Skapingssoga: Kunnskap, visdom og fall

Eit tema som ofte kjem opp i diskusjonar omkring bibelske tema, er kva som er meint med at Gud nekta mennesket å ete av ‘kunnskapens tre.’ Dette er eit tema eg i det siste har tenkt litt på, og eg vil skrive litt om dette her.

Det fyrste som er viktig å påpeike er at Bibelen ikkje brukar termen ‘kunnskapens tre.’ Dette er ein forkorting som kanskje var meint å gjere det enklare å snakke om dette utan å gå altfor mykje i detalj, omlag som korte, men likevel innhaldsmetta og tunge akademiske termar. Problemet er at sidan bibelkunnskapane har vorte mindre, så har denne termen vorte misforstått. For det står ikkje ‘kunnskapens tre,’ men ‘treet som gjev kunnskap om godt og vondt.’ Og denne distinksjonen er særs viktig. Den greske filosofen Aristoteles påpeika at det finst eit kunnskapshierarki, dvs. at ein type kunnskap kan vere viktigare enn ein annan.

Dette hierarkiet var tredelt. Aristoteles meinte at det er hovudsakleg tre grunnar til å søkje kunnskap, og at den fyrste er ei føresetnad for den andre, som er ein føresetnad for den tredje. Desse er: (1) Kunnskap om sanninga for sanninga si eiga skuld, dvs. visdom. (2) Kunnskap om godt og vondt, dvs. etisk og moralsk kunnskap. (3) Kunnskap om korleis ein kan endre verda rundt seg, dvs. teknisk kunnskap, kultivering.

I soga i Genesis 1-3 står det at Gud “planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt. Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt.” (Gen 2,8-9) Seinare står det at Gud sa: “Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.” (Gen 2,16-17)

Det som er viktig å sjå her, er at Gud ikkje nekta mennesket å ete av livsens tre, berre treet som gjev kunnskap om godt og vondt. Men kva er så dette ‘livsens tre’? I Ord 3,18 står det at visdomen “er eit livsens tre for alle som grip han, sæle er dei som held fast på han.” Å ete av livsens tre ville altså vere å få del i visdom – i kunnskapen om sanninga for sanninga si eiga skuld. Men å ete av treet som gjev kunnskap om godt og vondt ville berre gje mennesket etisk kunnskap.

Spørsmålet vert så: Kvifor er det så farleg at mennesket åt av det treet? Jo, poenget ligg nettopp i at dei ikkje åt av livsens tre – dei søkte etisk kunnskap utan visdom. All etikk har sin bakgrunn i sanning, vi handlar alltid med bakgrunn i dei kunnskapane vi har om det som er sant. Vi hjelper heimlause fordi vi veit at folk har rett på ein viss verd, at folk kan svelte eller fryse i hjel, etc.

Poenget er at mennesket ville ha etikk utan Gud, at mennesket sjølv ville bestemme kva som er rett og galt. Det er også interessant at der norske omsetjingar skriv at ormen var ‘listigare’ enn andre dyr (Gen 3,1) er det enkelte engelskspråklege omsetjingar, mellom anna ESV som skriv at han var “more crafty than any other beast…” Uttrykket ‘craft’ betyr handtverk, og på gresk er dette tekne.

Poenget er at moralen må alltid bygge på noko, den kan ikkje stå for seg sjølv. Men då kjem vi til eit anna problem. Kvifor nekta Gud mennesket å eta av livsens tre etter syndefallet (Gen 3,22)? Eg trur ikkje dette er så rart om vi ser på Aristoteles sitt hierarki. Enkelte her er sikkert ueinige med meg i dette, men eg ser ikkje på historia som ein fotografisk dokumkentar, men som ei soge. Trea er her symbol på den haldninga mennesket har overfor sanninga og overfor Gud. Eg trur at om mennesket hadde ete av livsens tre etter fallet, ville ein snudd alt oppned, og ikkje fylgt sanninga, men brukt den til eigen vinning.

Moral skal bygge på innsikt og visdom. Dette står det meir om i Hebr 5,14 der det står om ‘fast føde,’ som eg tolker som ein meir djup kunnskap om godt og vondt som vi får etter at vi har lært sanninga å kjenne. “Men fast føde,” står det, “er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.” Men dersom vi ikkje vil det, så vil dette føre til at vi snur hierarkiet opp ned, slik at moralen blir bestemt ut frå teknikk istaden. Og resultatet ser vi i etikse teoriar som utilitarismen og i system der folk blir sortert etter kor produktive dei er. Soga i Genesis handlar ikkje om ein Gud som ‘nekta’ folk å tilegne seg kunnskap om godt og vondt, men om ein Gud som viser kor viktig det er å fyrst ha kunnskap om sanninga. Utan rett innsikt i sanninga vil moralen vere gal, og utan rett moral så vil ikkje det vi gjer med verda rundt oss vere bra. Og denne oppned-haldninga ville ført til fortaping. Eg trur Peter Kreeft seier det best:

The harmony is hierarchical, not egalitarian. When World follows Man, when within Man Body follows Soul, when within Soul Appetites follow Will and Will follows Reason (Wisdom), we have justice. When the hierarchy is inverted, we have injustice. Will leading Reason is rationalization and propaganda; Appetites leading Will is greed; Body leading Soul is animalism; World leading Man is unfreedom.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s