Vondskap på grasrotplan

Eit godt døme på problemet eg tek opp i dette innlegget

Eg møter ofte påstanden at vondskap primært er noko systematisert; noko som høyrer heime innanfor eit ‘system.’ Dersom ein sosialist meiner dette, vil den store stygge ulven sjølvsagt vere ‘kapitalisten.’ Dersom ein borgarleg meiner dette, vil den store stygge ulven sjølvsagt vere ‘sosialisten.’ Begge går ut frå ein tanke om at ansvaret for vondskap primært ligg det abstrakte ‘systemet’ – det mektige selskapet (t.d. Coca-Cola eller Apple), den totalitære staten (t.d. Kviterussland eller Kina), etc.

Men er det verkeleg slik? Grunnen til at eg tek opp dette, er at eg trur vi aldri vil kunna hamla opp med vondskapen før vi faktisk tør å setje namn på den. For å gjere ei populærkulturell referanse kan vi seie at ein av grunnane til at Harry Potter vann sigeren, var at han faktisk var villig til å setje namn på Voldemort. Han hadde ingen vanskar med å nemne namnet hans, medan andre berre kalla han for ‘He who must not be named.’ Sjølv om eit system kan hjelpe med å halde oppe vondskap er den primært noko som høyrer heime på ‘grasrotplan’ – i hjarto våre.

For å setje lys på kva eg meiner, vil eg ta for meg den tendensen vi har til å leggje skulda på andre. Eit godt døme på det er måten vi bruker historiske figurar som Hitler og Stalin.[1] Dette vert utforska av Stig Sæterbakken i essayet “Hitler, en metafor fra Tyskland.” Han påpeiker der at Hitler no berre vert brukt som ein metafor for å stemple folk. Hitler, poengterer han, vert brukt “som et svart speil holdt opp for menneskeheten, i hvilket menneskeheten ser sine verste trekk, forstørret på det grusomste.”[2] Sæterbakken viser korleis dette mellom anna vart brukt mot Vladimir Sjirinovskij. Sjirinovskij, som nok kan karakteriserast som høgreekstrem på mange punkt, kom inn i det russiske parlamentet i 1993, noko ein ikkje likt i vesten. “Torsdag 3. februar 1994,” skriv Sæterbakken, “trykket Arbeiderbladet en karikatur av Sjirinovskij, tegnet av Herb, der Sjirinovskij tar av seg masken og avslører at han egentlig er Hitler. / Herb burde ha tegnet det motsatte: Sjirinovskij som får Hitlers maske satt på.”[3]

Når vi bruker Hitler som eit slags svart speil, endar ein ofte opp med å dehumanisere motstandarane sine. Ein god illustrasjon på dette finn vi i serien The Pacific. Fordi japanarane vart sett på som udyr vart stillehavskrigen til eit kapittel det er særs vanskeleg å snakke om i USA. Brita Cappelen Møystad tar opp dette i Minerva, i artikkelen “Ondskapens uforståelige natur.” Der krigen i Europa vart sett på som nobel, vart stillehavskrigen nærast illustrasjonen på kor langt eit menneske – ein soldat på grasrotplan – er villig til å gå. Møystad skriv:

The Pacific er vanskeligere å føle glede og tilfredshet over. Den skildrer en krig så rå og redselsfull at det er umulig å forestille seg at de overlevende soldatene noen gang kunne få et normalt liv.

Den siste episoden hinter da også til hvor vanskelig dette var. Når mor stryker håret ditt forsiktig vekk fra pannen din og lurer på om du har det bra, hvordan forteller du henne at du for få uker siden sto over et japansk lik og fjernet gullplomber med en bajonett?

Poenget mitt er at når ein heilt tida skuldar på ‘systemet’ – når ein brukar ‘Hitlerklisjeen’ – har vi ein lei tendens til å gløyme våre eigne synder. “Eg er visst ikkje så verst likevel. Sjå no på Hitler, sjå kva han gjorde.” Dette kan sikkert virke både dystert og negativt. Men eg er overtydd at vi er nødt til få dette fram i lyset. For elles vil vi aldri sigra. Eg trur det er på tide å repetere ein av dei store sanningane frå liturgien: Mea culpa, mea culpa, mea maxima culpa.

Noter:

[1] For ei god analyse av dette viser eg folk til Friedrich Dürrenmatt sitt teaterstykke Der Besuch der alten Dame frå 1956.

[2] Stig Sæterbakken, “Hitler, en metafor fra Tyskland.” I: Det onde øye. Essays. Oslo: Cappelen 2001, s. 82

[3] Sæterbakken, op.cit. 2001, s. 83

2 comments on “Vondskap på grasrotplan

  1. Thomas says:

    Problemet med Hitler var først og fremst at han ønsket å gjøre det samme i Europa, som andre land i Vest-Europa allerede hadde gjort i andre verdensdeler. Bortsett fra det er han mer typisk europeiske enn vi liker å tenke på. Vest-Europas historie fra 1054 og fram til i dag, peker fram mot fascismen og vekk fra Gud.

  2. Ja, Hitler var kanskje særs europeisk, men i våre dagar vert han brukt meir som eit stempel i debattar. Dette vert ofte kalla Reductio ad Hitlerum; at ein person vert samanlikna med Hitler – sjølv om den personen ikkje har noko til felles med sistnemnde.

    Dette er også knytt til Godwin’s_law, ein humoristisk regel utvikla av Mike Godwin i 1989. Den går slik: “As an online discussion grows longer, the probability of a comparison involving Nazis or Hitler approaches 1.” Vi kan utvide dette til å involvere fascisme også, då dette ofte er eit ord som vert kasta etter folk, uansett kva kopling dei faktisk har til fascismen.

    Wikipedia-artikkelen om Godwin’s Law påpeiker: “Godwin put forth the hyperbolic observation that, given enough time, in any online discussion—regardless of topic or scope— someone inevitably criticizes some point made in the discussion by comparing it to beliefs held by Hitler and the Nazis.”

    Og det endar så og seie aldri i fruktbar diskusjon. Akkurat som Bush-Hitler-biletet eg viser til heilt fyrst i posten.

    Hovudpoenget mitt, derimot, er at Hitler-analogien – m.a. fordi den ikkje vert teke seriøst og berre stagnerer diskusjonen – fører til at vi faktisk aldri får gjort noko skikkeleg oppgjer med den reelle vondskapen, og at vi kan rettferdiggjere vår eigen vondskap, fordi den er så liten.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s