Vårt daglege brød …. eller evkaristien?

I kommentarfeltet på ein annan blogg skreiv ein person ved namn Richard A Imgrund det fylgjande:

Besides, the DRB[1] gives us, in Matthew’s rendering of the Lord’s Prayer, “give us this day our supersubstantial bread”, which is a literal rendering of the Latin which is a literal rendering of the Greek. Not “daily” bread, which makes it pretty clear Christ was talking about the Eucharist.

Eg svara han ikkje der, men tenkte at det kunne vore interessant å ta dette opp her på bloggen.

Nei, eg ville ikkje sagt at Matt 6,11 ‘eigentleg’ handlar om evkaristien (nattverden). Dette kviler på ei misforståing av det latinske ordet supersubstantialis. Ein ser for seg, pga. substantialis-uttrykket, at St. Hieronymus (som laga Vulgata-omsetjinga) tenkte på evkaristien her. Og det gjorde han kanskje. Men det er eit heilt anna sak.

Eg er einig i at dette kan vere ein referanse til evkaristien, sidan det omhandlar brød. (Det ville då vore ei åndeleg lesing av teksten.) Men verken det latinske supersubstantialis eller det greske ἐπιούσιος er ei referanse til transsubstansiasjon. I fylgje BDAG er det litt uvisse omkring kva ἐπιούσιος betyr, men dei tre mest sannsynlege er: (1) [brød] som er nødvendig for eksistensen; (2) [brød] for denne dagen; eller (3) [brød] for den neste dagen.

Eg trur at den fyrste er den beste, og den har også nokre av kyrkjefedrane og dei tidlege teologane bak seg (t.d. Origenes, St. Chrysostomos og St. Hieronymus). Her tenker ein seg at det greske adjektivet ἐπιούσιος er teke frå preposisjonen ἐπί (‘på, over, til,’ etc.) + substantivet οὐσία (‘vesen, ekistens’). Dette er reflektert i Vulgata: panis supersubstantialis. Det har derimot ingenting å gjere med transsubstansiasjon: det betyr berre det brødet som er nødvendig for ekistensen; det vi treng for å halde oppe vår ‘substans.’ I eit av programma på Catholic Answere Live sa Jimmy Akin at supersubstantialis ikkje hadde noko å gjere med transsubstansiasjon, og at den beste engelske meiningsomsetjinga av ordet ville vore life-sustaining, ‘liv-opphaldande.’

Ei grei engelsk omsetjing kunne då gått slik: “Give us this day our life-sustaining bread.” (Ei dårleg norsk omsetjing kunne gått slik: “Gjev oss i dag vårt liv-opphaldande brød.”)

Dette betyr sjølvsagt ikkje at ein ikkje også kan ha ei åndeleg tolking av ‘gjev oss i dag vårt daglege brød’; ei tolking som viser til evkaristien. Men den må komme i tillegg til ei bokstavleg lesing.

Noter:[1] DRB = Douay-Rheims Bible, ein katolsk engelsk omsetjing av Vulgata.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s