RE: Rettferdiggjeringa – Utanfor oss? I oss?

For nokre dagar sidan skreiv eg eit innlegg om rettferdiggjeringa, og i ettertid har eg lest litt i nokre bøker av Alister E. McGrath.[1] Der kom eg over nokre interessante problemstillingar i seinmellomalderen og renessansen, knytt til den nominalistiske tenkinga til William av Ockham.[2] Ockham, som er kjent for utviklinga av konseptet ‘Ockhams barberkniv,’[3] meinte at universalia (t.d. kvitskap eller menneskenaturen) var unødvendige for å forklare eksistensen av konkrete ting (t.d. ein kvit stein eller eit konkret menneske).

Frå s. 106 og framover skriv McGrath om to teologiske retningar som begge tok utgangspunkt i Ockhams nominalisme. Den eine, kalla via moderna (‘den moderne vegen’) var nominalistisk, og hadde ei rettferdgjeringslære som vert kalla pelagiansk.[4] Der såg ein på rettferdiggjeringa som ein kontrakt, eller ei pakt, mellom Gud og menneska, som “defined God’s obligations to his people and their obligation to God.”[5] Han skriv vidare:

According to the theologians of the via moderna, the covenant between God and human beings established the conditions necessary for justification. God has ordained that he will accept an individual on condition that this individual first fulfils certain demands. These demands were summarized using the Latin tag facere quod in se est, literally ‘doing what lies within you’, or ‘doing your best’. When individuals met this precondition, God was obliged, by the terms of the covenant, to accept them. A Latin maxim was often used to express this point: facienti quod in se est Deus non denegat gratiam, ‘God will not deny grace to anyone who does what lies within them’. The noted late medieval theologian Gabriel Biel, who is known to have influenced Luther through his writings, explained that ‘doing your best’ meant rejecting evil and trying to do good.[6]

McGrath påpeiker at desse ikkje gjekk med på at dette var pelagiansk, og dei nytta seg av dåtida sin økonomiske teori for å uttrykke dette. Sidan det var dyrt å bruke gull og sølv til å lage pengar, byrja ein å lage myntar i bly som skulle ‘representere’ sølv eller gull. Når ein brukte desse myntane var det som om ein brukte sølv eller gull.[7] Dette vert på engelsk kalla for ‘imputed value.’ Menneskelege gjerningar kunne ikkje tene til frelse, men ein meinte at Gud handsama dei som om dei kunne det.[8] Det er på bakgrunn av denne paktstanken vi må forstå Luther sin teologi.[9]

Ei anna nominalistisk retning vart kalla for schola Augustiniana moderna (‘den moderne augustinske skulen’). Den var spesielt representert ved Gregor av Rimini,[10] som kombinerte ein nominalistisk filosofi med ein augustinsk-inspirert soteriologi.[11] Frelsa vert der sett på som totalt Guds verk, og som noko framand for mennesket — noko som kjem til utanifrå. Alle ‘ressursar’ til frelse, meinte Gregor av Rimini “were located exclusively outside human nature. Even the ability to desist from sin and turn to righteousness arose through the action of God, not through human action.”[12]

Sjølv meiner eg at problema til både via moderna og schola Augustiniana moderna ligg i den filosofiske nominalismen. Dei fyrste har kanskje prøvd å forstå tekstar som Jak 2,24,[13] dei andre har sannsynlegvis teke for seg den bibelske tanken om at kun Gud frelsar. Men med ein filosofisk nominalisme vert dette eit problem. McGrath skriv:

Ockham insisted that simplicity was both a theological and a philosophical virtue. His “razor” eliminated all hypotheses which were not absolutely essential. This had major implications for his theology of justification. Earlier medieval theologians (including Thomas Aquinas) had argued that God was obliged to justify sinful humanity by means of what was called a “created habit of grace” — in other words, an intermediate supernatural entity, infused by God into the human soul, which permitted the sinner to be pronounced justified. Ockham dismissed this notion as an unnecessary irrelevance, and declared that justification was the direct acceptance of a sinner by God. The way was thus opened to the more personalist approaches to justification such as those associated with the Reformation.[14]

Dersom det ikkje finst noko menneskenatur, finst det heller ikkje noko å frelse i dei konkrete personane. Inkarnasjonen hadde ikkje vore ‘vits’: Kristus kunne like godt ha vore inkarnert som eit esel, dersom det ikkje finst noko som ‘bind saman’ alle menneske.[15]

Fordi det ikkje finst noko menneskenatur Gud kan ‘tømme’ noko inn i, eller som Gud kan gjere noko med, endar ein ofte opp med anten ein paktstenking slik vi ser representert ved via via moderna, eller ein total monergisme, slik vi ser representert ved schola Augustiniana moderna. Anten gjer vi noko sjølv, og Gud gjer resten, eller gjer Gud alt, utanfor oss — fordi det ikkje kan vere noko kommunion dersom det ikkje er noko som kan knyta oss til Gud.

Men dersom ein er ein filosofisk realist, av platonsk eller aristotelisk avtapping,[16] vert det ikkje noko problem å seie at vi vert rettferdiggjorte ved at Gud tømmer noko i oss, ved at Kristus tek bustad i hjarto våre, for å bruke ein god søndagsskuleterm.

Det er totalt Guds verk. Men han virkar gjennom oss, slik Paulus også påpeiker. Han skriv:

Eg er krossfest med Kristus; eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever i kjøtet, lever eg i trua på Guds Son som har elska meg, og gjeve seg sjølv for meg. (Gal 2,20)

Difor, mine kjære, liksom de alltid var lydige, ikkje berre i mitt nærver, men no mykje meir i mitt fråver, arbeid på dykkar frelse med otte og age. For det er Gud som abeidar i dykk, både til å vilja og til å gjera etter hans gode vilje. (Fil 2,12-13)[17]

Poenget hjå Paulus er at Gud virkar, men at han virkar i og gjennom oss. Dette trur eg er det viktige punktet vi må ta inn over oss; eit punkt som vert meiningslaust innan eit nominalistisk tankesystem. Og eg trur nettopp at Luther opererer innanfor eit slikt system, sjølv om han kritiserte mange av filosofane frå den tida.

Noter:

[1] McGrath: 1998 og 1999

[2] “William of Ockham” på Wikipedia (kjeldeliste).

[3] Nokre gonger kalla the principle of parsimony (McGrath: 1998: 116). Sjå også “William of Ockham” på Wikipedia (kjeldeliste).

[4] McGrath: 1998: 106. Les om pelagianismen i artikkelen “Pelagianism” på Wikipedia (kjeldeliste).

[5] McGrath: 1999: 74

[6] McGrath: 1999: 75

[7] McGrath: 1999: 75-76

[8] McGrath: 1999: 76

[9] McGrath: 1999: 76; McGrath: 1998: 106

[11] Schabel: 2010

[10] McGrath: 1998: 107

[12] McGrath: 1998: 107

[13] “De ser at eit menneske er rettferdiggjort av gjeringar, og ikkje av tru åleine.” (Omsett av underteikna.)

[14] McGrath: 1998: 116

[15] Nominalistane i seinmellomalderen skal visstnok ha diskutert om Guds Son like godt kunne inkarnert seg som esel.

[16] Ein platonikar vil seie at universalia eksisterer uavhengig av dei konkrete instansane (t.d. at menneskenaturen eksisterer utanfor, og uavhengig av, dei konkrete menneska). Ein aristotelikar vil seie at universalia eksisterer i dei konkrete instansane (t.d. at menneskenaturen eksisterer i, og ikkje uavhengig av, dei konkrete menneska). Les meir om dette i Klima: 2008 (om universalieproblemet). (Eg bruker her orda ‘platonsk’ og ‘aristotelisk’ på ein litt laus måte. Det tyder ikkje nødvendigvis at dei respektive personane vil godta alt desse filosofane har sagt og meint.)

[17] Omsett av underteikna.

Kjelder:

Klima, G. (2008). “The Medieval Problem of Universals.” The Stanford Encyclopedia of Philosophy (Winter 2008 Edition), Edward N. Zalta (red.) Lenke [Henta 27.01.2011]

McGrath, A.E. (1998). Historical Theology. An Inroduction to the History of Christian Thought. Blackwell Publishers

McGrath, A.E. (1999). Reformation Thought. An Inroduction. Blackwell Publishers

“Occam’s razor.” (19.01.2011) I: Wikipedia, The Free Encyclopedia. Lenke [Henta 27.01.2011]

“Pelagianism.” (19.01.2011) I: Wikipedia, The Free Encyclopedia. Lenke [Henta 27.01.2011]

Schabel, C. (2010). “Gregory of Rimini.” The Stanford Encyclopedia of Philosophy (Summer 2010 Edition), Edward N. Zalta (red.) Lenke [Henta 27.01.2011]

“William of Ockham.” (26.01.2011) I: Wikipedia, The Free Encyclopedia. Lenke [Henta 27.01.2011]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s