Jærbladet om Carissimi og Pettersen

Jærbladet skriv på kommentarplass om Stavanger biskop Erling Pettersen og hans forhold til Carissimi. (For informasjon om Carissimi sjå på nettsidene deira. Les gjerne også Verdidebatt-innlegga til Dag Øivind Østereng.)

Jærbladet skriv:

Utan å ta stilling til den teologiske usemja, er det vanskeleg å sjå at biskop Pettersen hadde noko anna val enn å stilla ultimatum.

Ja, eg er einig i at dette var Pettersen sitt einaste val dersom vi ikkje skal ta stilling til den teologiske usemja. Men den teologiske – både liturgiske, ekklesiologiske og ordningsmessige – usemja er jo nettopp kjerna i denne saka.

Vidare skriv Jærbladet:

I alle organisasjonar må medlemmene følgja dei rammene overordna organ set opp.

Ja, det er sant. Og ein av dei reglane er at ein prest kan nekte å ta del i nattverdsfellesskapet dersom biskopen forretter, slik det skjer i ein visitasgudsteneste. Det er ikkje, som mange ser ut til å meine, ‘nattverdnekt’ overfor biskopen – at ein vil nekte biskopen nattverd – men at ein ikkje vil delta i den nattverden biskopen forrettar.

Jærbladet held fram:

Prestar som ikkje vil retta seg etter det orverordna organ har bestemt, har sett seg sjølv utanfor og kan vanskeleg halda fram som prestar i Den Norske Kyrkja.

Når ein prest vert ordinert i Den norske kyrkja forpliktar han seg på nokre spesifikke ting,[1] mellom anna desse:

  • Å forkynne “Guds ord klårt og reint, som det er oss gjeve i Den heilage skrifta, og som vår kyrkje vitnar om det i vedkjenninga si, og [forvalta] dei heilage sakramenta etter den skipnad Kristus sette, og den ordning vår kyrkje har.”
  • Å “trufast [rettleie] og [formane] til sann omvending, levande tru på Kristus og eit heilagt liv i kjærleik til Gud og nesten.”
  • Å “sjølv òg av hjarta [leggja] vinn på å leva etter Guds ord, og i studium og bøn [trengje] djupare inn i dei heilage skriftene og sanningane i den kristne trudomen.”

Vidare ser vi at ein biskop, i tillegg til det ein prest forpliktar seg på, også forpliktar seg på (m.a.) dette:[2]

  • Å “ta vare på den apostoliske læra etter vedkjenninga i våre kyrkje, og rettleia og oppuntra tenarane [åt Herren] i kyrkjelydane.”
  • Å “utføre tenesta … med truskap, og saman med medtenarane … leggja vinn på å fremja og verna einskapen i Guds kyrkje, til pris og ære for [Herrens] heilage namn.”

Vi ser altså her at det ikkje er Carissimi som har “sett seg sjølv utanfor.” Prestane i Carissimi utfører si teneste i tråd med ordinasjonsplikta si, medan det vanskeleg kan seiast at Pettersen tar “vare på den apostoliske læra etter vedkjenninga i våre kyrkje.” Nokre vil kanskje seie at det fell ned på det andre punktet eg siterer frå ordinasjonsliturgien for biskopar; at biskopen skal “leggja vinn på å fremja og verna einskapen i Guds kyrkje.” Og at Carissimi splittar. Men her vil eg seie meg einig med Carissimi at deira ‘nattverdnekt’ ikkje er ei brekkstang, men – for å sitere Dag Øivind Østereng – har denne ‘nattverdnekta’ den ‘effekten’ at den “åpenbarer den splittelsen som faktisk finnes og som er reell.” Pettersen legg nettopp ikkje vinn på å “fremja og verna einskapen i Guds kyrkje.” For denne einskapen er ikkje berre kulturell – av typen ‘vi skal alle vere vener’ – men doktrinell. Paulus skriv: “Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke.” (1Kor 1,10. NT05.) Og dette betyr ikkje: ver einige med det som til ei kvar tid passar saman med ‘tidsånda.’

Noter:

[1] Gudstenestebok for Den norske kyrkja del 2. Oslo: Verbum 1996, s. 169

[2] Ibid., s. 210

One comment on “Jærbladet om Carissimi og Pettersen

  1. Magnus says:

    Bra innlegg Kjetil! Det er fint å se at du er så stødig på de saklige delene av denne problematikken. Mange av oss har ikke dette perspektivet, så her gjør du oss alle en stor tjeneste. Vi får håpe at biskop Pettersen tar disse innvendingene alvorlig og at han prøver sin praksis og lære på det som Bibelen sier.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s