Kroppsøving

3. sundag i advent
Tekstar: ① Jes 35,1-6a.10Jak 5,7-10Matt 11,2-11

I dag er det 3. sundag i advent, og i dag vil eg ta for meg sakramentalitet. Men fyrst; evangelieteksten.

Det står skrive hjå evangelisten Matteus i det 11. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

2 I fengselet fekk Johannes høyra om alt Kristus gjorde. Han sende bod med disiplane sine og spurde: 3 “Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?” 4 Jesus svara: “Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: 5 Blinde ser, og lamme går, spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige. 6 Sæl er den som ikkje vender seg bort frå meg!” 7 Då dei gjekk bort, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: “Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden? 8 Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i slotta hos kongane. 9 Kva gjekk de då ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! 10 Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 11 Sanneleg, eg seier dykk: Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes. Men den minste i himmelriket er større enn han.”

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Førre veka tok eg for meg Johannes døyparen, sjølv om denne veka sin tekst kanskje handlar meir om han direkte. Eg skal difor i dag setja fokuset på noko eg finn særs interessant, og som er noko som fortel oss noko spesielt om kristendomen. Då Johannes døyparen ville ha svar på om Jesus var Messias — Kristus — sa ikkje Kristus: Eg har diskutert med farisearane, eg har debattert, og fokynt ordet. Nei, fokuset ligg ein annan stad, i det konkrete. “Blinde ser, og lamme går, spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.” Det er forkynning, men den ligg ikkje i framgrunnen. Det som er i fokus er det konkrete, kroppslege.

Det unike med Kristi evangelium er at det ikkje er noko abstrakt; det er noko ytst konkret. Då Johannes i sitt fyrste brev skulle oppsummere kjerna i evangeliet, var språket særs konkret: “Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med våre eigne auge, det vi såg og det hendene våre rørte ved, sjølve livsens ord, det forkynner vi.” (1Joh 1,1) Fokuset er ikkje på noko abstrakt, men noko konkret – på det ein har høyrt, erfart og kjent på.

Det kristne verdssynet er gjennomgåande sakramentalt. Eit sakrament er, som Augustin sa det, “eit synleg middel som Gud gjev oss sin usynlege nåde ved.”[1] I romersk-katolsk samanheng opererer ein med sju sakrament: dåp, nattverd, skriftemål, konfirmasjon, ekteskap, prestevigsling og sjukesalving. Dei (fleste) austleg-ortodokse har ei tilsvarande liste. I luthersk samanheng opererer ein med to-tre sakrament: dåp og nattverd, og evt. skriftemål. (Dette er fordi ein har ein mykje meir spesifikk syn på kva eit sakrament er.) Luther kunne også seie at vi berre hadde eit verkeleg sakrament: Kristus sjølv.

Mitt poeng i dag ligg i sakramentet sin natur. Her knytter Gud løftene sine, frelsa si, og velsigningane sine til noko konkret, til eit teikn. Og dette er ein stor nåde. At vi får lov til å ta del i Kristus ved konkrete teikn er ein stor nåde. For vi er konkrete, handfaste vesen. Vi er ikkje reine ånder.

I katolsk samanheng snakkar ein også om såkalla sakramentalia: ting som ikkje er sakrament, men som ein kan velsigne, og som gjev oss ein viss velsigning tilbake, og som har ein viss sakramental effekt, basert på vår eiga instilling til det. Dømer kan vere rosenkransar, krossteiknet, olje, etc. Dette synet — som eg innrømmer at eg har — fortel oss at heile skaparverket kan vere ei kjelde til velsigning. Gud kan ærast i sitt skaparverk, og skaparverket hans ærar han. Som salmisten seier det:

Herrens røyst får hindene til å kalva,
ho gjer skogane snaue.
Alt i hans tempel ropar: “Ære!”
Herren tronar over himmelhavet,
han tronar som konge til evig tid.
Herren gjev folket sitt kraft,
han signar det med lukke og fred
. (Sal 29,9-11)

Å krosse seg kan t.d. vere eit teikn, og eg har merka at bønelivet mitt ha vorte lettare, og meir ekte, etter at eg byrja med det — etter at eg byrja å verkeleg bruke kroppen. Men det er ikkje magi. Enkelte meiner det. Dei kan ikkje skjøna kvifor mennesket treng faste ord og uttrykk. Og kvifor vi i det heile tatt treng liturgi. Men her trur eg Terje Tønnessen har nokre interessante ord om saka:

Å gjøre korsets tegn er ikke magi. Det skjer ikke noe mekanisk bare fordi vi utfører disse håndbevegelsene. Kroppen er ingen automat eller maskin. Det indre liv og den ytre handling må være i overensstemmelse og harmoni. Vårt indre trosliv, Helligåndens og nådens liv i oss, må korrespondere med det ytre kroppsspråk. Å korse seg er en synliggjøring av troen på den korsfestede Kristus. Har man ikke denne troen, blir det å korse seg tom semiotikk. Et tegn uten innhold.[2]

Han har eit godt poeng, og poenget — som eg vil byggja litt vidare på — er at vi som menneske ikkje er ånder, englar, etc., men kroppslege, materielle vesen. Av den grunn vert liturgi svært viktig. For det handlar om å ‘kroppsleggjera’ trua. Men dette er ikkje eit pragmatisk argument, slik som det fylgjande argumentet som eg har møtt mange gonger: “Eg har ingenting imot bruk av materielle ting i tilbedinga, inkludert sakrament. For det er mange som treng eit konkret kontaktpunkt for trua.” Eg har brukt dette argumentet sjølv, men det er rett og slett eit dårleg argument.

For den haldninga som ligg bak dette argumentet er etter mi meining både ukristeleg og kvasignostisk, og byggjer på ein premiss som seier at mennesket eigentleg er åndeleg, men at enkelte — dei som ikkje er ‘sterke nok’ i trua — treng eit ‘kontaktpunkt’ eller ei ‘krykke’ for (den svake) trua si. Men faktum er at vi ikkje primært er åndelege eller sjelelege, men begge delar.

Når eit menneske bruker sakrament, ord, uttrykk, symbol, gjenstandar, etc. som ein del av sitt livssyn, så er ikkje dette berre ‘kontaktpunkt’ eller ‘krykker’ for trua. Dette ville innebere eit galt skilje mellom det åndelege/sjelelege og det kroppslege. For desse er, og skal vera, ein entitet. Jan-Olav Henriksen skriv:

Paulus (…) tenker seg at kroppen er det stedet der vår deltagelse i Guds virkelighet kommer til uttrykk. Her er han i overensstemmelse med sin jødiske bakgrunn. Derfor tenker han høyt om kroppen — han tenker seg den som Guds tempel. Hans forståelse av mennesket står derfor ikke tilbake for den vi finner hos Jesus, når det gjelder å sette en høy standard for hvem mennesket skal være. Samtidig opprettholder han det samme dobbeltperspektivet på menneskelivet som finnes i Jesu forkynnelse: mennesket er både Guds tempel — og stadig fristet til heller å la seg bestemme ut fra seg selv.

Kroppen (gr. soma) står derfor i spenningen mellom å være bestemt av Guds ånd på den ene siden, og synden på den andre. Ånden (gr. pneuma) uttrykker seg gjennom troen og kjærligheten til nesten. Den er kraften som binder mennesket til det nye livet, og gir mennesket sjansen til å leve det. Ånden er en del av det som gis gjennom troen, og er derfor en forutsetning for å ha del i fellesskapet med Gud. Når Ånden «okkuperer» kroppen, sjaltes ikke menneskets egen vilje, tanke osv. ut, men disse elementene «omfunksjoneres»: Kroppen bestemmes dermed ikke lenger ut fra seg selv — men ut fra relasjonen til Gud. Da oppfyller kroppen menneskets bestemmelse til å være Guds bilde, slik Paulus med bakgrunn i GT regner med at mennesket skal. Den uttrykker hva mennesket er som helhet, med ansvar, historisk-konkret eksistens — og tro.[3]

Som kristen trur eg at kroppen er den staden vi uttrykker den vi er. Paulus kallar kroppen for Guds tempel, og i tempelet vart Gud tilbeden på materielt, kroppsleg, vis. Når Paulus knyt dette direkte til kroppen, så forsterkar han dette perspektivet ytterlegare. Vi er ikkje innestengde ånder, men psykosomatiske vesen med eit kall til å ære Gud med eit og alt! Vi skal, som Paulus formanar oss, “bera fram lekamen [vår] til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud.” Og dette, seier Paulus, skal “vera [vår] åndelege gudsteneste.” (Rom 12:1, jmf. Rom 6:13)

Gå då ut i dag, vent på Herren, og tilbe han!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vera skal éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Sitert i: Kjell Olav Sannes, Dåpen og dens plass i kirkens liv. Oslo: Aschehoug 1978, s. 131

[2] Terje Tønnessen, Kristus blant dere — Håpet om herligheten. Eukaristisk spiritualitet i en såret og splittet verden. Saeculum 2004, s. 22

[3] Jan-Olav Henriksen, Menneskesyn — historisk arv og varig aktualitet. Oslo: Gyldendal 2005, s. 81

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s