Gudsberaren

4. sundag i advent
Tekstar: ① Jes 7,10-14Rom 1,1-7Matt 1,18-24

I dag er vi komne til 4. sundag i advent, og vi byrjar å nærme oss julebodskapen. Eg vil i dag berre sitere ein del av GT-teksten, samt heile evangelieteksten.

Det står skrive hjå profeten Jesaja i det 7. kapitlet.

10 Herren tala atter til Akas og sa: 11 “Krev deg eit teikn av Herren din Gud! Krev det nede i dødsriket eller oppe i høgda!” 12 Men Akas svara: “Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje setja Herren på prøve.” 13 Då sa profeten: “Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg? 14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.”

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova!

Det står skrive hjå evangelisten Matteus i det 1. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

18 Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. 19 Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. 20 Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: “Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. 21 Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.” 22 Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: 23 Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel – det tyder: Gud med oss.

24 Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Ortodoks Theotokos-ikon

I dag sentrerer bodskapen omkring Maria, og det at ho fekk lov å vere den som skulle bera fram Herren. Det ikonet eg lar lagt ved som illustrasjon attmed teksten her, er eit såkalla Theotokos-ikon (gr. Θεοτόκος). Ordet kjem av to greske substantiv θεός, ‘Gud,’ og τόκος, ‘barsel.’ (Sistnemnde kjem av det greske verbet τίκτω, ‘eg ber fram.’) Som Theotoks er altså Maria Gudsberaren, Guds mor.

I konkordieformelen (Solia Declaratio) sin artikkelen om Kristi person (5,24) står det litt om dette. I skrivande augneblink har eg diverre ikkje den norske teksten tilgjengeleg, så eg siterer den på engelsk:

On account of this personal union and communion of the [divine and the human nature], Mary, the most blessed Virgin, bore not a mere man, but, as the angel [Gabriel] testifies, such a man as is truly the Son of the most high God, who showed His divine majesty even in His mother’s womb, inasmuch as He was born of a virgin, with her virginity inviolate. Therefore she is truly the mother of God, and nevertheless remained a virgin.

Noko av det viktigaste vi kan lære om Maria er å sjå på Kristus. Alle hennar æretitlar er direkte knytt til Han. For det fyrste seier vi at ho er Theotokos – fordi ho bar fram Kristus.

For det andre seier vi at ho er Guds mor – fordi ho var Kristi mor, Han som er Gud og menneske.

Og for det tredje seier vi at ho er æveleg møy – fordi ho levde som møy etter at Kristus vart fødd. Dette siste er nok kanskje kontroversielt, men eg ser ingen grunn til at eg ikkje skal tru på det. Det har alltid vore ein del av kyrkja sin Tradisjon – og vi ser av sitatet frå konkordieformelen.

Slik står det i ein gamal julesekvens (“Ljoset yver folki rann,” Lux est orta gentibus) omsett frå latin av Ragnhild Foss i 1938:

Sonen eine
og Gud i frå æva
fekk den reine
av møyar oss gjeva.

Møyarmori
bar til jordi
himmelblomen Gud oss gav.

Bed at Sonen i sin nåde
hjelper oss, når me i våde
stend for domen, du Guds mor![1]

Maria sitt liv er eit sant kristent liv. Ho er eit førebilete for oss. Ho trudde på Gud, ho stolte på Han og gav han sitt ja; og Kristus vart fødd. La oss ta same skrittet: la oss tru på Gud, stole på han og gje han vårt ja. La oss, om ikkje på same måte som Maria, verta Gudsberarar! La oss gje vårt liv til Kristus. For å sitere ein preste-ven av meg, som gav dette som ein kort andakt: Dersom du gjev livet ditt til Kristus, så får du hans.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal éin sann Gud, frå æve og til Æve. Amen.

Noter:

[1] Ragnhild Foss, Latinske hymnor og sekvensar. På norsk ved Ragnhild Foss. Oslo: St. Olav 1988 (opptrykk frå 1938), s. 32-33.

2 comments on “Gudsberaren

  1. predikeren says:

    Hei, du sprer glede og lys selv, med bloggen din.
    Ville bare ønske deg riktig god jul!

  2. Takk, og framleis god advent til deg, og deretter ei fantastisk Kristmesse!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s