Rettferdiggjeringa – Utanfor oss? I oss?

‘Kristus på krossen’ av Roger van der Weyden

Sist veke diskuterte eg med ein kamerat om kva rettferdiggjeringa er for noko. Spørsmålet sentrerte hovudsakleg rundt spørsmålet om dette er noko som skjer utanfor oss, eller om det er noko som skjer i oss. Spørsmålet gjekk også inn på forholdet mellom rettferdiggjering og heilaggjering. I denne posten vil eg prøve å definere litt meir kvar eg meiner om dette.

Kvar skjer rettferdiggjeringa?

Det fyrste eg vil ta opp er spørsmålet om kor rettferdiggjeringa skjer. Eg vart ‘skulda’ for å blande saman Gud og mine eigne gjerningar fordi eg meinte – og meiner – at rettferdiggjeringa er noko som skjer i oss. Kameraten min (som eg ikkje vil namngje her) meinte at dette var eit pastoralt problem. Han meinte at det kunne skape problem fordi mange ikkje kjenner seg rettferdiggjorte. Og at ein blanda saman Guds verk, og våre eigne gjerningar.

Eg meiner dette i all hovudsak har sin grunn i ei misforståing. Når eg seier at rettferdiggjeringa skjer i oss, meiner eg ikkje at den skjer på bakgrunn av noko vi sjølv har gjort. Eg trur også at kameraten min blandar saman grunnlaget for rettferdiggjeringa og sjølve rettferdiggjeringa. Grunnlaget ligg sjølvsagt i Kristi verk, men dersom Kristi verk er rettferdiggjeringa, kvifor er det slik at nokon går, eller kan gå, fortapt? Frå protestantisk side seier ein ofte at ‘eg er rettferdiggjort fordi Kristus døydde for meg.’ Dette er sant, men det er berre halve sanninga. Rettferdiggjeringa har sin grunn i Kristi offer – i hans inkarnasjon, død, oppstode, himmelfart og evige frambering av seg sjølv.[1] Men det stoggar ikkje der: eg er ikkje rettferdiggjort før eg har fått del i dette, av Guds nåde. Eg er overtydd om at det berre er to mogelege tolkingar av proposisjonen ‘eg er rettferdiggjort fordi Kristus døydde for meg,’ dersom denne skal tolkast absolutt: Anten den kalvinske – at Kristus ikkje døydde for heile verda, men berre fordi som faktisk vert frelste. Eller den universalistiske – at sidan Kristus døydde for alle, så vil alle verta frelst, om dei vil eller ikkje. Begge deler er eg også overtydd om er ubibelske. (Det betyr sjølvsagt ikkje at ein ikkje kan håpa på at alle vert frelste.)

Den einaste måten ein kan unngå dette er å forstå at sjølv om grunnlaget for rettferdiggjeringa og sjølve rettferdiggjeringa er tett knytt saman, så er det ikkje identiske. Grunnlaget ligg sjølvsagt utanfor meg, men eg er ikkje rettferdiggjort før Kristus er i meg. Difor skjer rettferdiggjeringa i meg.

Men er rettferdiggjeringa berre forensisk eller er den tømd inn i oss?

Det andre spørsmålet er om rettferdiggjeringa berre er forensisk eller om den ertømd inn i oss. For å ta for meg dette, vil eg ta for meg Rom 4,5. Mange meiner at den lærer oss at rettferdiggjeringa er av rein formell juridisk art: at Gud stadfestar at vi er rettferdige, men at det ikkje nødvendigvis skjer noko med oss innvendig. (Det som eventuelt skulle skje ville vore definert som heilaggjeringa, og skild frå rettferdiggjeringa. Sjå nedanfor.) I Rom 4,5 står det (i NT05 si språkdrakt):

Annleis er det med den som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege. Han blir rekna som rettferdig fordi han trur.

Eg vil her ta for meg siste del av verset: “Han blir rekna som rettferdig fordi han trur.” Skal dette forståast reint forensisk? Uttrykket forensisk kjem av lat. forensis, ‘i ope forum.’ (‘Forum’ i denne samanhengen er ein rettssal.) Det er ei lære som seier at rettferdiggjeringa ikkje er noko indre transformasjon, men berre ei ytre stadfesting, omlag som ein dommar kan stadfeste at folk er uskuldige. Trykket ligg på ‘rekna som rettferdig,’ der ‘rekna som’ vert tolka på ein nominalistisk måte der ein berre vert ‘rekna som’ rettferdig. Men kvifor skal eg tolke verset slik? Er det ikkje naturleg å tenke seg at dersom Gud reknar med noko, så skjer det også reelt? Kvifor ikkje tru at vi verkeleg vert rettferdiggjorte, og ikkje berre ‘rekna’ som rettferdige?

Kva forhold er det mellom rettferdiggjeringa og heilaggjeringa? Og mellom rettferdiggjeringa og våre gjerningar?

Det tredje spørsmålet er kva forhold det er mellom rettferdiggjeringa og heilaggjeringa. Eg trur at det i prinsippet kan setjast ein distinksjon mellom desse to tinga. Vi vert rettferdiggjorte då Kristus ‘flyttar inn i oss,’ for å bruke ein god søndagsskuleterm. Men eigentleg er denne distinksjonen berre konseptuell. For når alt kjem til alt er eg overtydd om at både rettferdiggjeringa og heilaggjeringa eigentleg er Kristi verk i oss.

Oppfor viser eg til Rom 4,5. I førre delen av verset står det om “den som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege.” Det fyrste eg skal ta fram er påstanden om at dette verset lærer oss sola fide. Dette baserer seg på ei brei forståing av ‘gjerningar’[2] som utelukkar einkvar gjerning frå vår side. Frå katolsk side, derimot, ser ein ‘gjerningar’ på ein smalare måte, dvs. som forsøk på å fortene himmelen utanom den nåden som kjem ved Kristus. Men Den katolske kyrkja trur ikkje vi kan fortene himmelen utanom den nåden som kjem ved Kristus. Men ho trur, derimot, at gjerningar kan ha ein grad av forteneste. Dette fordi Den katolske kyrkja ikkje ser på Gud som ‘åleine-virkande,’ men ‘all-virkande.’ Det betyr at Gud ikkje berre opererer som ein ytre kirurg eller ein ytre dommar, men at han arbeider innanifrå. Paulus seier at Gud virkar gjennom oss (Fil 2,12f), at Kristus lever i oss, og at det som gjeld i Kristus verken er å “omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.” Tru, verksam i kjærleik er det som gjeld i Kristus.

Men kjærleik er ikkje noko abstrakt, det er noko konkret. Å elska er ein konkret viljeshandling. Difor trur eg det er feil å utelukka gjerningar frå rettferdig, men at dette verset seier at eigne gjerningar, utført utanom den nåden som kjem ved Kristus, ikkje kan hjelpe oss å fortene himmelen. Slik forstått vert Jakob sine ord fullt ut forståelege: “De ser at eit menneske er rettferdiggjort av gjeringar, og ikkje av tru åleine“” (Jak 2,24) Det er ikkje snakk om våre gjerningar, utført ut frå våre eigne evner. Det er snakk om Kristus som virkar i oss.[3]

Noter:

[1] Kristi offer er ikkje berre fortidig, det er noko som er æveleg. I Hebr 7,27 står det at Kristus ofra seg ‘ein gong for alle.’ Ordet som er omsett med ‘ofra’ er det greske partisippet ἀνενέγκας. Dette er i aorist aktiv. Aorist er eit grammatisk tempus som presens, perfektum, etc. Men i motsetnad til andre tempa i vårt språk, er den ikkje tidsbunden, men beteiknar finalitet. Ergo er ikkje fokuset på at Kristus ofra seg i fortid (sjølv om han gjorde det), men på offerets finalitet. Det er ikkje avslutta; det er evig, og Kristus ber det fram heile tida, jf. Hebr 8,1-3.

[2] Det gr. partisippet ἐργάζομαι, ‘arbeidande,’ av substantivet ἔργον, ‘arbeid, gjerning.’

[3] For ein vidare kritikk av den absolutte distinksjonen mellom rettferdiggjering og heilaggjering, og mellom våre og Guds gjerningar, sjå posten min om forholdet mellom indikativ og imperativ.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s