Avkristning i Noreg?

Eg har no sett NRK sitt Spekter-program om avkristninga av Noreg, og eg må seie at sjølv om eg fant programmet interessant, og synst det var litt gøy å sjå igjen gamle lærarar frå bibelskulen på Bildøy,[1] syns eg programmet bomma. For det fyrste var det ei heil rekke klipp frå sekstitalet, der nokre av dei virka å vere dårlege skodespel. For det andre var programmet fullt av historiske feil, mellom anna at alle på 1700-talet måtte ‘tru på Jesus og Gud.’[2] Det stemmer at alle måtte vere medlemmar i statskyrkja, at andre religionar ikkje var lovleg i einevoldstida, og at dette ikkje berre gjaldt andre religionar enn kristendommen, men også andre kristendomsuttrykk enn den evangelisk-lutherske slik den vart tolka i Danmark-Noreg.[3] Men ein brydde seg lite om ein faktisk personleg trudde på ‘Jesus og Gud.’ Korleis skulle staten kontrollere det, eigentleg?[4]

Som Bjørn Are Davidsen påpeiker (på Dekodet-bloggen sin og på Verdidebatt) handlar ikkje ‘dei kristne verdiane’ om einskildsverdiar som vi som kristne har ‘monopol’ på, og som til saman utgjer ‘vår kristne kulturarv,’ men om eit grunnlag, eit verdsbilete, som klarte å samle saman det jødiske/jøde-kristne, det greske og det latinske. Thomas Aquinas klarte å ‘kristne’ Aristoteles, og var (i fylgje etikaren Alasdair MacIntyre) “in some respects a better Arostotelian than Aristotle, that not only was he an excellent interpreter of Aristotle’s texts, but that he had been able to extend and deepen both Aristotle’s metaphysical and his moral enquiries.”[5]

Poenget mitt er altså at den verkelege ‘kristne kulturarva’ er tett knytt til det at Gud inkarnerte seg, og at dette vidare kan biletleg overførast til det faktum at kristendommen kan ta opp i seg forskjellige kulturuttrykk, utan at ein påstår at ein har ‘monopol’ på dette. Styrken til kristendommen, og grunnen til at eg ikkje trur den ikkje kjem til å dø med det fyrste, ligg nettopp i denne evnen til å ta opp i seg andre verdiar – og gje dei nytt innhald i Kristus. Som Paulus sa det: “Prøv alt og hald fast på det gode!” (1Tess 5,21. NT05)

Noter:

[1] Eg gjekk der i skuleåret 2002-2003.

[2] At ein i det heile uttrykker seg slik vitnar om lite kunnskap om kristendommen.

[3] Ein kunne ikkje vere katolikk, baptist, eller faktisk kontinental lutheranar som brukte heile Konkordieboka som vedkjenningsgrunnlag.

[4] For ei god innføring i det norske statsreligionsspørsmålet, les Bernt T. Oftestad, Den norske statsreligionen: Fra øvrighetskirke til demokratisk statskirke. Kristiansand: Høyskoleforlaget 1998. Les spes. kap. 1, der han tek for seg statsreligionsspørsmålet prinsipielt.

[5] Alasdair MacIntyre, After Virtue: a study in moral theory. Third edition with a new prologue. Duckworth 2007 (1st ed. 1981, 2nd ed. 1985), s. viii. (Dette er henta frå prologen som er skrive til denne tredje utgåva.)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s