Hummer, kanari og kvinner under Islam

Imam Sayyed Ruhollah Mostafawi Mousawi Khomeini (kjent som Ayatollah Khomeini). Kjelde: Wikimedia Commons

Lars Wærstad skriv ein artikkel om at du skal ta det du høyrer om Islam med ei klype salt. Det stemmer nok. Eg kjenner fleire muslimar, og har faktisk muslimar i slekta. Men det han skriv om kvinner under Islam er ein usæl blanding av hummer og kanari. Fyrst skriv han:

Vi hører ofte om tvangsekteskap, overgrep på ektefeller og begrensning av bevegelsesfrihet for kvinner i Allahs navn. I virkeligheten er slike tradisjoner basert på lokal kulturer og tradisjoner og mange er direkte ulovlig ifølge islamsk familielovgivning og oppfatninger av individets frihet.

Det stemmer sikkert, men det skal ikkje stikkast under ein stol at mykje av den behandlinga ein ser av kvinner har rot nettopp i Islam sine tidlegaste år. Å påstå at Muhammed sitt giftarmål med ei seks år gammal jente, og hans fullbyrding av ‘ekteskapet’ då ho var ni ikkje er tvangsekteskap er rett og slett berre tull. Artikkelen vitnar også at Wærstad ikkje heilt har grep om Islam. Islam er ikkje berre ein bokreligion, den har — som alle andre religionar — sterke røter i praksis. Wærstad skriv vidare:

Faktisk har fire av de fem største muslimske nasjonene valgt kvinner som landets overhode: Indonesia, Pakistan, Bangladesh og Tyrkia.

Indonesia er muslimsk, ja, men særs liberalt. Det same gjeld Pakistan og Bangladesh, som begge har kontaktar med vesten. Tyrkia er ikkje muslimsk styringsmessig, men ser på seg sjølv som sekulært. Men det han seier vidare tek kaka.

Til sammenligning har USA aldri hatt en kvinnelig president. Norge fikk sin første kvinnelige biskop i 1993, og det forløp seg ikke uten kontroverser. Innsettelse av Rosemarie Köhn førte til en del splittelse i Den norske kirke, ifølge Wikipedia.

Ja, USA har aldri hatt ein kvinneleg president, men det er ikkje fordi det er noko hinder for det. Det har rett og slett berre aldri skjedd. Det kunne ha skjedd i 2008/09 hadde det ikkje vore for at demokratane heller ville ha Obama. Men Wærstad gjer her den feilen at han set likskapsteikn mellom utnemning av biskopar og sekulære statsoverhovud. Kor mange kvinnelege imamar finst det eigentleg?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s