Ein liten bakgrunn for ‘Carissimi-saka’

Eg får ofte spørsmål om kvifor homofilisaka er så viktig. I ein kommentar her på bloggen spør ‘Neivi’ om kvifor det ikkje var like dramatisk då det kom bultmannsk liberalteologi eller ‘Gelius-teolgi.’ Grunnen til det, som eg har påpeike mange gonger, er at verken den ‘bultmanske liberalteologien’ eller Einar Gelius har førd til noko endring av kyrkja si offisielle lære. (Sistenemnde vart jo faktisk oppsagt.) Men det har skjedd i homofilisaka. Difor vil eg gjerne vise til Lærenemnda si uttaling (LN 2006).

Lærenemnda bestod i 2006 (2005) av tjue personar (LN 2006, s. 136):

  1. Torleiv Austad (leiar)
  2. Turid Karlsen Seim (nestleiar)
  3. John Egil Bergem
  4. Odd Bondevik
  5. Ernst Baasland
  6. Laila Riksaasen Dahl
  7. Per-Otto Gullaksen
  8. Kjetil Hafstad
  9. Gunhild Hagesæther
  10. Ole D. Hagesæther
  11. Per Oskar Kjølaas
  12. Otto Krogseth
  13. Ole Chr. Kvarme
  14. Sevat Lappegard
  15. Øystein Larsen
  16. Torunn Laupsa
  17. Bjørn Sandvik
  18. Olav Skjevesland
  19. Finn Wagle
  20. Jostein Ådna

Eg har merkt av ti av desse med feit skrift. Desse, altså halvparten av nemnda, kom med ei uttaling (LN 2006, s. 93-99) som konkluderer med at ei evangelisk-luthersk kyrkje ikkje kan “innrette sin etikk etter interesser og ønsker som ikke har grunnlag i Skriften.” (LN 2006, s. 99) Og vidare, at dei gjennom tolkinga av dei bibelske tekstane (t.d. Lev. 18,22; 20,13; Rom 1,26-27; 1Kor 6,9 og 1Tim 1,10, jf. LN 2006, s. 95) og gjennom tolkinga av “det bibelske budskapet i lys av vitnesbyrdet om Kristus” (LN 2006, s. 99) har komme fram til “at det ikke er dekning for å si ja til homofilt samliv.” (LN 2006, s. 99)

Vidare kan vi lese at desse kom med ein uttaling der dei m.a. sa: “I dag er det i hovedsak to uforenlige syn i kirken i denne saken. Det synet vi representerer, har vi lagt fram i delkapittel 3.6. Etter vår oppfatning foreligger det ikke noen overbevisende bibelsk begrunnelse for det alternative synet. Vi kan ikke se at to uforenlige syn kan være retningsgivende for lære, ordninger og liturgi.” (LN 2006, s. 125, mi utheving)

Til slutt er dei ei særuttaling av Austad og Bondevik (LN 2006, s. 137) der ein påpeiker at at det i vigslingsliturgien for prest, kateket og diakon er lagt vekt på at ordinanden lover “å leve etter Guds hellige ord.” Ein påpeiker at dette inneber “at kristen etikk innskjerpes for dem som vigsles til en spesiell tjeneste i kirken.” Og vidare, til slutt i særuttalinga, står det: “Det er også uforenlig med vår foståelse av og forpliktelse på Skriften å vigsle, tilsette og bruke samlevende homofile i vigslede stillinger i kirken. En slik praksis vil svekke tilliten til Skriften som basis for det løftet som avlegges ved vigslingen til tjeneste i kirken.”

Det står så at den særuttalinga “tiltres av Baasland, G. Hagesæther, O. D. Hagesæther, Kvarme, Sandvik, Skjevesland og Ådna.” Altså ni av deiti personane eg har heva ut med feit skrift. Det var berre John Egil Bergem som ikkje var einig i dette. Men han var som kjent einig i at to uforeinlege syn ikkje begge kan stå til grunn for lære, ordningar og liturgi. (LN 2006, s. 125)

Vi ser altså at det i 2006 skjedde ei todeling i Lærenemnda, og at kyrkja difor er splitta – om folk vil innrømme det eller ikkje.

Kjelde: Skriftforståelse og skriftbruk med særlig henblikk på homofilisaken. Uttalelse fra Den norske kirkes lærenemnd i sak reist av Møre biskop. Oslo: Kirkerådet, Den norske kirke 2006. (LN 2006)

One comment on “Ein liten bakgrunn for ‘Carissimi-saka’

  1. […] Eg personleg vil anbefale dykk alle å lesa dette blogginnlegget: http://www.kjetilkringlebotten.com/?p=3411. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s