Når vart tempelet øydelagd?

Ja, når vart tempelet øydelagd? Eit tidspunkt som er særs vanleg å dra fram som svar på dette spørsmålet er år 70. Og dette svaret er rett, men også feil. Ja, tempelet vart plyndra, rasert og øydelagd av romarane med Hadrian i spissen i år 70. Men eg vil heller seie noko anna.

Grunnen til at eg tek opp dette, er at eg kom over ein diskusjon som tok for seg ein profeti i Daniels bok om dei sytti vekene. (Les Daniel 9) Eg siterer v. 24-27:

24 Sytti veker er fastsette
for ditt folk og din heilage by
før vondskapen har nått sitt mål,
før synda tek slutt.
Då vert skulda utstroken,
det kjem ei evig rettferd,
det profetane såg, vert stadfest,
og Det høgheilage vert salva.
25 Du skal vita og skjøna: Frå den tid det ordet gjekk ut at folket frå Jerusalem skulle førast attende og byen byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker. I 62 veker skal så byen stå der atterreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men tidene skal vera harde. 26 Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til.

Byen og heilagdomen skal øydeleggjast
av hæren åt ein fyrste som kjem.
Han skal enda sine dagar i ein flaum.
Den fastsette øydelegging
skal vara til krigen er slutt.
27 Éi veke gjer han pakta tung for mange,
midt i veka gjer han ende
på slaktoffer og grødeoffer.
På styggedoms venger
kjem det ein som herjar,
heilt til den fastsette øydelegging
strøymer ned over øydaren sjølv.

Dei 62 vekene som er nemnt er visstnok eigentleg 69, sidan det var sju veker før. Og med ‘veke’ meiner ein altså sjuårsperiodar. 69 veker vil altså vere 483 år. Men det skal vistnok vere eit hol midt mellom vekene 69 og 70, noko som personen i den nemnte diskusjonen meiner framleis held på. Han spør:

How is it that the 69th week (a seven year period) contains the crucifixion of the messiah AND the destruction of the temple which actually happened 37 years later? It is clear that there is a gap between the 69th-70th weeks. It’s been there for 2,500 years and no one noticed! Perhaps this is because some of the meaning of Daniel’s revelation has been “sealed up till the time of the end,” Dan 12:9

Sjølv er eg eigentleg litt uinteressert i den slags spekulasjon. Når eg får spørsmål om eg trur vi er i endetida, seier eg fyrst at ja, det trur eg, for endetida er all tid etter Kristi død, oppstode og himmelfart. Deretter seier eg at det er eigentleg ikkje så viktig. Enden kjem når vi minst ventar det, og vi bør ikkje spekulere for mykje i sånt.

Men no vil eg gjerne ta fram eit lite poeng her. Personen i diskusjonen sa at det måtte vere eit hol mellom veke 69 og sytti, sidan krossfestinga og oppstoda ikkje hende i same ‘veke’ (dvs. sjuårsperiode) som øydeleggjinga av tempelet. Og det kan hende han har rett i det. Men det virkar på meg som at han har som premiss at øydeleggjinga i Daniel 9 må vere den fysiske øydeleggjinga av tempelet i år 70. Kva med Kristus?

Ta t.d. Joh 2,13-22:

13 Det nærma seg no påskehøgtida til jødane, og Jesus gjekk opp til Jerusalem. 14 På tempelplassen fann han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der. 15 Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut av heilagdomen, og sauene og oksane med. Myntane til pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira, 16 og til dei som selde duer, sa han: “Få dette ut herifrå! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknadsplass!” 17 Disiplane hans hugsa at det står skrive: Brennande iver for ditt hus vil tæra meg opp!18 Då tok jødane til orde og spurde han: “Kan du visa oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?” 19 Jesus svara: “Riv ned dette tempelet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.” 20 Då sa jødane: “I førtiseks år har dei bygd på dette tempelet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?” 21 Men det tempelet han tala om, var hans eigen kropp. 22 Då han hadde stått opp frå dei døde, hugsa disiplane hans at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt. (NT05)

Eg trur at vi også kan lese Daniel sin profeti som ein profeti om Kristi liding, død og oppstode. Då Kristus døydde på krossen rivna forhenget i tempelet, og dette markerte slutten av tempelet. Kristus er no sentrum for tilbedinga; han er det nye tempelet som vart rive ned på krossen, og deretter vart reist opp att tredje dagen. Den katolske bibelteologen[1] Scott Hahn skriv:

Christ’s body is … the new temple, which is [a] typology we must consider in order to understand the liturgy of the new covenant. In symbolic language, the Gospels tell us that Jesus’ death on the cross marks the destruction of the old temple in Jerusalem and all that it stands for, especially its cult of sacrifice. Jesus goes to his death at just the time when the Passover lambs are being slaughtered in the temple, and his death is accompanied by the mysterious tearing of the great veil in the sanctuary.[2]

Det er altså ikkje utan vidare sant at Daniel sin profeti seier noko om noko ‘hol’ mellom dei to siste vekene. Då let eg Joseph Kardinal Ratzinger (no pave Benedict XVI) få ordet:

The tearing of the Temple curtain at the moment of Jesus’ death on the cross signified that this building had ceased to be the place of the encounter for God and humans in this world. From the moment of Jesus’ death, his Body, which was given up for us, is the new and true temple. The external destruction of the stone Temple in the year 70 only makes visible for all history what already happened in the death of Jesus. (…)We glorify God by letting ourselves be pulled into that act of love which was fulfilled on the cross. Glorification and covenant, worship and life become inseparably one. Jesus’ hour, which lasts until the end of time, consists in his being on the cross and drawing us to himself (John 12:32) so that we may all become “one” with him (Gal 3:28).[3]

Det viktigaste trur eg likevel er å hugse på at sjølv om vi spekulerar aldri så mykje, så skjer ting i endetida då vi minst ventar det. Det er ikkje noko vi er sett til å rekne ut.

Noter:

[1] Han arbeider både med GT og NT, spesifikt om paktsteologi. Sjå t.d. doktorgradsavhandlinga hans, Kinship by Covenant: A Canonical Approach to the Fulfillment of God’s Saving Promises.

[2] Scott Hahn, Covenant and Communion: The Biblical Theology of Pope Benedict XVI. 1st. edition. Grand Rapids, MI: Baker Brazos Press 2009, s. 165.

[3] Joseph Cardinal Ratzinger, A New Song for the Lord: Faith in Christ and Liturgy Today. Trans. by Martha M. Matesich. New York: Crossroad 1996 (orig. 1995), s. 167-168. (Sitert i: Scott Hahn, op. cit. 2009, s. 165-166)

10 comments on “Når vart tempelet øydelagd?

  1. Harald says:

    Spennende! Din kristologiske lesning av Danielsprofetien er absolutt plausibel, og lest slik er den lettere å svelge enn mye av det adventistsludderet man kan finne rundt omkring rundt denne teksten. Jeg tror likevel at det finnes en annen måte å lese profetien på som er mer i tråd med dens opprinnelige mening, nemlig at Daniel 9 (som hele resten av Daniels bok!) er en profeti om hendelsene knyttet til tempelskjendingen og Makkabeeroppstanden i 164 f.Kr. Jeg tror rett og slett at du, ved å gå med på permisset om at disse år-ukene er et slags “nedtellingsskjema” til Kristi komme (slik adventistene leser teksten), ender opp med å putte teksten inn i et skjema den ikke passer til.

    Jeg henviser til grundigere argumentasjon her.

    Men lesningen din er spennende likevel. Kanskje kan vi tenker her, som med mye annen profetlitteratur, at oppfyllelsen skjer i flere “etapper” eller “lag”?

  2. Etter å ha lese den gamle TF-diskusjonen er eg så og seie overtydd over at dette faktisk er ein profeti om Makkabearopprøret og Antoiokus IV Epifanes.

    Men eg må også seie at eg ser på Makkabearane, og kanskje spes. Juda Makkabi (og kanskje også øvstepresten som er nemnt) som typar på Kristus, som verkeleg reinsa tempelet. Så ja, eg trur denne profetien handla bokstavleg om Makkabearopprøret, og typologisk om Kristus.

  3. rootsman says:

    Harald, var du “Batman” på disse diskusjonene på TF for 3-4 år siden?

  4. Those were the days… (Heilt til sabbaten tok overhand, altså…)

  5. Harald says:

    Sabbaten, ja… Den tråden jeg lenket til er et bra case i så måte.

  6. rootsman says:

    Skjønner😉
    Jeg husker at både “Batman” og “Kmann” pleide å levere gode og gjennomtenkte innlegg som var en fornøyelse å lese for en stakkars “slappfisk” – slik at han etterhvert kunne bli en litt mer rotfestet “rootsman”.🙂

  7. Harald says:

    Det var hyggelig å lese, rootsman.🙂

  8. Harald says:

    Kjetil K: Jeg må forresten gi min eksplisitte støtte til tanken om å lese makkabeerne som typer på Kristus. Jeg er så lite vant med å omgås de deuterokanoniske bøkene at tanken egentlig ikke hadde slått meg før nå, så dette var både oppklarende og inspirerende.🙂

  9. Kanskje ein idé for påskepreika? Reinsing av templet, oppstoda…

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s