Kyrkjeleg embetstenking

Dette innlegget er ei redigert og utvida utgåve av eit innlegg eg har publisert på Verdidebatt.

I diskusjonen omkring Carissimi har eg merka at mange av dei som støttar saka gjer det ut frå ein lågkyrkjeleg ekklesiologisk modell der ein meiner at ein biskop ikkje har noko, eller skal ha noko makt. Ein påberopar seg ofte det nye testamentet, og seier (m.a. som Alf Inge Wang på Verdidebatt) at det “universelle presteskap ble innført med de første kristne, der alle kristne står på samme nivå. Det er kun Gud som er sjefen – ikke mennesker. Det er Gud som er autoriteten og ikke mennesker.” Og vidare at kyrkja “har laget en egen ordning som ikke er bibelsk, der man igjennom en utdanning blir gitt en ledelsesrolle i kirken der man får en særstilling med f.eks. rett til å dele ut nattverd, forkynne, utføre dåp etc. Dette har ingen ting å gjøre med ordningene som er beskrevet i NT.”

Men denne argumentasjonen trur eg ramlar i den andre grøfta, og den er ikkje i tråd med det Carissimi står for. Carissimi seier jo nettopp at ein treng fungerande apostolisk tilsyn. “Kirkens fellesskap er ikke grunnlagt på gode prester,” skriv Dag Øivind Østereng.[1] Og han skriv vidare: “Jeg vil heller være med på å si at fellesskapet er grunnlagt på gode biskoper. For biskopens oppgave er å sørge for kirkens enhet og at alle prestene, enten de er gode eller mindre gode, forvalter Guds ord og sakramentene i samsvar med Kirkens tro, bekjennelse, overlevering og orden. I samsvar med det som Kirkens Herre har betrodd Kirken.”[2]

Eg vil her skrive ned litt av kvifor eg trur det vert feil å argumentere slik som t.d. Wang gjer, og slik som Arnt Thyve skreiv i eit Verdidebatt-innlegg omkring Carissimi: “Bibelen snakker lite om biskoper, den snakker bare hyrder, og det er for så vidt både prester og biskoper.”

I Skrifta er hyrde eit generelt omgrep. Men så har vi to omgrep til: ἐπίσκοπος (epískopos) og πρεσβύτερος (presbyteros). Frå ἐπίσκοπος (som betyr ein overoppsynsmann) har vi fått omgrepet ‘biskop.’ Etter reformasjonen valte ein for ei tid å gå bort frå omgrepet ‘biskop,’ og valte å heller bruke omgrepet ‘superintendent.’ (Dette finn vi framleis igjen i t.d. USA, som ei nemning på den som har overoppsyn med t.d. ein bygning.)

Frå πρεσβύτερος (som betyr ein som er eldre, men ikkje nødvendigvis i alder) har vi fått omgrepet ‘prest.’[3] (Interessant nok kjem omgrepet prest frå πρεσβύτερος. Ein meinte altså at det var noko med πρεσβύτερος-omgrepet som gjorde at ein kunne bruke dette om prestar i GT.)

Det er ikkje heilt klart ut frå NT korleis ein skal sjå seg forholdet mellom ἐπίσκοπος og πρεσβύτερος, men vi ser tidleg indikasjon på at desse vart brukt som nemning på to forskjellige ting, der den eine hadde meir autoritet enn den andre. Vi kan t.d. sjå dette hjå Ignatius av Antiokia, som døydde som martyr rundt år 107-110. I eit brev til kyrkjelyden i Smyrna, i Vesle-Asia skreiv han:

“Ingen må utan samtykket åt biskopen ta seg noko føre i dei tinga som vedkjem kyrkjelyden. Den nattverden som vert leia av biskopen eller av den han sjølv har gjeve fullmakt til, skal ein halda for gyldig. Der som biskopen viser seg, må kyrkjelyden vera, liksom den katolske kyrkja er der som Kristus Jesus er. Det er ikkje tillate å verken døypa eller å ha kjærleiksmåltid utan biskopen.”[4]

Her ser vi at for Ignatius har biskopen ein klar autoritet. George Edmundson skriv at for Ignatius er bispeembetet «of the very esse and not merely of the bene esse of the Church.» For Ignatius er ei kyrkje utan tredelinga biskop, presbyter og diakon «no Church deserving of the name.»[5]

Kyrkja si esse er hennar vere, eller eksistens; det ho er i seg sjølv. Kyrkja si bene esse er hennar velvere; det som er til beste for henne, men som ho kan overleve utan. Einskilde vil her argumentere for at NT bruker ἐπίσκοπος og πρεσβύτερος om kvarandre, og at dette også er tilfelle i 1. Klementsbrev som kom før Ignatius. Sjølv meiner eg dette berre er semantikk. (Eg vil fyrst seie at eg tviler på at Ignatius var den fyrste til å setje dette skiljet, då tonen i breva hans indikerar at dette er ‘gamalt nytt.’ Men vi kan ikkje vite dette heilt sikkert. Det kan godt hende at dette berre var den fyrste gongen det vart skrive ned, sjølv om vi ikkje kan vite det heller.)

Poenget mitt er at dersom vi ser for oss at det ikkje er noko klar distinksjon mellom ἐπίσκοπος og πρεσβύτερος ser vi likevel hjå Ignatius eit framhald frå NT sin trefaldige distinksjon, men med andre namn. I NT (dersom vi seier at det ikkje er noko klar distinksjon mellom ἐπίσκοπος of πρεσβύτερος der) ser vi ein trefaldig distinksjon mellom apostel, biskop/prest og diakon. Dette vart då altså halde fram hjå Ignatius, men etterfylgjarane åt apostlane tok namnet ἐπίσκοπος, kanskje i ein slags age for apostlane. Så det vi ser er rett og slett at argumentet mot Ignatius berre kokar ned til semantikk.

Noter:

[1] Dag Øivind Østereng, “Kirkelig fellesskap – med hvem – om hva?” Foredrag til innledning ved seminar på Fjellhaug skoler 14. februar 2007, s. 3. [http://bit.ly/ihuPj1, .doc-fil henta frå fbb.nu, 12.03.2011]

[2] Ibid., s. 3-4

[3] Πρεσβύτερος betyr ‘eldre,’ ikkje eldst. (Det er ein adjektiv som vert brukt substantivisk.)

[4] Ernst Baasland & Reidar Hvalvik (red.), De apostoliske fedre. I norsk oversettelse med innledninger og noter. Oslo: Luther 1997, s. 67. Omsett til nynorsk av underteikna.

[5] George Edmundson, The Church in Rome in the First Century Grand Rapids, MI: Christian Classics Ethereal Library 2000, s. 153. [http://bit.ly/ba9Yo3, .pdf-fil henta frå ccel.org, 04.03.2011]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s