Framtid i Den norske kyrkja?

Har nett vore i eit Carissimi-møte, og er no meir overtydd enn før om at Den norske kyrkja (Dnk) berre kan overleve som kyrkje forplikta på evangeliet, om ho får ein alternativ tilsynsstruktur. Kanskje slik som i England med ‘flying bishops.’ Får ein ikkje til noko slikt, trur eg kyrkja kjem til å døy, og eg kan då ikkje tilrå noko anna enn at folk søkjer kyrkjefellesskapet der dei apostoliske kjenneteikna er å finne.

Dersom ein ser dette frå ein luthersk ståstad, ser vi for det fyrste at det finst ‘éi heilag, katolsk kyrkje.’ Det betyr (1) at kyrkja er éi, ikkje fleire; (2) at kyrkja er heilag, dvs. at ho er helga av Kristus, ved hans blod; (3) at kyrkja er katolsk, verdsvid, dvs. at ho held fast på det som er trudd “over alt, alltid og av alle,” for å låne Hl. Vincent av Lerin si formulering;[1] og (4) at kyrkja held fast på læra åt apostlane.

Dette vert i luthersk tradisjon vidare definert som at denne éine, heilage kyrkja er “forsamlinga av dei heilage,[2] der evangeliet vert lært reint og sakramenta forvalta rett. Og til sann einskap i kyrkja er det nok å vera samd om evangelielæra og om forvaltinga av sakramenta.”[3]

Vidare ser vi at i luthersk ekklesiologi held ein fram sju meir konkrete kjenneteikn på kyrkja:

  1. Ordet
  2. Dåpen
  3. Nattverden
  4. Nøklemakta
  5. Embetet
  6. Gudsteneste og bøn
  7. Kross og trengsle

Slik eg ser dette, finst det ikkje noko framtid for dette i Dnk, om vi ikkje får ein alternativ tilsynsstruktur. Får vi ikkje dette, er det inga framtid i Dnk.

Noter:

[1] Lat. quod ubique, quod semper, quod ab omnibus. Sjå her.

[2] Lat.: congregatio sanctorum, jf. Apostolikum sin communio sanctorum.

[3] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 48

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s