i himmelen. Lat oss få del i den gåva Johannes hadde, at vi kan få peike på Kristus og flytte fokuset frå oss sjølve. Hjelp oss å audmjukt fylgje deg, og din vilje. Dette bed vi deg i din Sons, vår Herre Jesu Kristi namn, han som med deg og Den Heilage Ande, lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Wisløff, Fredrik, Hvil eder litt (Oslo: Indremisjonsforlaget, 1948), s. 154-155 (andakt for 16. juni)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s