Tru og dåp i Mark 16,16. Litt gramatikk.

Døypefonten i Nacka kyrka i Sverige. Foto: Håkan Svensson (Wikimedia Commons)

For nokre dagar sidan las eg litt om dåpen, og kom over argumentet at ein person må tru for å kunna verta døypt. Provet for dette var visstnok Mark 16,16. I NT05 står det: “Den som trur og blir døypt, skal bli frelst. Men den som ikkje trur, skal bli fordømd.” Dette er ei god omsetjing, men den kan skapa ein viss forvirring fordi ordstilling har mykje å seie på norsk og engelsk. Ut frå teksten slik den står i NT05 kan det virke som at det nødvendigvis ein ein kronologisk samanheng mellom tru og dåp: fyrst tru, så dåp. Ser ein på den greske teksten, derimot, ser ein at desse to er likeverdige.

For å halda oss til språket i NT05 kunne den greske teksten like godt ha vorte omsett slik: “Den som blir døypt og trur, skal bli frelst. Men den som ikkje trur, skal bli fordømd.”

Den greske teksten går slik:

ὁ πιστεύσας καὶ βαπτισθεὶς σωθήσεται, ὁ δὲ ἀπιστήσας κατακριθήσεται.

Eg skal her prøve å ta for meg nokre av orda i teksten. Ei hjelpeomsetjing som ikkje tek omsyn til norsk gramatikk kan sjå slik ut:

“Den [som] havende trudd og havende vorte døypt skal verta frelst, men den [som] havende mistrudd skal verta fordømd.”

Det fyrste vi skal notere oss er at ‘havende trudd’ (πιστεύσας), ‘havende vorte døypt’ (βαπτισθεὶς) og ‘havende mistrudd’ (ἀπιστήσας) alle saman er kongruente partisipp. Når noko er kongruent betyr de (innan gramatikken) at dei er i heilt lik grammatisk form. (Sjå Wikipedia, norsk (bokmål) og svensk.) I dette tilfellet er alle tre partisipp hankjønn, eintal aorist aktiv nominativ (kasus). For det fyrste viser begge til same subjekt. Dette kjem fint fram i den norske omsetjinga. For det andre, og dette kjem ikkje så godt fram, er dei i aorist. Aorist er eit grammatisk tempus som presens, perfektum, etc. Men i motsetnad til andre tempa i vårt språk, er den ikkje tidsbunden, men beteiknar finalitet. Når ein bruker det i partisipp, og ikkje i vanlege verb, beteikner aorist finalitet i høve til det overordna finitte verbet i setninga. I denne samanhengen er dette verbet σωθήσεται, ‘han skal verta frelst.’ Dette verbet er i tredje person eintal, futurum passiv indikativ. Kva dette verser fortel oss er at den som trur og vert døypt skal verta frelst (i framtid).

Dette verset kan ikkje brukast som eit forsvar for at dåpen ikkje er frelsesformidlande, fordi verset faktisk seier det motsette. Vidare er det, som eg har påpeikt oppfor, ikkje nødvendigvis noko kronologisk siktemål i verset, at trua nødvendigvis kjem før dåpen. Dei to partisippa πιστεύσας og βαπτισθεὶς er likeverdige og kongruente.

Eit vidare spørsmål som ofte kjem opp i denne debatten er også viktig. Om det har seg slik at det er ein kronologisk forhold mellom tru og dåp, kva har det eigentleg å seie for debatten? Spørsmålet hamnar til slutt på kven som kan og ikkje kan ha gudstru. Kvar går grensa? Og kva med dei som intellektuelt sett er på eit barnenivå sjølv om dei er vaksne?

Kvifor skal ei ‘protestantisk’ tolking av Mark 16,16 bety at born ikkje kan verta døypte? Det vi må forstå er at tru ikkje er ein intellektuell prestasjon frå vår side; det er ei gåve som Gud kan gje den han vil. Og difor skal vi ikkje nekte born å ta del i dåpens sakrament. Det er nettopp dette Mark 16,16 fortel oss: trua og dåpen er begge nødvendige, og ikkje noko vi skal nekte borna. Men vi kan også kvile i trua på at Gud kan frelsa dei udøypte som ikkje ‘kan noko for det.’

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s