Diakon? Tenar?

Keith Newton and his kona hans Gill Newton etter hans ordinasjon som katolsk diakon 13. januar 2011. Han var ein av dei tre fyrste (tidlegare) anglikanske biskopane som gjekk inn det katolske ordinariatet for tidlegare anglikanarar.

Medan eg søkte etter noko anna, kom eg over denne diskusjonen på ein av bloggane til Sjur Jansen. (Dei som har fylgt bloggen min før vil kanskje kjenne igjen namnet frå ein del diskusjonar.) I den aktuelle diskusjonen diskuterte ein ord som ‘biskop,’ ‘prest’ og ‘diakon,’ og i den samanhengen seier Jansen:

Paulus bruker uttrykket “én kvinnes mann” også om diakoner. Men et annet sted anbefaler han diakonen Føbe, som altså er en kvinne. Dermed må uttrykket forstås kjønnsnøytralt, både om eldste (“prester”) og diakoner.

Eg trur dette argumentet feilar på eit spesifikt punkt: korleis ein skal forstå omgrepet διάκονος. Eg trur Jansen sin argumentasjon er klart anakronistisk, og byggjer på den tanken at omgrepet var heilt teknisk å forstå i Bibelen. Det er sant at det greske substantivet διάκονος er brukt om Føbe i Rom 16,1. Men kan ein ut frå dette verset seie at Føbe difor var ein diakon, slik vi bruker omgrepet no, slik ein kanskje også brukte omgrepet om Filip og hans likemenn i Apg, og slik ein bruker omgrepet i pastoralbreva?

For det fyrste er det særs uklart om kor teknisk uttrykket διάκονος vart brukt på den tida. For διάκονος tyder jo ikkje opphavleg ‘diakon’ slik vi bruker omgrepet (om ei spesifikk teneste i kyrkja). Det tydde opphavleg (og tyder nok framleis på moderne gresk) ein alminneleg tenar – alt frå ein diakon til ein som hjelper deg med noko. Difor kan Rom 16,1 (Συνίστημι δὲ ὑμῖν Φοίβην τὴν ἀδελφὴν ἡμῶν, οὖσαν [καὶ] διάκονον τῆς ἐκκλησίας τῆς ἐν Κεγχρεαῖς,) like gjerne omsetjast slik: “Eg vil leggja inn eit godt ord hos dykk for Føbe, syster vår; ho er ein tenar frå forsamlinga i Kenkreæ.” (NT05) Oppsummerande vil seg seie at det kan hende Føbe vart rekna som ‘diakon,’ men ein kan ikkje bruke Rom 16,1 som prov for dette, då διάκονος ikkje berre var eit teknisk omgrep på den tida, men vart brukt både om diakon-tenesta og om tenarar generelt. Sjå t.d. Gal 2,17. Er Kristus ein diakon? Eller Fil 1,1. Er Paulus diakon eller apostel?

For det andre er det ein annan språkbruk i pastoralbreva enn i andre Paulusbrev.[1] Når Paulus seier at ein “tenar/diakon[2] skal vera mann til éi kvinne” (1Tim 3,12) er omgrepsbruken sannsynlegvis mykje meir spissa og teknisk enn i andre deler av NT.

Eg skal ikkje skrive meir akkurat no, men håpar dette kan opne opp for ein god samtale eller debatt.

Noter:

[1] Eg tek ikkje her stilling til spørsmålet om Paulus står bak pastoralbreva eller ikkje, men det er klart at det er ein viss ‘sjangerforskjell.’ For å få ei kort innføring i spørsmålet, les innleiingskapitla i Martin Synnes si bok Vakthold om den skjønne skatt. Innføring i pastoralbrevene og kommentar til første Timoteusbrev (Oslo: Luther 1996).

[2] Underforstått: i forsamlinga.

One comment on “Diakon? Tenar?

  1. Sjur Jansen says:

    Hei, Kjetil. Det er ikke sikkert at den ”tekniske” bruken av ordet diakon i NT betyr en smal bestemt tjeneste. Både retorikeren Apollos, beskytteren Føbe, evangelisten Filip og misjonæren Paulus blir omtalt som diakoner i NT. Alle kan gjerne være innenfor den ”tekniske” definisjonen, det spørs hvordan man definerer ordet.

    Man kan for eksempel definere diakon til å være en person som er i en fast tjeneste. Hver av personene jeg nevnte over, hadde da hver sin gave og levde den ut i tjeneste for andre. Alle var i fast tjeneste, alle var altså diakoner, men alle hadde ulike tjenester.

    I starten av Apg i NT ser man at diakonordet brukes både om de som skulle vie seg ordets tjeneste og om de som skulle vie seg til bordets tjeneste. Det er to forskjellige faste oppdrag, men diakonordet brukes om begge. Enten må man si at begge de to gruppene var diakoner, eller så må man si at ingen av dem var det.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s