Godt nytt år!

Herrens omskjering, detalj. Guido Reni (1575–1642)

Guds heilage mor Maria (Den katolske kyrkja, Dkk)
Herrens omskjering (Den nordisk-katolske kyrkja, Dnkk)

Tekstar (Dkk):
4Mos 6,22-27Gal 4,4-7Luk 2,16-21

(Eg er litt usikker, men eg trur desse tekstane også vert brukt i Dnkk.)

Og no er vi komne inn i enno eit nytt år; 2011. I Dkk feirar ein denne dagen til minne om Guds heilage mor Maria, medan ein etter gammal tradisjon har feira dette som festen for vår Herre Jesu Kristi omskjering. Dette siste gjer ein t.d. i Dnkk. Eg er faktisk usikker på kva tekstar ein bruker i Dnkk, men eg vil i dag ta for meg tekstane i Dkk, men med fokuset på ‘omskjeringsfesten.’

Dagens tekstar er å finne oppfor. Eg byrjar med å seitere evangelieteksten til Dkk.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Lukas det 2. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

16 Så skunda dei [hyrdingane] seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. 17 Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. 18 Alle som høyrde på, undra seg over det hydingane fortalde. 19 Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. 20 Og hydingane vende tilbake. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei. 21 Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Fokuset ligg i dag altså på at Kristus vart boren fram for å omskjerast. Dette kjem også godt til uttrykk i epistelteksten for Den katolske kyrkja, Gal 4,4-7:

4 Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova. 5 Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born. 6 Og sidan de er born, har Gud sendt sin Sons Ande inn i hjarta våre, og Anden ropar: “Abba, Far!” 7 Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.

Det Jesus gjorde var at han retta opp att det Adam hadde gjort. Der Adam var ulydig og arrogant (han skulda på Eva), var Kristus lydig. Vi ser også noko anna interessant. Maria er ofte kalla den nye Eva — fordi ho var lydig og audmjuk der Eva var ulydig og arrogant (ho skulda på slangen). Eva var, om enne biletleg, ‘fødd’ av Adam. I tilfellet Kristus/Maia ser vi at tinga var vorte bytta om: no er det Kristus som er fødd av Maria.

Det denne dagen viser oss er at vi har ein frelsar som kan reparere dei skadene vi gjer når vi syndar. Og som gjev oss rett til å verta Guds born. Det er særs passande, meiner eg, å feire at vi kan verta fødd på nytt i denne fyrste dagen i året. Eg trur Paulus uttrykker det best, i 2Kor 15,17: “Nei, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, noko nytt har vorte til!”

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal, éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen!

Så til litt gøy. Her er ein liten video av ein nyttårsrakett eg fyrte opp for nokre år sidan. Den er så lite spektakulær som du kan få det, og eg trur vi kan seie at entusiasmen ber i seg eit snev av ironi:

Godt nytt år!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s