Det ævelege offeret

Her fylgjer ein lettare redigert utgåve av eit innlegg eg hadde på trykk i Dagen, torsdag 7. april d.å. (s. 3) Eg brukte nokre greske ord i teksten, skrive med latinske bokstavar. Her vil eg skrive dei med greske bokstavar, saman med med den latinifiserte formen.

______________________________

Det ævelege offeret
Innlegg i Dagen, 07.04.2011

I Dagen 4. april d.å. spør Øyvind A. Jørgensen om vi bør be «Du Guds Lam, som ber all verdsens synder» i motsetning til den «vanlege,» «Du Guds Lam, som bar all verdsens synder…» Grunnen til at han spør vil eg tru er det vedtaket som vart gjort på kyrkjemøtet i fjor haust, der ein no bestemte at ein skulle gå frå sistnemnde til fyrstnemnde. Eg vil her prøve å vise kvifor eg trur den varianten kyrkjemøtet valte er den beste.

Jørgensen viser i innlegget sitt til at vi gjennom nattverden no får del i Kristi offer, men spør om det likevel vert rett å bruke «ber» i staden for «bar.» Han dreg ikkje noko direkte konklusjon i innlegget, men heller nok mot sistnemnde når han i slutten av innlegget skriv at dei som set si tru på Kristi offer nok «vil være enige om at den grunnleggende offerhandlingen er den som skjedde på korset.» Men her må eg nok seie meg delvis ueinig.

Eit argument Jørgensen bruker er at då Johannes såg «eit lam som stod som slakta» (Op 5,6) må ordet slakta sjåast som perfektum. Han har rett i at ἐσφαγμένον [esphagménon], «slakta» (i Op 5,6.12) er i perfektum, nærare bestemt perfektum partisipp. Men her trur eg Jørgensen misforstår. For det er jo klart at slaktinga skjedde på krossen. Ingen er ueinige i det, i alle fall ikkje blant dei som bruker «ber» i staden for «bar» i Agnus Dei. Men offeret er ikkje utelukkande ei fortidshandling, men eit ævelegt offer.

Eg vil fyrst seie at det er eit viktig poeng at ordet som vert omsett med «synd» i Joh 1,29 – hamartía – også kan bety syndoffer. (Sjå 2Kor 5,21; Hebr 10,8; Hebr 13,11) Spørsmålet er difor om Kristus framleis er syndoffer for oss. Ifylgje 1Joh 2,2 er han det i denne tid. «Og han ER (gr. ἐστιν [estin]) eit sonoffer for syndene våre; ikkje for våre åleine, men også for heile verda.» (Ἐστιν er 3. pers. eintal presens indikativ.) Eg trur mi lesing av dette verset også vert støtta av Hebrearbrevet.

Der ser vi at forfattaren forklarar Kristi offer mot ein mangfaldig gamaltestamentleg bakgrunn, med eit hovudfokus på det viktigaste øvsteprestelege offeret, Yom Kippur eller Den store forsoningsdagen (3Mos 16). Der (spes. 3Mos 16,11-17) kan vi lese at forsoningsofferet hadde to hovudstadier: (1) slaktinga av dyra, som eg trur vi kan kople til krossofferet; og (2) framstillinga av offeret (representert ved blodet) i det høgheilage. Denne sjølvpresentasjonen i himmelen er ein del av det same ævelege offeret, akkurat slik som øvstepresten gjekk inn i det høgheilage med forsoningsofferet for å presentere det. «For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom laga med hender, ein kopi av den sanne, men inn i sjølve himmelen, og stig no fram andsynes Gud for vår skuld.» (Hebr 9,24)

Poenget mitt her er altså at Hebr 7,27 ikkje seier at Kristi offer berre er krossofferet, eit offer i fortid, men Kristi ævelege, einegyldige offer – dvs. Kristus sjølv. Fordi denne sjølvpresentasjonen også er ein del av det same ævelege offeret, og sidan Kristus framleis har nemninga og funksjonen øvsteprest (Hebr 7,24; 8,1-2) er han «kapabel til fullt og heilt å frelse dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever for å gå i forbøn for dei.» (Hebr 7,25) Forbøna hans – hans oppgåve som mellommann – består av at han presenterer offeret sitt – seg sjølv – for Gud til æveleg tid. (Sjå spes. Hebr 8,1-3)

Difor trur eg det vert rett å seie «Du Guds Lam, som ber all verdsens synder…»

______________________________

2 comments on “Det ævelege offeret

  1. Etter at eg skreiv dette innlegget diskuterte eg det litt med nokon eg studerer med, og ein av dei sa at han var einig med at offeret var æveleg, men at han ikkje skjønte kvifor eg ville bruke ‘ber.’ Han spurte om vi kan seie at Kristus ‘ber’ verdsens synd i dag, då det i Hebr 9,26 står at Kristus tok synda bort. “Men no, ved endetida, har han stige fram éin gong for alle for å ta bort synda ved sitt offer.”

    Altså var han einig i at offeret – som er Kristus sjølv, som gav og gjev seg sjølv for oss – var æveleg, men at han ikkje ville seie at Kristus ‘ber’ syndene no.

    Eg skjønar argumentet, og er tilbøyeleg til å vere litt einig. Men spørsmålet er altså kva som vert meint med at Kristus ‘bar’ eller ‘ber’ verdsens synder, og kva som er meint med at han tok det bort.

    Det fyrste eg vil påpeike er at det at Kristus ber syndene våre er eigentleg berre ein annan måte å seie at han er vårt syndoffer. Og dette har ikkje stogga. “Og han ER eit sonoffer for syndene våre; ikkje for våre åleine, men også for heile verda.” (1Joh 2,2) Dette må vi forkynne. Kristus er ikkje berre ein prest som ofra seg ein gong i fortid – i vår tidsrekning. Han er Lammet “som er slakta frå verda vart grunnlagd.” Hans offer er æveleg, og dette offeret står han og presenterer no.

    Vidare kan ein spørje seg kva som er meint med at Kristus ved sitt offer tek synda bort. Eg trur ikkje dette er eit argument imot ‘ber,’ eg trur faktisk det er ein argument for. For poenget i Hebr 9,26 er jo at vi får syndene tilgjevne, og teke bort, og ikkje at han ikkje ber dei lenger – som det ævelege syndoffer han er.

    Men til slutt vil eg seie at eg er tilbøyeleg til å vere einig med at ‘ber’ ikkje er best, men at ‘bar’ ikkje er best heller. Om eg fekk viljen min, ville eg – i tråd med det som faktisk står i den greske teksten til Joh 1,29 – seie “Du Guds Lam, som tek bort verdsens synder.”

  2. rootsman says:

    Jeg er enig i at de valgte det beste av de to alternativene. Jeg tror nok at fortidsformen er et resultat av den grunnleggende ideen om at Kristus ble ofret en gang for alle, som det ble gjort et stort poeng av under reformasjonen.

    Dette ble en motreaksjon til det Katolske messeofferet, i det man hevdet at man ikke skulle fortsette å ofre Kristus i hver messe – “for Han er jo oppstanden” (jeg har selv hørt dette argumentet utallige ganger uten at vedkommende har forstått noe som helst av hva messeofferet er). Denne tankegangen ble nok også en spire til å bruke det nakne korset i stedet for det tradisjonelle krusifikset.

    For DKK sier fortsatt i dag i Agnus Dei: “Guds lam, som tar bort verdens synder, miskunn deg over oss”.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s