I denne søte juletid…

Merry_Christmas_1

Eit julekort trykt av Currier & Ives i New Your, ca. 1876. (Kjelde: Wikimedia Commons)

Juledag. Kristi fødselsfest.

Tekstar:
1. julemesse – Midnattsmessa: ① Jes 9,2-7Tit 2,11-14Luk 2,1-14
2. julemesse – Messa ved daggry: ① Jes 62,11-11Tit 3,4-7Luk 2,15-20
3. julemesse – Juledag: ① Jes 52,7-10Hebr 1,1-6Joh 1,1-18

I dag skal eg berre la tekstane ligge bak, og eg skal heller sjå på ein kjær gammal julesalme som ikkje vert sunge så ofte; I denne søte juletid av H.A. Brorson. Den er vakker, både i tekst og melodi, og eg skal prøve å reflektere litt over den. Slik går den (i fylgje nettsidene til Haraldsguttene):

1 I denne søte juletid bør man seg rett fornøye
Og bruke all sin kunst og flid Guds nåde å opphøye.
Ved ham som er i krybben lagt, vi vil av all vår sjelemakt
I ånden oss forlyste;
Din lov skal høres, frelsermann, så vidt og bredt i verdens land
At jorden den skal ryste!

2 En liten sønn av Davids rot, som og er Gud til like,
For våre synders skyld forlot sitt høye himmelrike.
Det var ham svært å tenke på at verden skulle under gå,
Det skar ham i hans hjerte;
I sådan hjertens kjærlighet han kom til oss på jorden ned
Å lindre all vår smerte!

3 Vår takk vi frem vil bære da, enskjønt den er kun ringe;
Hosianna og Halleluja skal alle vegne klinge.
Guds ark er kommet i vår leir; ti synger vi om fryd og seir
Mens hjertet må seg røre,
Vi synger om den søte fred, så helvede skal skjelve ved
Vår julesang å høre!

Det fyrste vi ser i salmen, og som eg meiner set tonen for heile teksten — og for juletida, og kristenlivet — er at vi skal opphøgje Guds nåde. Bibelen er full av slik språkbruk: vi er kalla til å opphøgja Herren, til å prisa Han, til å lova han. Og det passar seg særs godt no i julatida.

Når vi får ei gåve passar det seg å takke den vi fekk gåva av; å vise takksemd. Og det er nettopp det som er tema i salmen. “I sådan hjertens kjærlighet,” står det, “han kom til oss på jorden ned / Å lindre all vår smerte!” Dette vert så etterfyllgt av eit vers som oser av pris og takksemd. “Vår takk vi frem vil bære da, enskjønt den er kun ringe; / Hosianna og Halleluja skal alle vegne klinge.” Til slutt står det: “Vi synger om den søte fred, så helvede skal skjelve ved / Vår julesang å høre!”

Dersom det er éin ting det vonde ikkje toler, så er det at vi prisar Gud – at vi påkallar og lovar hans namn. Vi må hugse på dette; at det beste våpenet vi har i kampen mot det vonde er lovsongen, og det gode, kristne livet. Vi er alle kalla til å leve heilag, til å vere helgnar. Men dette er ikkje noko vi vert fordi vi er så perfekte i oss sjølve, men det har sin grunn i Kristus; i det han har gjort, og i det at han virkar i oss, og gjennom oss. Men dette ser det ut som vi har gløymt i vår moderne tidsalder “Moderniteten,” skriv Gerard Loughlin, “er ikkje velutrusta til å forstå kva som er det sentrale i kristen tanke; nemleg at det ævelege og det timelege ligg så nært kvarandre i Jesus Kristus.”[1] Og fordi desse to no har møtt kvarandre i Kristus, kan vi i lovprising stige fram for Gud og kalle han Far!

Lat oss gå juletida i møte med eit takknemleg sinn. Lat oss takka, lova og prisa Gud!

Lat oss saman lova Herren
og prisa hans store namn!

(Sal 34,4)

Noter:

[1] Frå “Time“”, The Oxford Companion to Christian Thought.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s