Aslan

No som tredje film i Narnia-serien (The Voyage of the Dawn Treader) snart har premiere vil eg skrive ned nokre tankar omkring C.S. Lewis og Aslan som Kristus.

Som mange sikkert veit, kritiserte Tolkien Lewis for å vere for allegorisk i Narnia-bøkene. Tolkien var særs lite glad i allegoriar, noko som kjem fram i forordet til 2. utg. av The Lord of the Rings (mi utheving):

Other arrangements could be devised according to the tastes or views of those who like allegory or topical reference. But I cordially dislike allegory in all its manifestations, and always have done so since I grew old and wary enough to detect its presence. I much prefer history, true or feigned, with its varied applicability to the thought and experience of readers. I think that many confuse ‘applicability’ with ‘allegory’; but the one resides in the freedom of the reader, and the other in the purposed domination of the author.[1]

Spørsmålet vi no må stille oss er dette: er Narnia-bøkene allegoriske? Det er ein del hendingar som nok kan tolkast i den retninga: Aslan som gjev seg sjølv som offer for Edmund, Aslan som den som samlar folk ved tida sin ende, etc. Men er desse eigentleg allegoriske? Born som er vakse opp i ein kristen kontekst og med ei kristen oppseding vil nok kanskje oppleve det slik. Men eg trur dette er feil. For dei to påståtte allegoriske hendingane er altså to ting som er tekne ut av ein serie på sju bøker, der Aslan vanskeleg kan sjåast på som ein Kristus-allegori i dei fem andre.

Og her kjem poenget mitt: Aslan er ikkje ein allegori, Aslan er Kristus. (I ein fiksjon.) C.S. Lewis påpeike at Aslan var verken symbolsk eller allegorisk: det var den andre personen i treeininga, slik Lewis såg det for seg at han kanskje ville sjå ut i ei anna verd som trengde frelse. Aslan skriv litt om dette i eit brev til ei kvinne (Mrs. Hook), 29. desember 1958:

By an allegory I mean a composition (whether pictorial or literary) in which immaterial realities are represented by feigned physical objects e.g. a pictured Cupid allegorically represents erotic love (which in reality is an experience, not an object occupying a given area of space) or, in Bunyan a giant represents Despair.

If Aslan represented the immaterial Deity in the same way in which Giant Despair represents Despair, he would be an allegorical figure. In reality however he is an invention giving an imaginary answer to the question, “What might Christ become like if there really were a world like Narnia and He chose to be incarnate and die and rise again in that world as he actually has done in ours?” This is not allegory at all. So in “Perelandra.” This also works out a supposition. (“Suppose, even now, in some other planet there were a first couple undergoing the same that Adam and Eve underwent here, but successfully.”) Allegory and such supposals differ because they mix the real and the unreal in different ways.[2]

For Lewis er ikkje Aslan ein allegori til Kristus; han er Kristus sjølv, og som Kristus måtte han dø for syndene (til Edmund), og stå opp att. Han måtte også vere til stades ved enden på tida. Men desse to hendingane representerer berre ein liten del av det vi ser av Aslan i bøkene. Elles er han særs ‘fri’ frå Kristus: eg trur det er vanskeleg å argumentere for at alt han gjer allegorisk kan knytast til noko Kristus gjorde.

Denne posten var kanskje litt usamanhengande, men eg trur den kan vere interessant.

Noter:

[1] J.R.R. Tolkien (2009). The Lord of the Rings, foreword to the second ed.; lok. 361-364. Kindle Edition. HarperCollins [Henta frå Amazon.com, 14.10.2010]. (Dette er ei bok gjeve ut i Kindle/Mobipocket-format. Alle sitat eller tilvisingar til slike bøker viser til kapittel, seksjonar eller presise lokaliseringar (lok.) i teksten, og ikkje til sidetal.)

[2] C.S. Lewis (1988). Letters of C.S. Lewis. Edited, with a memoir by W. H. Lewis. Revised and enlarged ed., edited by Walter Hooper. London: Fount paperbacks/HarperCollins, s. 475

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s