Hald blikket festa på Han!

2. sundag i fasten

No som vi er komne inni fasten vil eg gjerne reflektere litt over kva fasten faktisk er for noko. Men fyrst vil eg ta for meg evangelieteksten.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Matteus i det syttande kapitlet. Ære vere deg, Herre.

1 Og seks dagar etter tek Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og fører dei opp på eit høgt fjell; der er dei åleine. 2 Og han vart forklåra for auga deira: Andletet hans skein som sola, og kleda hans vart kvite som ljoset. 3 Og sjå, Moses og Elia synte seg for dei og samtala med han. 4 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: “Herre, det er godt at vi er her. Om du vil, så skal eg setja opp tre telt, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.” 5 Medan han framleis tala, sjå, ei lysande sky kom og la skugge over dei, og sjå, ei røyst kom frå skya: “Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!” 6 Då læresveinane hadde høyrt det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle. 7 Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: “Reis dykk opp, og ver ikkje redde!” 8 Og då dei hadde lyfta augo sine, såg dei ingen utan Jesus åleine. 9 På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei, og sa: “Fortel ikkje nokon om dette synet før Menneskesonen har stått opp frå dei døde.”[1]

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Eg skal ikkje dvela ved denne teksten i dag, men hovudsakleg ta for meg det bodet som kom frå skya, frå Faderen: “Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!” Vi får klar beskjed, høyr på Kristus! Poenget med denne teksten ligg nettopp i dette at vi skal ha fokuset på han, og han åleine. Vi skal ikkje ha blikket festa på Moses eller på Elia, eller på nokon andre som kan samanliknast med dei. Dette betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje finst folk med autoritet, men at desse ikkje skal vere i fokus. Vårt fokus skal eine og åleine vere sentrert på Kristus.

Eg trur dette er ein særs viktig bodskap i fastetida. Fasten er ikkje der for at vi skal ha det fælast mogeleg, for at vi skal ha det vondt. Mange ser nettopp på fasten som eit ork, noko vi må gjera for å ‘tekkjast Gud.’ Atter andre ser på fasten som ei tid der vi skal prøva å synda ekstra lite. Dette siste er noko vi alltid må prøva på, ikkje for å ‘vinne innpass’ i himmelen.

Fasten handlar ikkje om å vere ‘superfrom.’ “Når de fastar,” seier Jesus, “skal de ikkje vera sturne som hyklarane; for dei skaper seg til i andletet, så menneska skal sjå at dei fastar. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn. Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet, slik at menneska ser at du fastar, utan Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.” (Matt 6,16-18)

Nei, fasten handlar verken om å tekkjast Gud eller om kamp mot synd, men om å skjerpa fokuset. I fasten trappar ein ned, forenklar livet – og tek seg meir tid med Gud. Det handlar som kjent ikkje berre om å stå imot synd – noko du skal gjere uansett! – men om å kutte ut noko som ikkje nødvendigvis er dårleg i seg sjølv, men som er godt. Peter Halldorf skal ha sagt i ei fastepreike at vi kan samanlikne fasten med tynning. Vi tynner ikkje ut dårlege, men gode plantar – slik at dei skal bera meir frukt! For elles ville desse ha kjempa seg i mellom om ljos, vatn og plass. Vi må gjere det Kristus peiker på i historia om Marta og Maria; vi må ha fokuset retta mot han, mot det eine nødvendige! (Luk 10,42)

Jesus seier i Joh 15,1f: “Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. Kvar grein i meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han slik at ho skal bera mykje frukt.” Denne teksten vert ofte brukt for å illustrera at Gud reinsar bort all vår synd, og det er for så vidt sant, men eg trur at den går vidare enn det. Poenget med tynning eller skjering er ikkje at ein tek bort det som er galt, men at ein tek bort delar av sjølve greina, slik at den vert meir potent, meir kraftfull, meir fruktbar. Vingardsmannen tek bort det som hindrar vekst, det som ikkje nødvendigvis er galt i seg sjølv, men som hindrar oss i fokusere på det eine nødvendige.

Vi må prøva å forkasta alt i oss som stengjer Gud ute. Det kan vera mat, internett, fjernsyn, tv-spel, ja, faktisk studiar. Eg seier ikkje at ein ikkje skal studere. Eller bruke internett. Eller sjå på tv. Men dersom dette vert så viktig at Gud kjem på andreplass, då er det kanskje på tide å revurdere prioriteringane sine. Det vert som eit bilklistremerke eg såg ein gong. Der stod det: “Jesus is my co-pilot.” Men Jesus skal ikkje vera min medpilot. Han skal ikkje ‘vera med på lasset’ som ein eller anna fjøsnisse. Nei, han må kome fyrst.

I teksten som eg siterte frå Matteus 6 står det at Faderen “som ser i det dulde, skal løna deg.” Men kva er denne løna, kva er poenget med fasten? Peter Halldorf seier at fastens løn er “at livet igjen får sin opprinnelige renhet og enkelhet slik at mennesket kan skue Gud … og dermed se på vår neste og oss selv i kjærlighetens lys.”

Fasten handlar altså om å sjå Gud. Eg vil oppfordra de som les dette til å ta det innover dykk. La oss no i fasten skjerpa blikket mot Jesus. Dette er fasten sin bodskap, og eg trur kanskje den som best set ord på kor viktig det er å ha Gud i fokus er Augustin. Lat meg sitere frå Confessiones bok 10,27, i Hermund Slaattelid si omsetjing:

Seint har eg elska deg, du fagre, så gamal og så ny! Seint har eg elska deg! Sjå, du var i det indre og eg var utanfor. Der leita eg etter deg, og eg som sjølv var ufager, kasta meg over alt det fagre som du har skapt. Du var hjå meg, men eg var ikkje hjå deg. Dei ting som heldt meg langt borte frå deg, hadde ikkje vore til dersom dei ikkje var i deg. Du kalla og ropa og braut gjennom dauvskapen min. Du blenkte og skein og jaga blindskapen min bort. Eg drog inn angen av deg, og no stundar eg etter deg. Eg fekk kjenna smaken av deg, og no hungrar og tyrstar eg etter deg. Du har rørt ved meg, og eg loga opp i lengt etter din fred.[2]

Det Augustin har forstått er nettopp det at alle ting som kan halda oss borte frå Gud – kor gode dei enn er – ikkje hadde eksistert om det ikkje var for han. Poenget med fasten er då altså at vi gjer som Jesus sa, at vi set fokuset på dei eine nødvendige. “Søk fyrst Guds kongerike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.” (Matt 6,33). La oss be:

Herre, vår Gud, gjev du oss å ta krossen vår opp og fylgja etter Kristus, så vi kan halda rett faste slik du vil. Gjer oss uthaldande i bøna, trugne i kjærleiken og usvikelege i kampen for rettferd, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[3]

Noter:

[1] Om ingenting anna er nemnt, er alle bibelvers omsett av underteikna.

[2] Augustin, Confessiones. Omsett av Åsmund Farestveit (bok 1-9) og Hermund Slaattelid (bok 10-13). Med innleiing, merknader og etterord av Hermund Slaattelid. Oslo: Det norske samlaget, s. 234.

[3] Kollektbøn for oskeonsdag, Dnk. (Tekstane i kyrkjeåret. Oslo: Verbum 1991, s. 145) Lettare språkleg endra.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s